26 juni 2006

Hai! No var eg óg klar, du! Første dag...

Ja, kva kan eg seie? Eg var utruleg nervøs tidlegare i dag for å komma på jobb, min første jobb.... Og dette er berre ein sommarjobb for å toppa det heile. Men med ein gong eg sette foten ned framfor døra til biblioteket i Aurland, følte eg ein slags etterlengta ro inni meg. Kanskje det var på grunn av dei levande skarpe fargane på søylene inne på biblioteket, eller kanskje fordi eg kom tjue minuttar for tidleg. Få folk var det iallfall i byrjinga, men så er me berre tolv i alt.

Under dei første timane var alle stille som mus, ein pinleg taushet for leiarane for LittKrit-prosjektet var det sikkert. Men etter kvart som me løyste opp vart det meir livlegt, spesielt medan eg skriver denne første bloggen min. Eg skal innrømma at eg framleis er litt usikker på kva som skal skje dei neste dagane, særleg anngåande skrivinga - men eg er heilt sikker på at alle som har med prosjektet å gjera føler det samme. Ingen har gjort noko slikt før, me er dei første. Det kriblar nesten inni meg berre tanken på det åleine.

Etter berre eit kvarter fann eg ut at eg måtte vera den eldste av søkjarane, og eg veit ikkje heilt kva eg skal seie til det. Eg føler nesten at det vert forventa litt ekstra frå meg kanskje, som ein av dei "erfarne?" Det kan eg berre fundera på, men innsats må me alle gje. Hittil i dag har me vorte meir kjende med kvarandre, først av alt samla me i ein ring for å senda ein appelsin rundt til den som skulle seie namnet sitt. Det vart litt interessant då leiaren Petter fann ut at me måtte senda appelsinen så fort som mogleg, det løyste litt på den tidlegare spenninga.

Etter omvisninga fekk me utdelt fem bøker kvar frå Samlaget, og den første dei fleste byrja på var "Tyl" skriven av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Eg har ikkje komen så langt enno, men eg likar boka veldig mykje allereie. Me har brukt mykje av tida vår på å lesa i dag, nokre vart intervjua av lokalavisa trur eg, og no driver me med den digitale delen av prosjektet. Eg byrjar å føle at dette kan gå greitt for dei involverte under dei neste to vekene.

Ingen kommentarer: