31 mai 2006

Posing is hard!



Puh. Litt over halvveges i intervjua - utruleg masse flotte ungdommar som har søkt! Innimellom intervjua gjorde eg nokre forsøk på å posera på nokre fengande bilete. Posera på ein 'LITTKRIT-måte' ...Det blei eigentleg berre teit... Eg skjønar no at posering er ein kunst. Men eg flyg ikkje berre rundt og poserar og gjer intervjuar om dagen. I går var eg i kontakt med vår samarbeidspartnar Det Norske Samlaget, og no veit me at Finn Tokvam kjem på besøk til oss under LITTKRIT! Kanskje Olaug Nilssen kjem også, me ventar i spenning!
Olaug Nilssen er ein av dei mest spanande norske forfattarane om dagen, og det vil vera midt i blinken å få ho til LITTKRIT, for me er jo det mest spanande litteraturprosjektet om dagen! Olaug Nilssen er forrestan ein kjent bloggar.

30 mai 2006

LITTKRIT 2006@aurland, sognogfjordane


Intervjurundane har no starta. Til slutt skal me sitje att med 12 ungdommar som skal ha sommarjobb som litteraturkritikar hjå oss i sommar. 'Oss' er Petter og Anita som arbeidar på Kunnskapstunet som ligg i Aurland kommune.