26 juni 2006

Første dag til ende

Etter å ha testa ut ’appelsinleiken’ – en leik eg lærte frå ein elev på KAOSPILOT-skulen i Danmark blei LITTKRIT’arane satt på si første felles oppgåve. Korleis få ei appelsin til å vera innom alle sine hender på kortast mogleg tid? Det byrja med lusne 8 sekunder – ei tid som blei dividert med 10 etter at LK’ane byrja å samarbeide. Åtte tidelar på å sende ein appelsin mellom 24 hender! Men det er jo ikkje appelsinar me skal arbeide mest med denne veka, så etter ei tradisjonell bli-kjend runde er me no i gong me å lesa. Me har byrja på boka ’Tyl’ av Finn Tokvam.
Etter ein del lesing, besøk av Sogn avis, og ein fin debatt om fred i verden og slikt i lunsjen gjekk me ned til ein plenums-dialog om 'kva skal me gjera LITTKRIT til' . Etter dette fekk me ordna alle inn på denna bloggen slik at alle kan publisera det dei måtte ynskje. Eg trøbla i kjent stil med litt av det tekniske, men me kom i mål! No gler eg meg masse til dagane vidare med LITTKRIT-gjengen!

Ingen kommentarer: