28 juni 2006

titelen var vanskli men me får vere litt orginale og ta Dag 3

dagen starta med att eg nesten sovna på det vanlege morgonmøte *gjesp*
men etter kvart som me kom i gang med andre ting så vakna eg og.
På planen i dag så sto det at me skulle jobba med Boka "Tyl", så då måtte me det. Me skal skrive ei Bokmelding på ja 10 sider er vel bra, som Petter sa. tvilar på att vår bokmelding blir 10 sider men kan jo hende.... time will show

Ellers i dag så hadde me ein lang og morosam lunsj der latter musklane skulle få arbeide litt.
men den varte ikkje lenge før det igjenn var tid for arbeid. no skulle me finne på spørsmål til Finn Tokvam, som eigentleg kanskje skulle komme på besøk til oss. Men som den "tyl" han er så kjem han ikkje. Men kanskje eitt nett itervju kan komme i stand????

til slutt hadde Petter eit laaannngggt foredrag om bibliotek og kilder og slik. Det eg blei mest imponert over er kor mykje den mannen kan prate........ helit utruli!!!!!!

for dei som ikkje er i Aurland så kan det rapporterast om nydle vær store delar av dagen.

til slutt så kan eg vel seia på alles vegne at men trivst på Littkrit, og gler oss til ein ny dag med lesing og skriving på NYNORSK!!!!!!!!! me kom i sogn avis i dag, så den må de lesa.

1 kommentar:

Anonym sa...

herrrle tittel