i dag starta me med morgenmøte, som vanleg, so klart!
so begynte me å skrive spørsmål til gry mørk, sidan me skulle opp på otternes og høyre på ho prate om den nye boka ho skal skrive om nærøyfjorden og andre plassar i aurland.. gruppa kom fram til elleve spørsmål.. særs bra syns eg!
turen opp til otternes var veldig flott og givande! og med dj promo på mp3-spelaren, var alt berre velstand=D mhm.. :)
når me kom opp sette me oss ned på ein stein og åt lunsjen vår ute i det nydelege vêret! deretter fekk me omvisning på gardstunet, før me sette oss ned på graset for å høyre på gry mørk, som sagt..
ho byrja med å fortelje om seg sjølv, kvifor ho ville skrive boka, og at ho hadde flytta til gudvangen fordi ho hadde forelska seg i plassen etter å ha vore der på vikingmarknad.. me var der i tre timar, og ho hadde besvart omtrent alle spørsmåla våre før me i det heile tatt fekk byrja stille dei.. men var no både givande og interessant å høyre på! sjølv om det var litt vondt å sitje på bakken so lenge so me gjorde.. men elles, kjekk og kosleg dag til tross for edderkoppar og hard bakke..
29 juni 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar