29 juni 2006

Ut på tur aldri sur:)

Yes;p Dag fire kom snikandes stille å roli, med eit kjempe fint vær og eit vangleg trøtt morgonmøte. Gruppemøte gjekk jo så ei kula;) hehe:p Og Håvard har oppdaga mykje ny god musikk;) Me starta på eit miniprosjekt i dag, om Nærøy fjorden og Aurland. Gruppene skulle finne mykje info. og prøve å bruke den så godt me kunne til å lage mange vanskelege spørsmål til forfattaren Gry Mørk. Rett før lunch tøffa me alle opp på Otternes gard i den drit kule Littkrit bussen vår:) Så oppe på Otternes sat me og åt maten vår i vakker bonderomantikk omgivnad;p Eg har aldri vert der før, men var no ein koseleg liten plass. Etter at me hadde vert på ein kort omvisnings runde og eg og Kjell hadde sett verdens kulaste tinnsoldatbilde, sat me å høyrde på at Gry Mørk prata om korleis det er å skrive fagbøker. Ho hadde mykje kunnsakp, og hadde dekka det meste av det me lurte på, så når me kom til den delen der me skulle spørje ho alle dei supre spørsmåla våre, var det berre to igjen, for ho hadde jo allereie fortalt om alt me lurte på. Det har vert ein knall dag og Bjørnar leve enda, sjølv om ein skulle tru at han hadde daua av allergien sin:)

Ingen kommentarer: