30 juni 2006

Fyrste veka gjekk som ein draum:)

Då me kom i dag viste me godt kva me skulle. I dag skulle me levera teksten om boka Tyl. Då me starta arbeidet var me komen halveges allereie, fordi me har jobba med denne teksten sidan onsdag. Alt det som var igjen å skrive, har me brukt dei siste dagane å tenka på. Så me berre sette i gang og det gjekk kjempebra. Etter mykje arbeid med teksten var me fornøgde, og då var teksten akkurat slik me ville ha han.

I dag då me har arbeida, har me vert ute i sola. Sidan været var så fint satt me ute, og det var godt å ha frisk luft og sol heile dagen. Etter at me var ferdige med bokmeldinga, las eg i ei bok som heiter ”få meg på, for faen.”

Sluttdelen av dagen så har me vert inne og sett på nokre kortfilmar, og så fekk me muffins, kjeks og kake. Dette var ein god avslutning på dagen.

Veldig god dag, med mykje skrivearbeid som var bra, slik at det ikkje berre blei lesing.

:)

Endelig Fredag:P

Då var denna veka over, me på LittKrit har hatt ein litt hektisk dag sia me måtte bli ferdig med bokmeldingen. Og etter mykje jobbing og livleg diskusjon vart gruppa ferdig, me meinar den vart kjempe bra, alle fekk med meiningane sine om boka. Eg og Kjell vart kanskje litt nervøse siden den bare var på 1 side i begynnelsen, men når me først fekk opp dampen vart den så lang at det spørst om noken gidde å lese den eingong.

Dagen i seg sjølv begynnte med det alltid så livlege morgensmøtet, etterpå gjekk me sammen i gruppene og starta å skriva. Denne skrivinga blir til tider litt kjedelig i lengden, men med noke 5min pausar innimellom, blir det alltids bra.

Etter pausen var det igjen på med skrivinga, og etter ein times tid vart me ferdig og fornøyd med arbeidet. Og me tok igang me lesinga, har lest på boka Få meg på, for faen av Olaug Nilsen. denne boka syns eg er i det sjukaste laget men me får sjå.

I 3 tiden jaga Anita oss inn på rommet, for å sjå noken kortfilma, me såg Solvorn som nok var den nest kjedligaste filmen eg noken gong i historien har sett berre slått av The Aviator (ZzZzZzZzZzZzZzZz). Og ein annar kortfilm som var laga av Harald Zwart, denne derimot var ganske morosam, noke eg trur resten av gjengen syns og. Me fekk og muffins og kjeks av Anita,:D

No er det helg

i dag har med jobba med boka tyl.jobba i grupper og skulle bli ferdig med å jobbe med tyl va vi syntes om boka og om forfattaren korleis han skreiv. Eg syntes boka var passeleg vanskeleg men den var grei. Me har lest og sett to kortfilmar - gull og grønne skoger og ein film om Solvorn. Skriv blogg og skal snart heim. No er det helg jippi jippi jippi !!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

ferdige med "tyl" ja..

ok.. so i dag jobba me i grupper for å bli ferdige med "tyl"..
me skulle skrive ei bokmelding/analyse som vetle har lagt ut på bloggen.. gruppa mi klarte to sider, noko eg syns var bra, mene, blei litt sånn "åij", når eg fekk høyra kor langt dei andre hadde klart å skrive! jeuf..

me dreiv for det meste med dette heile dagen, fram til lunsj og etter lunsj.. blei masse prating om musikk i lunsjen, sjølv om alle ikkje var heilt einige om kva som er bra og ikkje..

sette oss til å lese når me var ferdige med analysen/bokmeldinga, før me skulle inn å sjå to kortfilmar ("gull og grønne skoger" og "solvorn").. muffins å kaffi fekk me og.. koseleg det:)

so, no er det slutten på veka!! hehe=D og i neste veke skal me byrja på ei ny bok:)
\m/:P

Bokmelding av gruppe 1


Bokmelding av boka Tyl, skriven av Finn Tokvam!

Bygdeglasnost
I ei lita bygd som eg bur i
Veit alle alt
Dei ikkje skal vita

Men viss eg spør om dei veit
Det dei veit
Som dei ikkje skal vita

Veit dei ikkje det

Og seinare veit alle
At eg spurde om dei visste
Det dei veit
Som dei ikkje skal vita
Men som dei veit

Dette dikte er innleiinga av boka TYL. Diktet fortel eigentleg ganske mykje om det som er skrive i boka. Fortel om korleis det er å bu i eit lite bygdesamfunn, og alt sladderte som er der. Dikte syner korleis ei fjør kan bli til fem høns.

Handling:
Handlinga byrjar med at Ove Ullkvam er på Logen bar med bestekompisen Ragnar Mårtensson. Då han sitte på baren med Ragnar så byrjar han å sjå tilbake på livet sitt.

Ove tenker heilt tilbake til Gymnaset. Der hadde han vore kjærast med den vakraste av alle jentene, nemleg Cecilie. Ho hadde sett Ove, den sjenerte og nervøse som var kjempe forelska i ho. Dei hadde vore saman lenge, og hadde mange planar for livet. Dei skulle saman flytte til Bergen for å studere, men då den tid kom, reiste ikkje Ove med Cecilie. Han blei verande for å jobbe på nærbutikken i den vesle heimbygda.

Tida gjekk fort og snart vart det slutt på knulling under plommetrea og båtturar. Ove hadde slutta å jobbe i nærbutikken og blei ein svært nervøs og usikker postmann. Dette bestemte Ragnar kameraten til Ove seg for å forandre på. Så i fylla skriv Ove og Ragnar ein avtale som forandrar alt. Ein avtale som skal hjelpa Ove til å finna seg sjølv. Men Ove finn også mykje anna. Blant anna den store kjærleiken.

Avtalen lyder:
Avtale mellom Ove Ullkvam (frå no av kalla Den Diffuse Postmann) og Ragnar Mårtensson (frå no av kalla Den Direkte Sakføraren). Dei neste fjorten dagane skal Den Diffuse Postmannen i størst mogleg grad vera seg sjølv. Han skal seie det han meiner, sjølv om dette ikkje alltid kjennest så himla lurt. Den Diffuse Postmannen skal gjera det han har lyst til. Han skal slutte med dill og dall i omgang med personar han møter på ruta si og elles i desse dagane. Møter han for eksempel nokon han meiner er eit svin, seier han det til dei, så dei slepp å leva i uvissa. Han skal ikkje gå i vegen for ein god krangel, og stå på krava i det lengste. Den Diffuse Postmann treng ikkje vera usakleg og ufin i utrengsmål. Men skal til ei kvar tid stille seg spørsmål: kva vil eg? Den Direkte Sakføraren skal føra sitt liv som vanleg. Då dette på alle vis alt held mål i massevis. Dei to skal i samrøre avgjera om punkta i avtalen er oppfylgde etter desse fjorten dagane. Er dei det, vankar det heider og gratis hotellrom på vossajazz (med badekar) for Den Diffuse Postmann. Bryt Den Diffuse Postmannen avtalen, lyt han betala bar rekninga til Den Direkte Sakføraren (Max 70 alkoholeinigar). Denne avtalen gjeld same kva dei to partane seinare måtte hevda i edru tilstand.

Ove Ullkvam

Ragnar Mårtensson

Seinare i boka handlar det mykje om korleis Ove skal leva livet sitt. Han reiste på vossajazz med Ragnar, og der møtte han ei jente som heitte Sara. Ho kom frå Oslo og var sjukepleiar. Han var som vanleg veldig redd og nervøs. Dermed tok det litt tid før han fekk kontakt med ho. Då han fyst fekk kontakt, slo det gnistar mellom dei med ein gong. Ove tok Sara med på hotellrommet, og der utvikla vinen seg til sex.

Ove inviterte ho heim til heimbygda si og i månadane framover møttes dei kvar helg. Då Sara kom var dei ofte hjå Ragnar og drakk, gjekk turar og hadde utfluktar. Ho møtte foreldra til Ove, men Ove møtte aldri foreldra til Sara. Lenge var forholdet som ein draum, men plutseleg forandra Sara meining. Så det blir slutt mellom Ove og Sara, noko som Ove tar veldig tungt, men etterkvart kjem han seg over tapet og bestemmer seg for å klare seg vidare.

Romanen strekkjer seg over eit tidsrom på om lag eitt og eit halvt år. Der Ove Følgjer opp avtalen som han og Ragnar skreiv i fylla. I byrjinga har han ikkje lyst til å følgja avtalen, men då han først er i gong og kjenner kjensla av korleis det er å vere sikker og bestemt, oppnår han resultat. Så han og Ragnar reiser på Vossajazz. Boka syner korleis Ove lever meir og meir opp til avtalen, og blir til slutt ein så sikker mann, at den forandrar heile livet hans. Det endar med at med at Ove innser at han burde gjort det han helst ville for lenge sidan. Det var å reise til Bergen for å studere. Han seier opp jobben sin og flyttar til Bergen.

Forfattarar
Halvor Folgerø og Finn Tokvam debuterer med denne sorgmuntre og humoristiske forteljinga om vennskap, kjærleik, sakn, Charlie Parker og Olav Stedje.

Halvor Folgerø
Halvor Folgerø (f. 1967), oppvaksen på Stord, bur i Bergen, der han arbeider som journalist i NRK, m.a. har han vore programleiar for "Mediemenerne". Han har arbeidd med humor i programposten "Radio Røynda". Jobbar ved sida av som musikar, m.a. som bassist i gruppa Aftenlandet, og fagottist i populærorkesteret Finn-Erix.

Halvor Folgerø.

Finn Tokvam (f. 1972) kjem frå Flåm. Busett i Bergen. Arbeider som journalist i NRK. Har også arbeidd med humor i programposten "Radio Røynda" og som spaltist i Bergens Tidende. Han er vokalist i populærorkesteret Finn Erix.

Finn Tokvam.

Skildringar :

Ove: Ove Ullkvam bur i ei lita byd på Vestlandet. Han er lei av det rutineprega livet sitt som postmann, og fyller dagane med musikken til Charlie Parker. Han er tretti år, ikkje serleg sterk eller vakker og litt rund i kantane. Han er lettpåverkeleg og har dårleg dametekke. Ove er nervøs og har ingen ryggrad. Men etter kvart fekk Ove meir ryggrad seinare.

Ragnar: Ragnar er kompisen til Ove. Han er meir enn normalt inspirert av artisten Olav Stedje. Han er meir frampå og slaskete, litt ”harry” og har godt dametekke. Han er kynisk, men har inga medkjensle. Ragnar likar Olav Stedje så godt at han til og med lagar dikt om han. Her er nokre av dikta frå Olav Stedje antologien:

Olav Stedje får ein god ide på julebordet til sunnhordalandsforfattarane
Eg tek
Den fyrste song
Ein gong til

Olav Stedje konkluderer
Jenter
Er
Godt påkome

Olav Stedje på badet
Det er
Tjuetredje
Oktober
Nittensyttisju
Det er
Golvkaldt
Viss eg ikkje
Barberer meg no
Får eg bart
Det vert nok verre
Å eta hamburgar med dressing
Men damene vil koma
An mass
Det er
Tjuetredje
Oktober
Nittensyttisju
Det er
Golv kaldt
Eg får bart

Olav Stedje gjer seg tankar i 1985
No har det
Gått bra
Ei stund

Sara: Er Ove sin kjærast, ho er omtenksam og sjarmerande, men ein kan få mistanke om at ho pånsker på noko. Ho er sjukepleiar og bur i Oslo.

Miljø: Handlinga går føre seg i ei lita bygd. Me blir sett inn i eit bygdesamfunn, der alle kjenner alle, og alle veit alt om alle. Dei har i alle fall lyst til å vite alt om alle! I eit bygde samfunn er det alltid noko klassiske personar, og i boka Tyl tykkjer me at skildringa av desse personane fram. Hjørdis, Paulsen, foreldra til Ove, den synske hunden til Ove og Kåre og Konrad, er nokre døme på klassiske personar som er i eit bygdesamfunn.

Våre morosame utdrag frå boka:

”Ragnar var ein tyl og ein intelligent tosk.”

”Malla Hoff var enke. Den einaste kontakta ho hadde med omverda var legen og meg. Og eg fungerte som ufrivillig støttekontakt. Ho var alltid sjuk. Og det handla ofte om urin. Blod i urinen, sukker i urinen, urinvegsinfeksjon og blærekatarr. Det var difor eg gav ho kallenamnet Mige-Malla. I tillegg til å måtte høyra på sytinga hennar var det blitt min jobb å frakte urinprøvane hennar inn til legekontoret. Små lunkne flasker med piss. Ho hadde ingen andre. Ingen som kunne køyra ho. Malla stod klar med nye prøvar. Og eg plasserte dei forsiktig i framsetet og køyrde vidare. Eg måtte alltid sjå kva slags flasketype Mige-Malla brukte. Lenge hadde ho levert prøvane på små brune apotekflasker. Så hadde ho byrja å variera. Det kom tomatpuré og syltetøy glas. Ein dag låg ein HA-PÅ-boks i posen. Smekkfull med piss. Boksen var ikkje skikkeleg reingjord. Brune, små flak flaut ikring i den gule væska. Eg rista boksen, og då løyste partiklane seg opp. Prøven fekk ein mørkare farge. Ei anna gong hadde ho sendt med ei vademecumflaske. ”

”Onkel Odd elska korpsmusikk. Han retta sitt innetter Korpshalvtimen. På med radioen kvar laurdag. Korps og kaffi, heilt til sist sekund. Han blei funnen i skogen bak huset sitt, med den vesle raude radioen på fullt. Hjartet hans stoppa under eit program om prøyssarmarsjar. Taktfast hadde han marsjert ut av livet til tonar frå eit prislønt engelsk hornorkester.

”- Kvifor heiter katten din Stalin? Sa eg.
- Fordi han er ein god helvet, sa Konrad.”

Konklusjon:
Boka inneheld morosame vitsar og ironiske kommentarar som gjer boka underhaldande og ein vil lese meir. Det som øydeleg boka er hunden til Ove som kan ”prate”, og det drar ned kvaliteten. Det er fine skildringar av personane og eit lite lokalmiljø, som gir gode bilete. Alle på gruppa likte boka, men det var visse ting som trakk ned. Me tykkjer det kunne ha vore ein spenningskurve, med til dømes eit eller fleire høgdepunkt. Det er ikkje noko klimaks. Det var litt lite som skjedde, boka var litt rett fram, men på grunn av morsomheitane vert boka kjekk å lese.

Skriven av Kristen Tokvam, Marthe Selås Olsen, Kent Andre Hagan Sagerud og Håvard Andresen.

Jippi, HELG:)

Siste dagen før helga:) Det er knall sol ute, og ingen burde vere på jobb
for å skrive bokmelding. Alle bured ligge heime å daffe, og reise å bade:)
Men som dei freshe og spreke ungdomane me er, stiller me så klart opp
på jobb og høyrer på det vakkre morgon møtet til petter:)
Dagen i dag har gått med til å skrive bok melding:) Vår bokmelding om Tyl blei
på fire sider. Det har eigentleg berre vore ein kjempe fin og koseleg dag.
Me har sutte ute å jobba, og anita hadde laga Muffins til oss:)
Dei va kjempe gode, med Sjokolade på toppen:)
Me har sett to kort filme, ein morsom, og ein bildefilm frå Solvoren.
Sjølv om det har vert ei kjekk veke, trur eg dei fleste tykkjer det skal bli godt med helg:)
See you next week;) We will be back;)

dag 5

i dag starta me so vanleg med morgon måte. etter det gjekk me på gruppene og byrja atbeide med å anylysera boka Tyl. arbeiet i gruppa ver bra me kom fortt i gang og blei fort ferdige. arbeide vart på ca. to sider. eg er fornøygd. me fan ut at bokka er god og morro. og passar til dei fleste over 15 år og oppover. nor me var ferdige gjekk me ut og begynte på boka for neste veke.

kl. 3 roppte Anita oss inn, ho hadde laga mufins og kokt faffi. så såg me to kort filmar "Gul og grøne skogar" og "Solvorn" eg likte den fyrste best.

dagen i dag har fore fin, ute har det vore strolande sol og ikkje ei kjy på himelen.
eg synest heile oppleget er ganske bra og posetivt. det er ein heilt ny måtte å jobbe på samtidig som me tenar pengar. om eg hade hatt kjangsen hadde eg vilja jobbe ei veke til. eg synest at fleire komunar kune ha prøvd eit slikt oppleg. det er bode spenandes og lererikt. og eg med lesevanskar kan slå fast at det ikkje er eit problem i ein slik jobb. eg likar jobben min godt og trivest med eit slikt oppleg, det er veldi posetivt og ha ein slik jobb. alle her er blie og snille og det hjer arbeids dagane morroe og fine. so langt har eg ikkje grua meg til ein dag.

eg gledar meg alle rede til måndag.

fortsetelse føler på mandag!

Avslappande dag <3

I dag har me avslutta me arbeidet med vår analyse, eller tolkning om du vil, av boka "Tyl". Gruppa mi blei ferdig med hoveddelen av teksten relativt tidleg, så me prøvde å få til ei bra avslutning. Det blei så det blei, kanskje litt personleg, men det er jo vel og bra!

Gruppe 3 sin tekst, gruppa mi, er lagt ut av Vetle her på bloggen, vår leiar =P

Det har vore kjempefint vêr, sjølv om me kanskje ikkje har fått nyte det så mykje i og med at vår gruppe satt inne og prøvde å fokusera på å bli ferdig med analysen. Men etter at me blei heilt ferdige med den, så satt me ute og las, til me blei ropt inn for å sjå to kortfilmar. Me så "Gull og grønne skoger" og "Solvorn". Det var jo kjekt. Eit lite avbrekk frå jobbinga mottas oftast med eit smil :)

Alt i alt har det vore ein kjekk dag, monge koselege diskusjonar om "Tyl", og litt andre ting ein sjelden gong, blant anna i lunsjen.

Jappz <3

Fredag jupp fredag

Vel gjort ferdig Tyl analysen. Alt har gått knirke fritt mede sammarbeid i gruppa så der er det ingenting å klage på. Analysen blei bra syns eg, den er fult av sitat å to-tre bilder men men det har vært ei bra veke merkeleg nok ingenting å klage på 8l. Vel Littkrit har vært ein positiv hendelse for meg.

Kristen Tokvam 8)

Femte dag, og me har resultatar!

Der var hardt arbeid å halda tritt med alt som foregjekk denne veka, og ekstra vrient var det å laga ei bokmelding som faktisk var langt! Men det gjekk - no kan de lesa vår bokmelding om "Tyl", eg trur at det var Are som skulle publisera han på nett. Me har grubmla og lest, sitert og vurdert, og det vart fire gode sider om Ove Ullkvam og resten av folka og slikt. Det skal verta godt å få tilbake pusten att.

Men i andre nyhende, så vart eg ferdig med "Som ein engel" skrive av Atle Hansen - han handla om ei jente som vart funne død i vatnet nær brygga, det er hovudpersonane Tore og Tommi på 16 år som finn ho, og gjennom forteljinga prøvar dei å oppklara mordmysteriet. Den boka er meir vanskeleg å lesa enn "Tyl" var på grunn av måten teksten var bygd opp på. Setningane vart sinnsjukt lange, eg har fått med meg at det kan gå heilt til ei side langt setning! Da betyr at det må ha vore godt over tjue kommateikn i den setningen.. I byrjinga var ikkje dette positivt, men etter kvart vert ein vant med det og ser på det som ein metode å skapa eit heseblesande effekt, til dømes når det går rundt i hovudet for hovudpersonen Tore. Eit godt døme på ein slik situasjon er når Tore ser tilbake i fortida, då han vart lokka av den avdøde Brit.

Boka vert fort forvirrande dersom ein ikkje følgjer med, så han egnar seg best for folk som ikkje er så redde for å møta på veggar med setningar (eller setningen, kanskje?). Boka har innslag av erotikk mellom ungdommar, men det gjer ikkje så mykje - dei delane var godt beskrivne, ikkje for tullete men med kjensler.

Dette vart ikkje ein fullstendig bokmelding for "Som ein engel" fordi det vart ikkje nok tid under blogginga. Men målet var no å uttrykka mi meining, så det gjer vel ikkje så mykje.

Seinare i dag skal eg ringa til lokalavisa frå mi eiga bygd, avisa heiter Samningen (bur i Samnanger att med Bergen) - eg vart vist kontakta på mobilen av dei i dag for dei ønskte å intervjua meg over telefonlinja, men eg er ikkje ein person som tullar med mobilen når eg er på jobb!! Hehe.... Dei er vel irriterte av å venta på svar no.

Oh well, no tek eg fatt i ei velfortjent helg! Det er gøy å jobba med LittKrit, men det er gøy å få slappa av også. :3 Ciao!

blogger

i dag har vi avsluta arbeide med tyl og skrevet va vi sunes om boka også har vi lest litt og til slutt i dag så vi film

så var den første veka ferdig :D

dagen i dag byrja me med det siste morgonmøte denne veka og det er jo berre NICE :D
den neste veka kjem det nok til å bli litt meir stress i enn denne i og med at det går vekk litt tid til press og forfattar besøk mm. For oss som har byrja å lese Olaug Nilsen si bok "få meg på for faen" så har me byrja å tenke ut nokre spørsmål til ho kjem på besøk, og då er det spesielt håvard som har styrt med det, så det kan bli morosamt :P hehe

Men for å oppsumere veka litt kort så kan eg vel seie det at me har hatt nok å gjere på. men meir skal det bli i følge planen vår. Me har jo og hatt det veldi moro og då.
Det har og vært veldig spennadndes veke, dette er jo det fyrste prosjeket av denne typen så me kan jo seia at me er heldige som får vera med på dette, så langt så har det vore spennades, lærerikt, morosamt og nytt. For å vere litt personleg så har eg faktisk fått litt ut va dette prosjeket sjølv og!! eg har nemleg for betra nynorsk skriving mi KRAFTIG den siste veka. Så læraren min kjem til å få seg ein overaskelse når eg kjem tilbake på skulen.

men for å gå tilbake til dagen i dag så har den for det meste gått ut på å avslutte arbeidet med "tyl" som er som kjent skreven av Flåm sin store son, Finn Tokvam (seier litt om Flåm når dei har Finn tokvam som sin store son :P) Kan vel nemne at Halvor Folgerø har hatt ein penn med i boka....
for folk som har tenkt å lese bokmeldinga vår så må dei ikkje miste mot av at den er veldig laaaannnngggg, de må jo hugse på at innhalde er kjempe messig.

men nå har eg ikkje meir tid til å blogge så nå må eg avslutte.
eg hadde eigentleg tenkt å skrive om dei supre mufinsane til Anita!

men fortsetelse følger........................................... på mandag!!!!!

Bokmelding av Tyl

Bokmelding av ”Tyl”

”Bygdeglasnost”

”I ei lita bygd som eg bur i
veit alle alt
dei ikkje skal vita

Men viss eg spør om dei veit
det dei veit
som dei ikkje skal vita

veit dei ikkje det

Og seinare veit alle
at eg spurde om dei visste
det dei veit
som dei ikkje skal vita
men som dei veit”

Slik lyder første side i boka ”Tyl”, og er ei god beskriving av eit bygdesamfunn lik den som me finn i denne boka. ”Tyl” er skrive av Finn Tokvam og Halvor Folgerø, og vart utgjeven av det Norske Samlaget i 2005. Ordet ”tyl” er eit vestnorsk skjellsord og tyder dum/naiv mann, men under vennskaplege forhold tyder det intelligent tosk.

Boka handlar om postmannen Ove Ullkvam. Han er 30 år, bur på vestlandet og er ein beundrar av Charlie Parker. Han er ein mann som ikkje tør å stå på sitt, han seier nesten aldri imot andre sine meiningar. Livet hans har blitt altfor rutineprega og trist. Dette var grunnen til at han mista sin første kjærast Cecilie, men han har enno ikkje forandra seg. Faren hans likar ikkje at Ove ikkje utnyttar evnene sine til studiar, men at han i staden sløsar han vekk på ein meiningslaus jobb.

Ein dag besøker han sin bestevenn Ragnar, og dei hamnar på fylla. Under fylla skriv dei ein avtale som begge signerar:

”Avtalen mellom Ove Ullkvam (frå no av kalla Den Diffuse Postmann) og Ragnar
Mårtensson (frå no av kall Den Direkte Sagfører)
Dei neste 14 dagane skal Den Diffuse Postmannen i størst muleg grad vera seg sjølv. Han skal seia det han meinar sjølv om dette ikkje alltid kjennest så himla lurt. Den Diffuse Postmannen skal gjera det han har lyst til. Han skal slutta med dill og dall i omgangen med personar han møter i ruta si og elles desse dagane.
Møter han for eksempel nokon han meier er eit svin, seier han det til dei så slepp han leva i uvissa. Han skal ikkje gå av vegen for ein god krangel og stå på krava i det lengste.
Den Diffuse Postmann treng ikkje vera usakleg og ufin i utrengsmål. Men skal til kvar tid stilla seg spørsmålet, kva vil eg?
Den Direkte Sagføraren skal føra sitt liv som vanleg, då dette på alle vis alt held mål i massevis.
Dei to skal i samrøre avgjere om punkta i avtalen er oppfylt etter desse 14 dagane. Er dei det, vankar det heider og gratis hotell rom på Vossa Jazz (med badekar) for Den Diffuse Postmann.
Bryt Den Diffuse Postmannen avtalen lyt han betala barrekninga til Den Direkte Sagførar (maks 70 alkoholeiningar) denne avtalen gjeld same kva dei 2 partane eventuelt seinare måtte hevda i edru tilstand.”

Denne avtalen påverkar livet til Ove, og hjelper han å finna seg sjølv.





















Illustrasjon av Ove Ullkvam, laga av Lisbeth Fanebust

Hovudpersonen er ein ganske interessant person – han er ein person som utviklar seg veldig mykje etter avtalen mellom han og Ragnar vart nedskrive. Privatlivet hans var ganske greitt økonomisk sett, men ikkje på det sjelige viset. Ove har eit talent for å spela piano, men han utnyttar det ikkje til det fulle - det nærmaste han kjem til det er å spela tullete songar under selskap han vert ufrivillig invitert til. Han tør ikkje å seie ”nei” til andre fordi han føler at dei forventar at han skal gjere ting på deira måte, sjølv om han er ueinig med dei. Han vert difor lett utnytta av folk, særlig av dei han ikkje likar. Brørne Kåre og Konrad, Mige-Malla og spesielt den lokale konsulenten Paulsen er personar han ikkje akkurat likar å besøke under postruta si. Paulsen er ein snobbete person som gjer narr av andre, han er av den verste typen som finns for Ove og gjer livet hans surare. Trøysta hans ligg i musikken til Charlie Parker, han er nesten som eit levande Parker-leksikon.

Ove klarar å halde sin del av avtalen, og han og Ragnar reiser til Voss på festival. Her møter han sin nye kjærleik Sara. Ho vart født i Sunnfjord, og no jobbar ho som sjukepleiar i Oslo.
Dei møter kvarandre under ein konsert der Sara og venninnene hennar set seg ned med Ove. Sara er ikkje pratsam og ser litt prøvande bort på Ove, men han vert så nervøs at han går ifrå dei for å leita etter Ragnar. Dagen etter møtast Ove og Sara igjen under frukosten, og dei tilbringer heile dagen saman som eit nyforelska par. Frå då av vart det ei meining i livet til Ove, og det var å vera i lag med Sara. Etter Vossa Jazz-festivalen fortsetter dei å besøkja kvarandre i helgane og feriane. Alt ser ut som om livet går som smurt for Ove, men han blir knust mot slutten.

Ragnar er den rake motsettinga til Ove – han seier akkurat det han meiner uansett kven han snakkar med eller kor brutalt meininga hans måtte vera. Han har både dameteke og svenske slektningar, ein av dei vert kalla Palt-Åke som er ein veteran innanfor svensk pornofilmbransje, iallfall som statist. Han har fått hjelpegjenstandar for sjuke eller eldre menneske som gåver frå ei 40 år gamal kvinne som jobba på Hjelpemiddelsentralen, ein favoritt er dusjstolen hans. Lik Ove sin fascinasjon for Charlie Parker, er helten til Ragnar Olav Stedje. For han er Stedje sin lyrikk forbigått i norsk litteratur og tatt for gitt av det norske folk. Etter ein frukost på Voss der det vart lesen opp dikt, byrja Ragnar å skriva eigne dikt om Olav Stedje – dette blir til ein serie av korte dikt om Olav Stedje sine tankar i forskjellige situasjonar, nokre er enklare å forstå enn andre:

”Olav Stedje føler seg pressa til å seie noko positiv om homofili, og gjer det på engelsk for å skapa litt avstand til problematikken”

”Geir loves
Kjartan
Kjartan
loves Geir
So what?”

Miljøet beskriv mest den vestlege delen av landet, først i Ove si bygd der han kjenner seg meiningslaus, deretter på Voss på grunn av jazzfestivalen, og til slutt i Bergen når historia avsluttast her. I bygda plar det vanlegvis ikkje skje noko spesielt, akkurat som i røyndommen. Naturen vert ikkje beskrive så mykje i boka, men den gjev deg den generelle ideen om korleis det er å oppleva fjordane og fjella. Lesarane som kjem frå bygda eller som er kjend med bygdemiljø frå før, kjem sannsynlegvis til å kunne sjå for seg naturen og miljøet i boka betre enn ein frå byen kunne ha gjort. Forfattarane kunne prøvd å leggje meir kjensle og liv i beskrivinga av naturen og miljøet, kanskje fått fram stemninga i bygda litt betre, slik at ikkje berre bygdefolk kjenner seg att i boka.

Samspelet mellom Ove og enkelte personar er greie nok, ikkje noko ekstremt nytt og uvanleg, men det passar med stilen denne boka følgjer. Ove og Ragnar sitt vennskap er sterkt som stål, det skal mykje til for at noko kjem mellom dei og øydelegg. Ove og Sara hadde i byrjinga eit godt forhold, men då han ikkje verkeleg klarte å vera seg sjølv kunne ikkje Sara vere i lag med han meir. Han må grava djupt inni seg sjølv for å oppnå sitt sanne ”eg”, men foreløpig har han ein lang veg for å oppnå det. Familien til Ove kjem av og til inn i biletet som nære personar som forstår det vonde Ove går gjennom, men rolla deira er ikkje så veldig avgjerande for historia som med til dømes Sara.

Forholdet mellom Ove og Paulsen er dårleg, men for lesaren er det veldig fornøyeleg å lesa om kor mykje Ove hatar Paulsen. ”Den sleske konsulenten med heimekontor kom, som alltid, ut i tunet. I dag var han åleine. Han stod klar ved postkassen før eg kom ut av bilen. Han plystra lågt då eg steig ut. Postmann Pat, plystra han. Eg ville riva av han den tåpelege tversoversløyfa han gjekk med.” Vendepunktet mellom Ove og Paulsen er ein av dei mest morosame delen i heile boka, lesaren kjem til å elska oppgjeret mot konsulenten.

Familien til Ove eig ein hund som dei har kalla for Basse. Når Ove sit i nærleiken av hunden verkar det som om hunden svarar han tilbake, like naturleg som om eit anna menneske prata, men eigentleg føresteller Ove kva hunden hadde svart dersom han kunne. Likevel gjer dette at boka verkar litt useriøs og lite gjennomtenkt, for dette er dei einaste gonga slike ”mystiske” tinga skjer – det hadde kanskje passa inn dersom boka hadde fokusert meir på overnaturlege element som ein gjer i fantasy-sjangeren, men denne boka er altfor seriøst for å tillate slike innslag:

”Tullprat, sa Basse. – far din snakkar alltid fint om deg når han og mor di sit på kjøkkenet.”

Ove er som tidlegare nemnt beundrar av musikaren Charlie Parker. Gjennom forteljinga kjem kunnskapen fram ein eller anna gong, men også her hender det noko mystisk. Når Ove er på veg heim etter han er ferdig med postrunden sin og i eit likegyldig humør, ser han den avdøde Parker langs vegen medan han vinkar. Ove har eit val – han kan snu for å sjå om det verkeleg er den personen han trur det er, men han køyrar vidare og angrar på det sidan. I sjølve slutten av boka ser han Parker igjen på Torgallmenningen i Bergen, og han gjev Ove eit smil før han går ifrå han. Meininga med denne parallellen er ikkje klar, men ein kan få inntrykk av at den symboliserar overgongen Ove må ta for å verta seg sjølv. Første forsøk på å verta seg sjølv gjekk ikkje bra, men andre forsøket kan verta betre når ein vurderar at det andre møtet mellom han og Parker vart meir positivt beskrive.

Denne boka passar for unge, men han vert antageleg favorisert av ungdommar og eldre frå ei bygd eller ein liten stad fordi handlinga er mest konsentrert i eit slikt miljø. Teksten er oppbygga med korte og enkle setningar, noko som gjev ein slags direkte effekt når ein les lik den effekten frå ein muntleg samtale. Kvart kapittel er veldig korte og bryt opp teksten, men den bryt på ein effektiv måte. Tokvam og Folgerø er kjende for å ha jobba med humorprogrammet ”Radio Røynda” og er medlemmar av bandet Finn-Erix. Sjølv om boka er skriven av forfattarar kjende for humor, er ikkje dette ei tullebok. Handlinga er seriøs men ikkje fullstendig tørr fordi det er alltid noko som kjem til å skje, og innslag med humor kjem ofte nok til å fanga lesaren vidare i handlinga. Olav Stedje-antologien var eit originalt påfunn, men oppsettet av dikta kan forvirra enkelte lesarar som ikkje like lett kan sjå det djupe i dei – nokre av dikta passar ganske enkelt ikkje for alle. Humoren og emna om musikk som me finn i boka kan ha blitt påverka av ”Radio Røynda” og Finn-Erix.

Dette var ”Tyl”, og no kjem vår dom:

Handlinga og språket går som hand i hand, begge passar utmerka til kvarandre i denne romanen. Blandinga av det direkte språket og ein morosam men seriøs handling skapar ikkje problem for boka, og er god underhalding for den som likar å lesa samtidsromanar. Nynorsken gjer at heile situasjonen i handlinga vert meir verkeleg for lesaren å oppleva, noko som er veldig positivt. Begge forfattarane har samarbeida utruleg godt, og resultatet fortener ros. Boka får ikkje full pott, men han var slettes ikkje langt unna.








Skrive og vurdert av: Lisbeth Fanebust, Kjell Bjørgum, Are Bjørgum og Bjørnar Skaim Halle

Ei veke til ende

Så er den fyrste veka av LITTKRIT-prosjektet til ende. Det har jaggu vore ei intens veke - heile tida noko som skjer eller skal skje eller burde skje kan ein seie. I dag har me hatt medarbeidersamtalar - eit nyttig reiskap for oss som leiar prosjektet. Pionér-ungdommane har mykje på hjartet som vert retningsgivande for prosjektet vidare, både i år og neste år. Me har lenge forsøkt å få skaffa ei episode av Radio Røynda frå NRK, men byråkrati=tid, så me heiv oss på to kortfilmar med perifer og direkte tilknytning til regionen: 'Gull og grønne skoger' av Harald Zwart og 'Solvorn' av legendariske Anja Breien. Me tilét oss litt visuell input før helga - ei vanvittig spennande veke ventar oss!

Tyl no more

Jau du, då var det Fredag igjen, og eg føler meg overaskande vaken til fredag ettermiddag å vere. Fælt som tida flyr, forresten, sjølv om eg har ein jobb som tek meg cirka 12 timar dagen. Kanskje det er akkurat difor, eg veit ikkje heilt. Skal eigentleg ikkje klage, jobben har svart til forventningane. Sløya meg veg gjennom "Som ein engel" i dag, ganske interesang bok, men favoritten blant dei bøkene eg har lest denne veka er nok Sveva over vatna. Trur eg skal skrive ein anmeldelse av den om eg får noko daudtid neste veke. Når ein først snakkar om bokmeldingar, så har vi no jobba oss ( Vetle Lidal, Jørgen Buene Ryum, Sandra Aalen Hoff og Randi Eggereide) ferdig med boka Tyl, og har skreve ei bokmelding, eller ei slags tolkning er kanskje meir treffande, og her kjem den:


Finn Tokvam, ”Tyl”
Boka ”Tyl”, handlar om ein 30 år gammal ungkar ved namn Ove Ullkvam som jobbar for posten. Han bur i ei lita bygd, drikk tett, og har eitt middelmåtig liv som han er misfornøgd med. Me følgjer hovudpersonen i litt over eitt år, gjennom oppturar og nedturar. I fylla inngår han og bestekompisen Ragnar ein avtale som seier at Ove, aka Den Diffuse Postmannen, skal vere seg sjølv og seie det han meiner. Ove er skeptisk i byrjinga, men ender opp med å følgje avtalane, og får gratis opphald på hotell med badekar under Vossajazzen. På Voss møter han Sara, som han forelskar seg i, og dette blir eitt vendepunkt i livet til Ove.

Hovudpersonen, Ove, er ein dumsnill og sta person som helst ikkje vil gi slepp på fortida. Han bur åleine i eit hus i bygda der han vaks opp, og lev eit ganske så rutineprega liv. Kvar helg reiser han på besøk til kompisen, og dei sit som regel og drikk seg meir eller mindre fulle. Bestekompisen Ragnar er ein laus hobbyalkoholikar med lystløgnardrag. Han er meir enn normalt inspirert av Olav Stedje, og skriv ein antologi dedisert til Olav Stedje. Ragnar blir på ein måte den nødvendige galskapen i vennskapen. Ragnar er den typen du eigentleg er litt flau over å kjenne, men som likevel er god å ha når alt kjem til alt. Denne naudsynte galskapen minnar mykje om figuren Munk i ”Sveve over vatna”, noko tona ned og tilpassa eit mindre urbant miljø, vel å merke.

Eit av hovudpunkta i denne boka er Ragnar sin ”ver deg sjølv” - kur, og den effekten denne kuren har på Ove. Og det me har høyrt om denne kuren er at den forandrar livet til Ove ganske drastisk! Men om det var riktig eller ikkje er jo eit helt anna spørsmål. Det at Ove går med på kontrakten viser at han var misfornøgd med korleis ting var, og at han ikkje likte å prate, eller gjere ting for folk på ruta si. På den andre sida, er det mildt sagt optimistisk å tru at ein kan gå gjennom livet utan å gjere ein heil del ting du ikkje likar noko vidare, gjerne om att og om att. Det er ein av livets harde realitetar som Ove ser ut til å ha innfunne seg med. Du merkar at han har liksom aldri gått gjennom den perioden i livet der dei fleste folk tenkjer; ”drit i deg! Det er eg som er viktig, å eg gjer som eg vil!”. Når det kjem til Ragnar derimot, verkar det som han har vore i den perioden så lenge han har levd.

Dette føyer seg inn i ei lang rekke store kontrastar mellom Ove og Ragnar. Det blir poengtert fleire gonger gjennom boka kor forskjellige dei to er. Både i musikksmak og væremåte er dei, meir eller mindre, som natt og dag. Dette viser at seiinga ”like barn leikar best” ikkje alltid stemmer heilt. Det er ei bieffekt av det å bu i ei lita bygd, skal du bli kjent med nokon, kan du ikkje vere heilt sikker på at du finn nokon med same interesser som deg, og om interessene skulle vere Jazzrelarterte, er sjansane i mange tilfelle enno mindre.

Det er i tilegg til desse to kompanjongane er det eit par ganske viktige personar i denne boka. Vi har faren til Ove verkar til å vere ein streng person som har litt vanskeleg for å gi kompliment til sonen direkte. Dette kan ha vore med på å byggje under på Ove sin mindreverdigleikskjensle. Mora til Ove var veldig personleg og prata mykje med sonen når han var liten. Ettersom han vart eldre, gjekk praten oftare og oftare med å bli typisk norsk tomprat, om veret og liknande. Ho verkar til å vere litt bestemoraktig av seg. Basse er hunden til familien Ullkvam, og kan, så vidt lesarane kan oppfatte det, prate, eller kommunisere med Ove på ein eller annan måte. Dette er ein av dei få surrealistiske trekka i denne boka, saman med to observasjonar av den avdaude Jazzmusikaren Charlie Parker. Vi høyrer vel å merke ikkje at nokon andre av familiemedlemma i familien Ullkvam ser ut til å leggje merke til at hunden i huset pratar, så det er fullt mogeleg at dette skjer i hovudet til Ove. Ein kan seie at Basse er ei slags fornuftas stemme for Ove, og at det er hans måte å fortelje seg sjølv ting han allereie veit, men ikkje synest han burde vite.

I tillegg til familiemedlem og venner blir det også skrive ein del om kjærleikslivet til Ove, dette består i all hovudsak av to jenter. Vi har Cecilie, som er gamlekjærasten til Ove. Vi får høyre om ho når Ove blir fortald at Cecilie nettopp har fått seg unge med ein bergensar. Cecilie og Ove hadde planlagd å reise til Bergen saman for å studere, men Ove blir overtala til å bli heime på grunn av ein jobb han berre ikkje kunne få seg til å seie nei til. Her ser vi at Oves snillistiske haldningar ledar han inn i ulykkja igjen, då Cecilie gjer det slutt på eit helgebesøk, av grunnar lesaren ikkje kan anna enn å undre over. Forholdet til Sara er eit av hovudpoenga i boka, dei møttest på Vossa Jazz gjennom ei rekkje tilfeldigheitar. Forholdet er, frå Ove sitt synspunkt, ganske perfekt, og han forandrar seg ein god del for å bli meir lik den mannen han trur Sara vil ha. Etter alt sannsyn var trur nøkkelordet her, for Sara gjer det slutt etter kvart. Eit fellestrekk ved desse to forholda var at dei begge slutta ganske brått, og at forklaringa på kvifor det var slutt var nesten like forvirrande som ikkje nokon forklaring ville vore. Dette kan kanskje ha noko med at vi blir fortald alt som skjer i førsteperson, gjennom Ove sine auge, det gjer det ikkje akkurat meir oversikteleg, på trass av at ein har mogelegheita til å stoppe opp, gå tilbake og lese ting opp att.

Mot slutten av boka bestemmer Ove seg endeleg for å gjere det han skulle gjort allereie den tida han var saman med Cecilie, nemleg å dra vekk frå bygda for å studere. Slik kan ein seie at dei prøvelsane han har gått igjennom i løpet av boka ikkje har vore forgjeves. På dei siste sidene ser Ove Charlie Parker igjen. Første gong Ove ser han, er det mellom han inngår kontrakten med Ragnar og han dreg til Vossa Jazz, midt mellom to vendepunkt i livet hans. Det er derfor mogeleg å spekulere i om det er eit nytt vendepunkt på veg ein eller annan stad etter boka har slutta, mogeleg vis noko som involverer jenta som står i baren på utestaden der Ragnar skal halde diktopplesing av Olav Stedje-antologien sin.

Vi synest denne boka var særs god, spesielt bruken av humor og tragedie. Det at humøret i boka skiftar frå Feelgood-komedie til Gresk Tragedie på under ei halv side sørgjer for at du er obs gjennom heile boka. Du får deg ikkje heilt til å bli lei, sidan det er eit trist eller morosamt augneblikk i emning nesten til ei kvar tid. Når hovudpersonen er i godt humør, merkar ein at ein blir litt småfornøgd sjølv, og når ting går på dunken, søkk humøret litt hos lesaren. Dette kan vel å merke variere litt frå person til person. Boka er ikkje vidare tunglest, språket er direkte og ikkje så veldig komplisert.

Boka kan alt i alt anbefalast for folk frå 15 år og oppover, og ein treng nødvendig vis ikkje å komme frå bygda for å lese denne boka, men om du gjer det, blir det i tillegg noko gjenkjenningshumor.



V

Bilete frå Torsdagen i veke ein

Marthe poserar for DN.no - sjå der neste måndag!

Bilete frå Otternes bygdetun der me fekk ei lita omvisning på det fantastiske bygdetunet. So vart det duka for foredrag med forfattar Gry Mørk som arbeidar med bok om Nærøyfjorden:























Intenst arbeid på Kunnskapstunet tidlegare på dagen



Supergrønt

Når eg no skriv "i dag," meiner eg sjølvsagt "i går," sidan eg ikkje fekk tid til å blogge før no på morgonkvisten.

Husker ikke helt om jeg stod opp i dag, men eg er jo ganske sikker på at det blei gjort, slik rundt i fem-tida om morgonen. Er kanskje ikkje så rart at eg ikkje hugsar så mykje, for eg var nok temmeleg trøyt.

Nuvel, blei ikkje så mykje lesing i dag, for det meste fordi vi konsentrerte oss om ein litan tur i dag. Vi dro opp til fjells, eller i alle fall til ein plass som etter mine definisjonar var fjellet. Der fekk vi høyre på Gry Mørk som fortalde om boka ho skulle skrive om Nærøyfjorden. Var ikkje så gale, interesangt å høyre på, men dei spørsmåla eg hadde førebudt blei besvart under foredraget. Så eg blei no sittande der som ei litt over gjenomsnittet hårete bokstøtte. Ja ja, eg hadde no i alle fall ikkje allergi, og det er eg bra glad for, spesielt sidan graset var nyslege.

På bokfronten er det ikkje mykje nytt, snart ferdig med "Som ein engel" no, og den har jo vore ganske bra så langt, eg mistenkjer at denne slutten kjem til å vere litt vag, den óg, men eg har no fått det for meg at dette er eit sjangertrekk, så eg går ut i frå at det berre er å gjere det beste ut av det.

I morgon er nok ein dag, ikkje berre det, det er ein fredag.


V

29 juni 2006

Strålande dag !

Jobba med verdsarv,UNESCO, Nærøyfjorden og forbereda oss til møte med forattaren Gry Mørk. Me reiste til Otternes bygdetun. Gry hadde mykje og fortelja oss. Me fekk god innsikt om korleis ein kan bli ein forfattar. Kanskje ein dag.......kven veit !
Me har hatt ein hærleg dag på Otternes. Kjekt at dei 4, som ikkje er i frå Aurland i prosjektet, fekk sjå tunet, og sjølvsagt me andre og.
Eg har byrja på boka til Olaug Nilssen, Få meg på for faen. Spesiell.

Torsdag

Vel vel har brukt dagen på og laga spørsmål til Gry Mørk kommande forfattar som skal skrive ei bok om Nærøyfjorden. Måtte forfattaren på Otternes der me fekk omvisning og så eit føredrag om kva ein forfattar må gjere for å få ut ei bok. Då ho var ferdig og prata skulle me eigentleg stille spørsmål men me hadde fått alle svara i føredraget. 8)

me ha vore på lange tur idagzzzzzzz

Dagen starta so vanleg med eit morgensmøte, etter denne brifingen med petter gjekk alle til kvar sine grupper og begynte å jobbe med stoff om Aurland og Verdsarvlista. Med litt jobbing kvar for seg, gjekk me sammen og begynte å laga spørsmål til Gry Beate Mørk som me skulle møte seinare på dagen. Me prøvde å laga dei vanskligste spørsmål og hadde vel opp mot 20 forskjellige, men dette var tydlegvis ikkje nok.

Rett før lunsj reiste me inn til Otternes, der me skulle møte ho Mørk. Men først var det ei omvisning på Bygdatunet og me var til og med inne i Eilertstova som til vanleg er låst. Etter denne korte omvisningen som blant annart førte til at ein av dei meir atletiske på denne jobben skulle nett sjekke om han kunne kaste ned til vegen, heldigvis var det liten trafikk på vegen for han og deiras del, dette kunne jo endt veldigt tragisk. enn eg som har budd

Gry Beate Mørk er ei tydlegvis kunnskapsrik dame, etter å budd her i mindre enn eit år, veit ho mykje meit om plassen her enn eg som har budd her i heile mitt liv, ho skal skrive ei bok om Nærøyfjorden og dens vakreste steder og turistplasser, Aurlandsdalen, Flåmsbana osv. Når ho var ferdig med foredraget sitt skulle me stille spørsmål til ho, men alle dei vasnklige og gode spørsmåla me laga, vart laga forgjeves, i sitt lange foredrag hadde hun besvart dei fleste spørsmåla.

Dag 4 vart ganske... grønt.

I dag skulle me opp til Otternes for å høyra på eit foredrag (det trur eg at det var iallfall) av Gry Mørk. Når ein ser på etternamnet skulle ein tru at ho var ein dyster person med eit mørkt sinn, men tvert imot! Ho var ein munter, entusiastisk og veldig hyggeleg person å høyra på, og etter mi personlege meining trur eg at ho kjem til å lukkast som forfattar. Prosjektet hennar handlar om Nærøyfjorden, ho vil skriva ei turisthandbok om fjorden som er på UNESCO si lista over verdsarv. Opprinneleg budde ho i Bergen, men ho flytta til Gudvangen etter å ha sett lanskapet som fort falt i smak.

Målet med den planlagde boka er å visa at det finst mykje meir for turistar å utforska enn det dei først kan tru, Nærøyfjorden er meir enn berre fjord og fjell. Det er historie, det er kunst, det er kultur, det er arkitektur - det er tross alt liv her! Og no som Nærøyfjorden er på UNESCO si lista kjem sikkert turistbesøka til å auka, og då er det ganske naturleg at det vert nedskreve bøker til dei. Me vart fortalde at dette var som ei gåve ho ville gje til plassen ho vart så glad i. Mørk brenner verkeleg for dette prosjektet, og difor trur eg at ho kjem til å lukkast med han.

Men sjølv om det var interessant å høyra på Mørk, og at området og utsikten frå Otternes var vidunderleg å få oppleva, så vart stemninga mi øydelagt av allergien min. Eg er utruleg allergisk mot gras og kjem til å reagera ved den minste strå, og her dreiv jo to gutar å klippa graset overalt!! Heilt forferdeleg... Nysinga og kløa kjem sikkert ikkje til å gje seg før eg har sovna i natt.. Jippi.

29. juni

dagen byrja med att Betsemor sendte melding til meg i 7 tida og då vakna eg, noko som var veldi unødvendi då eg ikkje fekk sova meir.
men under det vanlege morgon møte så fekk me beskjed om at me skulle til Otternes og ha eit foredrag med Gry Beate Mørk som skal skrive om nærøyfjorden og turar og slikt der ute. men først måtte me finne litt fakta om Aurland, verdsarv og UNESCO. Me skulle og lage spørsmål til Gry Beate. Etter at me hadde funne ut masse om dei forskjelege tinga og laga mange relativt vetige spørsmål. Så fekk me lese vidare i boka vår før me skulle ta til på ferda inn til Otternes (Aotnes). Når me var fram kommne så blei det ein liten lunsj pause på oss. Så blei det ei kort omvining på område der opp for oss som hadde vore der før så blei ikkje det noko spennade bortsett frå då me fant eit bilde på 50 cm. Men når omvisninga var ferdig så skulle me ha dette foredrage som skulle vare i ca ein halv time til ein time, men det gjekk vel helst 2 timar og 15 min, men hadde det vore tid til meir så kunne ho sikkert ha prat i 1 time til. Så den dama kunne ha målbunde sjølvaste Petter.

Timane krabba av garde og soli steikte på oss, Gry Beate berre jabba vidare om ting som faktisk var litt interesant, noko som overraske meg for di eg faktisk var litt skeptisk til heile greia med ho der dama. Må berre nemne det at eg har sete attmed ho på bussen heim frå Årdal, utan å vite kven ho var... verda er jammen liten!!!!!

Men for å gå litt nærmar inn på det ho sa så kan det jo nemmnast at me hadde ein lang diskusjon om eit tema som ho ville skrive om i boka si, nemleg "dyrkinga" av reine ariske rasar på Stalheim under 2 verdskrig. Ho hadde berre høyrd om det frå ein fyr i Gudvangen og Kristen meinte att han hadde høyrd det same men meinte det berre var lause rykter. Men Kven veit han Hitler var jo ikkje heilt goe stakkar :P

I mårgo så er det avslutting av arbeidet med tyl som står på programmet.

dagen i dag har vore heilt grei kanskje litt langdryge med det der foredrage men ellers veldig grei....

Jah ...

I dag har me vore på Otternes bygdetun, fekk ein kort omvising, og høyrde på at Gry Mørk fortalde om bokprosjektet sitt. I forkant av utflukten lagde me nokre spørsmål til ho. Ho skal skrive fagbok om Nærøyfjorden, Aurland kommune o.l, ein slags turbok. Det var kjekt å høyre om prosjektet hennar. Me åt lunsj der oppe, og kom tilbake rundt halv fire. Fint vêr, bla ...

Når det kjem til bøkene, trur eg dei fleste har begynt på "Som ein engel".

Preekas

Ein snørrette helsing frå meg !

me byrja med morgenmøte. etter det jobba med med interju til gry mørk.leste og i boka mi som heter få meg på for fann. etter kom ein mini buss ,vi dro til Otternes der var de omvisning.gry mørk fortalte om boka si ,vi var der i tre timer, etter på tok vi mini bussen tilbake på bibloteket og skriv blogg. Dette var ei grei dag.

Forfattarbesøk på Otternes

Møtte opp som vanleg på biblioteket kl.09.00. Etter det fekk me beskjed om å gå i gruppene, og starta med å laga spørsmål til Gry Beate Mørk, som skal skrive bok om Nærøyfjorden. Då me var ferdige med den arbeidsøkta, hadde me ein heil del sprøsmål klare. Den boka Gry Beate Mørk skal skrive er ei fagbok.

Sidan boka hennas skal handla om Nærøyfjorden, fekk me også ei oppgåve der me skulle finne ut litt informasjon om Nærøyfjorden. Då gjorde eg nåke som eg ikkje er så vandt til, fordi eg brukte biblioteket i staden for internett til å finna ut om fjorden. Dette viste seg å fungera svært bra:)

Då alt arbeide var klart, hadde gruppa litt tid til overs, og den brukte me sjølvsagt til å lesa bøker. I dag så starta eg på ei heilt ny bok.

Bussen kom kvart på tolv, og då reiste me med ein gong til Otternes, som ligg inn mot Flåm. Sidan været var så fint satt me ute og åt matpakka våres då me kom fram. Før Gry Beate Mørk skulle holda eit føredrag til oss, fekk me ein omvisning på Otternes. Sidan me har hatt skuleprosjekt der før har me fått den omvisningen før, men det var kjekt å få friska opp i hukommelsen.
Etter omvisningen snakka Gry Beate Mørk ei god stund om ein del ulike emner. Me satt å lytta på og vart med på ei oppgåve som ho gav oss. Det var interessant å få høyra tankane til ein forfattar før boka blir skriven;)

Til slutt i dag så tok me bussen tilbake til biblioteket og skreiv blogg, slik som me gjer kvar dag.

Kjempefin dag, med mykje sol og frisk luft:)

dag 4

i dag har me jobba i grupper med å laga spøårsmål til forfataren Gry Beate Mørk.
og kl 12 drog me inn til Oternes for å prata med Gry. på Oternes va dat sol og fint ver, me sat ute og lyta på Gry og stilte ho spørsmål. det var innterisangt og morro og prata me Gry Beate Mørk. nor me var ferdige kom bussen og henta oss. nor me kom tilbake til bibblioteket skreiv me blogg eg gjekk heim. etter mine meiningar har dagen vore interesang og morro sell om eg var trøyt nor eg kom på jobb i dag.
fortsetelse følger i morgo!

otternes i dag ja..

i dag starta me med morgenmøte, som vanleg, so klart!
so begynte me å skrive spørsmål til gry mørk, sidan me skulle opp på otternes og høyre på ho prate om den nye boka ho skal skrive om nærøyfjorden og andre plassar i aurland.. gruppa kom fram til elleve spørsmål.. særs bra syns eg!

turen opp til otternes var veldig flott og givande! og med dj promo på mp3-spelaren, var alt berre velstand=D mhm.. :)
når me kom opp sette me oss ned på ein stein og åt lunsjen vår ute i det nydelege vêret! deretter fekk me omvisning på gardstunet, før me sette oss ned på graset for å høyre på gry mørk, som sagt..

ho byrja med å fortelje om seg sjølv, kvifor ho ville skrive boka, og at ho hadde flytta til gudvangen fordi ho hadde forelska seg i plassen etter å ha vore der på vikingmarknad.. me var der i tre timar, og ho hadde besvart omtrent alle spørsmåla våre før me i det heile tatt fekk byrja stille dei.. men var no både givande og interessant å høyre på! sjølv om det var litt vondt å sitje på bakken so lenge so me gjorde.. men elles, kjekk og kosleg dag til tross for edderkoppar og hard bakke..

blogger

i dag har vi lest. og klokka 12 reiste vi til oternes.

Ut på tur aldri sur:)

Yes;p Dag fire kom snikandes stille å roli, med eit kjempe fint vær og eit vangleg trøtt morgonmøte. Gruppemøte gjekk jo så ei kula;) hehe:p Og Håvard har oppdaga mykje ny god musikk;) Me starta på eit miniprosjekt i dag, om Nærøy fjorden og Aurland. Gruppene skulle finne mykje info. og prøve å bruke den så godt me kunne til å lage mange vanskelege spørsmål til forfattaren Gry Mørk. Rett før lunch tøffa me alle opp på Otternes gard i den drit kule Littkrit bussen vår:) Så oppe på Otternes sat me og åt maten vår i vakker bonderomantikk omgivnad;p Eg har aldri vert der før, men var no ein koseleg liten plass. Etter at me hadde vert på ein kort omvisnings runde og eg og Kjell hadde sett verdens kulaste tinnsoldatbilde, sat me å høyrde på at Gry Mørk prata om korleis det er å skrive fagbøker. Ho hadde mykje kunnsakp, og hadde dekka det meste av det me lurte på, så når me kom til den delen der me skulle spørje ho alle dei supre spørsmåla våre, var det berre to igjen, for ho hadde jo allereie fortalt om alt me lurte på. Det har vert ein knall dag og Bjørnar leve enda, sjølv om ein skulle tru at han hadde daua av allergien sin:)

28 juni 2006

Me bloggar


Bloggings, dag 3:


Dagen i dag !

Ikkje noko er bedre for ein sogndøl, enn og byrja dagen med å lytta til Olav Stedje.

" eg tek
Den fyrste song
ein gong til " Ragnar Olav Stedje Antologi

Dagen min har gått med til og lesa litt, bok og lokal avisa , stor oppslag i Sogn Avis om prosjektet vårt.
Kjekt og sjå at nokon ser kva me driv me. Ventar berre på fleire oppslag i andre aviser : )

dag 3!

(jipi) i dag har me jobba vidare med bokka tyl i grupper. i gruppa mi har me begynt med analysen av boka. arbeidet går bra. eg trur me har it godt samarbeid i grupppa. i dag har me og lert om korleis me brukar eit bobbliotek. det var enormt kjedeleg. men me kom no oss i gjenom det. dagen i dag har egentleg vor heit grei etter mi meining.

jaja son gaor no dagane!

men da kvikkna no vell ti etter kvart ska du sjå!

Jepp!

I dag har me jobba mest i gruppe. Begynt på "analysen" av Tyl, og laga nokre spørsmål til Finn Tokvam. Me på gruppe 3 har funne ut at dei fleste nynorske bøker er like, eller det vil sei at Vetle har funne ut det, og me på gruppa har sagt oss nokså einige. Dei fleste nynorske bøker omhandler ein halveinsam bygdemann som møter nedturar i kjærleikslivet. Menmen! Me har også lært litt om kjeldekritikk i dag, og om korleis me skal søke på nettet for å få det beste resultatet. Jessjess

Overskrift!!!

No er me kommen til dag 3 i detta bokprosjektet, våkna so vanleg litt for seint og stressa meg til bibloteket. Når eg var godt kommen fram, starta me dagen med det vanlige morgensmøtet, der me vart presentert dagens oppgåver. Etter møttet gjekk me samman i gruppene og begynte på bokmeldingen, me tenkte først at bokmeldingen ikkje vart noken stress siden den til vanleg ikkje er meir enn på litt over ei side, men etter at eg hadde vore nede av Petter og han skremte vettet av meg med å ville ha 10 sider på bokmeldingen. Skal innrømme at eg fekk eit lite sjokk men kom over det, etter litt diskusjon i gruppa kom me fram til minimum 3 sider, noko eg sjølv synes er mykje men akseptabelt langt. Me har over 1 side på bokmeldingen og forventar å bli ferdig med den på fredag.

Etter pausen som vanleg varte i bare 30 min, starta arbeidet igjen, men ikkje med bokmeldingen, no skulle me laga spørsmål til sjølvaste Finn Tokvam. Etter ein lita stund hadde me 15 gode spørsmål Mr Tokvam. Og igjen begynte me på bokmeldingen, siden dei fleste av oss har kome igjen Tyl er det berre igjen denne bokmeldingen.

På slutten av dagen hadde me gjennomgang av kildesikkerthet på internett og forskjellige søketjenseter, skal innrøme at det minnte mykje av den berømte skulen, og eg vart litt trøyt etter ein lang dag. Og på denne gledens dag kom eg sjølvsagt i avisa som den ivrige boklesaren eg er, trur kanskje det nesten var ei midtside til og med.

titelen var vanskli men me får vere litt orginale og ta Dag 3

dagen starta med att eg nesten sovna på det vanlege morgonmøte *gjesp*
men etter kvart som me kom i gang med andre ting så vakna eg og.
På planen i dag så sto det at me skulle jobba med Boka "Tyl", så då måtte me det. Me skal skrive ei Bokmelding på ja 10 sider er vel bra, som Petter sa. tvilar på att vår bokmelding blir 10 sider men kan jo hende.... time will show

Ellers i dag så hadde me ein lang og morosam lunsj der latter musklane skulle få arbeide litt.
men den varte ikkje lenge før det igjenn var tid for arbeid. no skulle me finne på spørsmål til Finn Tokvam, som eigentleg kanskje skulle komme på besøk til oss. Men som den "tyl" han er så kjem han ikkje. Men kanskje eitt nett itervju kan komme i stand????

til slutt hadde Petter eit laaannngggt foredrag om bibliotek og kilder og slik. Det eg blei mest imponert over er kor mykje den mannen kan prate........ helit utruli!!!!!!

for dei som ikkje er i Aurland så kan det rapporterast om nydle vær store delar av dagen.

til slutt så kan eg vel seia på alles vegne at men trivst på Littkrit, og gler oss til ein ny dag med lesing og skriving på NYNORSK!!!!!!!!! me kom i sogn avis i dag, så den må de lesa.

Festleg !

Begynte med morgen møte, etter på var de lesing i boka tyl ,so var de matpause. gruppemøte da vi skulle lage spørsmål til forfattern finn tokvam, boka tyl handlar om hoverpersonen som er postman og han har ein ven som heiter Ragnar. Hovedpersonen får seg ein kjærest som heiter Sara, som slå opp med han etter ein stund.Krise.

Midtvegs i fyrste veka;)

I dag starta me med å ha eit lite gruppemøte, og så satte me i gang med å analysera boka, Tyl, og skriva litt om ulike hendingar som skjedde i boka. Alt dette skal flettast inn i ein bokmelding me skal ha klar til fredag. Eg trur ikkje det blir så vanskeleg å skriva om akkurat denne boka, for den er lettlesen og underhaldande. Tyl var ei bok eg kan sei meg ganske fornøgd med. Etter eg var ferdig å lese denne boka, byrja eg å lese ei ny bok som heiter, som ein engel. Denne boka var eg ikkje så fornøgd med, var litt for kjedlig. Eg trur at eg kjem til å bytte til ei anna bok, som er litt meir slik som eg likar bøker.

Då matpausen var unnagjort, laga gruppa mi spørsmål til forfattaren Finn Tokvam. Dette var ein ganske enkel sak, sidan med hadde mykje som me lurte på. Til slutt i dag har me lært litt om korleis me skal bruke biblioteket og internett. Eg kunne ein del av det frå før, men var også ein del nye ting eg lærte.

Denne dagen har vertfall vert alletiders:)

blog

i dag har vi lest tyl og laga spørsmål til Finn Tokvam.

tredje dag onsdag !!!

Vel har fått i gong arbeidet på analyse av Tyl, og har lagd spørsmål til forfattar Finn Tokvam. Alt går som smurt og er litt foran sjema 8D. Har ei veldig god gruppe som gjer ein god jobb syns eg, med stort engasjemang å idear. Og eg håpar at oppgåva blir ferdig på fredag, og spørsmåla til som er laga vil antagelig bli eit godt å informerande intervju.
Og me har fått ein gjennom gang med søke måtar å kilde handtering slik at ein veit at kildene ein brukar er pålitleg. I dag har vert ein god dag med godt arbeid, Vel det var det i gruppa mi iallfall.

Kristen Tokvam 8)

Tjholahopp:)

Som alle andre dagar var det morgon møte klokka ni til kvart over ni.
Etter eit breefing med Petter, var det gruppe møte i alle dei ulike gruppene.
Alle på mi gruppe var ferdige med å lese boka tyl, så etter arbeidet blei sett i gong.
Me skal skrive ein bokmelding, og no er me godt i gong. Me har alt skrive to sider, der det står om både forfattarane og personane i boka:)

Det har vert ein veldig fin dag, lunsj pausen tok me ute i den fine sola:)
Etter lunsj laga me spørsmål til Finn Tokvam, og mi gruppe kom opp med litt av kvar av spørsmål. Det var mykje om boka, men og om favoritmiddag og mykje anna:)
Det har stort sett vore gruppearbeid i heile dag, utanom ein time. Då sat me inne å halvsov i eit kokvarmt rom og høyrde på Petter læra oss om kildesøk både i biblotek og på internett.
Det var mykje nyttig, men på grunn av varmen og lufta blei det litt vanskeleg å halde oppe konsentrasjonen for nokon trur eg:) Det er ein livleg gjeng som er samla, så me har det ganske morsomt saman:)

då var det onsdag...

dagen idag byrja som vanleg med morgonmøte, for so å arbeide med "tyl".. men sidan dei fleste på gruppa mi var ferdige med boka, byrja me å skrive analyse/bokmelding=D
prøvde so godt me kunne å analysere personane i boka, mene, kom ikkje so veldig djupt at det akkurat gjer noko:p men fann no ut litt:)
har framleis berre ei dataskriven side (2 handskrivne.. men det hjelp ikkje so stort), men skal nok gå meir so fint å få det ferdig til fredag!!:)

etter lunsj byrja me å skrive spørsmål til finn tokvam, eller ein eventuell annan forfattar vis tokvam ikkje har tid til å komme.. har desverre berre 5 spørsmål so langt.. men går no an å ta ting litt på sparket og..!

no har me nett hatt ein liten introduksjon på korleis me skulle bruke biblioteket til å finne stoff om diverse ting.. me fekk og vete kva dei forskjellige greiene bak internettadresser sto for, og at ein ikkje kan stole blint på wikipedia og søkemotorar på nettet sidan folk lett kan legge ut sine eigne meiningar om forskjellige ting.. etter dette var det berre til å byrja med bloggen.. no skal me fortsetta lesinga:)

Tredje dagen på LittKrit.....


I dag vart dagen litt meir utfordrande. Gruppene skulle jobba med bokmeldinga i dag, og eg fekk nesten sjokk då eg fekk høyre at sidetalet skulle liggje mellom 3-10! Whoa!! Ikkje akkurat blåbær, men eg antar at det er logisk når det er ei gruppa si bokmelding og ikkje berre ein person. Men me skal nok klara det! Berre til å følgja planen me sette i går og tenka på kva me kan ta med heile tida. Det vansklege vert nok å få med alle sine synspunkt i bokmeldinga, men eg skal nok finna på noko som motiverar..

Så ja, dagen i dag var nok den mest slitsomme hittil, eg fekk verkeleg merka byrdene ein leiar kan ha.. Håpar berre at det ikkje skjærer seg seinare. Me noterte ned stikkord og har allereie skrive ei side av bokmeldinga, og når me skulle finna på spørsmål som me skal stilla Finn Tokvam har me foreløpig komen fram til 13 spørsmål. Men det er jo ikkje umogleg å komma på noko lurt å spørja han seinare i dag eller seinare.. Det er nesten skummelt at eg ikkje har rukke å lesa vidare i "Som ein engel"... Eg innrømmer at å lesa boka vart meir som ei fritid for meg enn ein jobb, det var jo så kjekt!

No pustar eg ut medan eg slår fingertuppane raskt på tastaturet på laptopen. Det har alltid vore ein behageleg del av kvardagen å skriva litt ope på internet.

Men uansett:
Eg nemnte at eg kanskje kom til å laga ein illustrasjon til "Tyl" i går, og det har eg gjort! Biletet ovanfor illustrerar Ove Ullkvam medan han sit på ein cafe (mest sannsynleg med bestevennen Ragnar) og grublar over forskjellige saker som har hendt i livet hans. Atmosfæren skal verka tankefult og kanskje fjernt, fordi ein grublande person ser ofte litt fjern ut medan han utforskar sine eigne tankar. Dette bitetet var først berekna å vere berre i svart og kvitt, men for å peika til det vestnorske miljøet som "Tyl" foregår i brukte eg grøne fargar også (tenk fjordar og fjell).

Håpar publikum likar han, og ser kor inspirert og interessant "Tyl" var for ein rastlaus ungdom som meg. :3

Og på den tredje dagen

Var ikkje så ille å stå opp i dag, forsov meg litt, men ikkje nokon krise, rakk bussen. Fikk tid til å lese ferdig Sveve over vatna og"Vi har så korte armar -Tilstandsrapportar". Må seie eg er litt smålei no, ikkje av jobben, sjølvsagt, men heller slutten på bøkene. Ikkje for det, eg er ikkje ein happy ending-avhenging, kanskje tvert i mot, eg likar når ting går berre ein anelse rett åt skauen. Tyl og Sveva over vatna har det til felles at dei har veldig vage sluttar, og at det ein faktisk ventar på ikkje kjem. Nei, gi meg heller ein standard Film Noir-slutt, der ein skadeskoten Hombre Fatale går døden i møte, vel vitande at hans elskade, som han i dei fleste tilfelle døyde for, vil leve i evig sølibat i respekt for has minne. Eller kanskje ein litt heldigare hovudperson som pakkar saman sakene sine, sparka frå jobben, skilt frå kona og kanskje til og med eit kulehol eller fem for å minne han på at det ikkje har vore hans dag. Og så, når han høyrer ei kjend stemme, snur han seg med eit skeivt smil og stirrar inn i augo på ein ny kvinneleg kompanjong, ein gammal bekjent, eller flamme, som viser seg å vera langt penare og meir sympatisk enn den tidlegare livsledsagaren.

Men no har eg begge beina planta ganske godt i salaten utanfor temaet her. Det er med bøker som det er med livet, har det først kome til slutten, kan ein ikkje anna gjere enn å gjere det beste ut av det. Hadde eg stoppa på eit anna punkt i boka hadde det no vore litt rart, litt dumt nesten, men nok om det. Har no begynt med boka Som ein Engel og joda, lovar ikkje så ille den, sjølv om setningane ofte er så lange at sjølv eg, den inskotne setningas ubestridte monark, blir litt svett. Vonar på ein litt tydlegare slutt denne gongen, men det er no ikkje anna å gjere enn å ta den slutten ein får, med mindre ein føler seg i slag til å dikte opp ein eigen ein, men i mange tilfelle blir det som å hoppe etter Wircola, med vasski. I morgon er nok ein dag, og då skal eg ikkje forsove meg, trur eg då.



V

Bruk av søketenester, baser og bibliotek - flott nettside

I dag skal me mellom anna ha om bibliotekbruk, søketenester og kvalitetssikring av kilder mm. Eg har førebudd ein god del eigne ting, men kjem til å byggja førelesinga mi rundt fylgjande lest: http://vink.hit.no/ . Dette er ei utruleg flott teneste som er laga av bibliotekarar på Høgskulen i Telemark og Høgskulen Stord/Haugesund.

27 juni 2006

tyl

eg synes tyl er en kjempe fin bok veldig morsom

Endeleg kommen på nett !

God dag godt folk !
Me er godt i gang med prosjektet vårt. Ser ut for at alle har funne sin plass, og er i gang. Flott !
Dagen i dag har gått litt rolegar for seg enn dagen i går. Me har delt opp i grupper, og byrja jobba med bok, Tyl avFinn Tokvam. Kjempe god bok , verdt og lesa.
Ha ein forsatt kjekke dag !

ULV ULV

Andre dagen er over og eg vart ferdig me boka Tyl av Finn Tokvam, denna dagen har for da meste vore brukt til å lesa. Men vart inndelt i 3 grupper, og laga ein framdrivftsplan for gruppa
til fredag.

http://www.ulv.no/

2..

Idag vart me inndelt i grupper og fekk utdelt eit grupperom. Kvar av gruppene skulle komme fram til ein framdriftsplan for veka før me fortsette og lese i "Tyl".
Presterte å bli ferdig med boka, og byrja lese Ragnar Hovland si bok; "Sveve over vatna".

"Tyl" er ei ganske ok bok som mange sikkert kan kjenne seg att i. Boka var lettlest, og den var bra skriven. "Sveve over vatna", derimot, var litt spesielt skriven tykkjer eg. Ikkje heilt gramatisk rett, men uansett, ei grei bok så langt!

BANG! Dag 2 er i gong

Dag 2 er i gong.
Dagen starta som vanleg med morgonmøte.
På morgonmøte blei me delt inn i tre grupper som skal jobbe saman med boka Tyl.
Dei fleste gruppene blei ferdige med å lese boka i dag, så i morgo kjem tida vår til å gå med til å skrive bokmelding. Alle har lest kjempe mykje, så trur dei fleste var ganske trøtte på slutten.

Ellers ein heilt tipp topp dag:)

Dag to!

I dag blei vi delt inn i tre grupper på fire i kvar. Så skulle me lage ein framdriftsplan for dei neste dagane. I vår gruppe gjekk den i hovedtrekk ut på å lese ferdig "Tyl" til onsdag, og så skrive ein bokmelding saman. Så dagen i dag har gått mest til lesing, og til å skrive nokre ord om boka. Dagen har vore relativt roleg.

Dag 2.

dagen byrja med det etter kvart vanlege morgonmøtet. Der blei me delt inn i grupper på 4. Eg kom på gruppe med Lisbeth (gruppeleiar), Bjørnar og Are. Og me måtte lage ein framdriftsplan for gruppa. Etter på blei det ein lese økt på ein og ein halv time. Og etter ein godt fortent lunsj pause var det klar for ein laaannnggg lese økt på 2.5 timar, men det gjekk no greit så lenge ein tok seg små pausar inn i mellom.

Vekas 2 Bok tips må bli Finn Tokvams "Tyl" og Atle Hansen sin "Som ein engle"

jobb jippi

i dag me med byrja med morgenmøte,so me gjer kvar dag.så har vil lest boka tyl. pause. og meir lesing.har vert ein heil super dag.

Dag to vart no litt annleis...

Hmm, første tingen me gjorde i dag var å dela opp alle i LittKrit til tre grupper. Eg hamna i gruppe #2, i lag med tre gutar med namn Kjell, Are og Bjørnar med det grøne håret. Det første som skjedde var at eg vart vald (nesten forlanga) til gruppeleiaren. Whoaaa, litt uvand der... Men eg antar at det er like greitt. Håpar berre at gruppa ikkje sliter noko inni granskauen dei neste dagane, for då er eg den ansvarlege.

Men i dag har det gått ganske greitt i gruppa: to av oss (eg og Kjell, sekretæren/dataduden) vart ferdig med boka "Tyl" i dag, men dei to andre les framleis. Men etter som dagen har passert og me har alle lese i timasvis så har eg tru på at dei også vert fort ferdige slik at me kan byrja med bokmeldinga. Eg har diskutert med gruppa om kva som kan vera lurt å ta med i ei bokmelding, og dermed kjem Bjørnar og Are forhåpentlegvis til å sjå etter viktige trekk dess meir dei les. (om den generelle handlinga, om dei viktigaste personane, miljø, kven boka er berekna på osv) Kjell og eg har ført inn ei slags oversikt over gruppa vår sin timeplan denne veka, på den måten skal me prøva å halda oss til den slik at me rekker å bli ferdig til fredagen kjem, for det er siste frist.

Sidan eg vart ferdig med "Tyl" byrja eg med den samme boka som Kjell les på no, "Som ein engel" skrive av Atle Hansen. Den var litt vanskeleg å fordøye i byrjinga fordi eg ikkje var heilt vant med skrivestilen til Hansen, men no byrjar eg å forstå teksten lettare. Er foreløpig komen halvveis i boka, men han er litt spanande skal eg innrømma (om morningen var eg litt for trøytt den første timen, nesten mirakel at eg er komen så langt..) Eg vurderar å skriva ei bokmelding om både "Tyl" og "Som ein engel" når eg kjem heim att, og kanskje laga ein illustrasjon til "Tyr" fordi eg vart så inspirert. Kanskje eg burde spørja om det er greitt først. Me få sjå om det vert noko av.

Tirsdag

Dagen i dag har vert full av lesing og planlegging. Og me tolv har blitt delt inn i tre grupper med kvar sin gruppe leiar. Mange av oss har og fått avslutta boka Tyl av Finn Tokvam, og i grupper har me jobba ut ein plan for korleis me skal sette saman analysen av Tyl.

dag 2

i dag vart me delt inn grupper, grit nokk. gruppene laga gruppe plan og valgde ein gruppe ledar. Vetle er gruppe ledaren min. so bar da rett i arbeid. lesa lesa og atter lesa, "jipi!!" no er eg komme godt inn i boki og snart ferdig. boki er morosam og lett og lesa. hittil er dena jobben morro. fotrtsetelse følger i morgo.

Arbeidet som litteraturkritikar er kome godt i gang:)

Det fyrste me starta andre dagen med, var å dele inn i grupper. Etter me hadde delt inn i grupper var det tid for å lage ein gruppeplan framover denne veka. Då dette var unnagjort kom me raskt i gang med planen. I dag så vart eg ferdig med boka som me starta på måndag, Tyl. Ei oppgåve me skulle gjera var å skrive ein liten bokmelding, som eg brukte siste del av dagen på å jobba med.

Lever ennå

Dag to

Å stå opp klokka fem var ikkje så vanskeleg som frykta, men det skal seiast at det ikkje var så lett som eg håpa heller. Kom, som planlagt en time før all andre, og oppdaga at det er ganske kaldt om morgonen, også når det er sommar. Slapp ikkje heilt taket heller, den kulda, ut over dagen gikk eg rundt og småhutra. Nå skal det nå seiast at jeg har mange frostbogar i familien, det forklarer kanskje litt, men det VAR kaldt.

Men nok om det, over til bøkene. I dag kom eg ganske langt i Sveve over vatna. Det må vere lov å seie at starten på den boka er foruroligande lik situasjonen i Tyl, men det tar seg litt opp etter kvart. Forteljarstilen i Sveve over vatna er litt merkeleg, men ikkje verre enn at det blir ein både leveleg og etter kvart interesangt å lese. Tror jeg blir ferdig med boka i dag om jeg får ånden over meg, men innan lunsj i morra er den nok ganske garantert utlest. Lurer vel å merke på korleis Hovland kan holde på spenninga, eller interessa, dei knappe 100 sidene som er igjen. Eg mistenkjer vel å merke at det kommer en liten joker, eit vendepunkt eller noko slikt når som helst nå.


V

God stadfesting


Eg (prosjektleiar Petter) vil ikkje seie at eg er ein kløppar i nynorsk, men det er ein ting eg stadig ynskjer å skriva. 'VORE!' Eg veit at ein kan ha vore, men eg har trudd at det går an å nytta det på ein annan måte. Men når eg har spurt folk som har nynorsk som hovudmål har dei sagt at eg ikkje kan nytta det på den andre måten som eg trudde gjekk an. Men no las eg nettopp ein setning i 'Få meg på, for faen' av Olaug Nilssen som stadfester at eg hadde rett! Slik er setninga: "Håret flagrar bak meg som vore eg ein modell" Skjønar? No ser eg klart og tydeleg at eg må ta eit oppgjer med dei 'nynorsk-folka' som sa at eg ikkje kunne skriva slik. Men mykje vil ha meir! Eg skulle ynskje eg kunne skriva (eks. )- "Det vore kjekt med ein pestopølse i chicagobrød", men det kan eg jo ikkje. Ikkje fordi ei slik vidunderpølse i brød ikkje er mat for Mons, men fordi "Det vore..." er ein svensk måte å skriva ting på. Det kom eg på da eg bladde om i boka til Olaug Nilssen, for der sto det eit sitat som ho hadde omsett fritt etter "En kungens mann" sunge av Ebba Grön, og dei er jo svenske, ikkje sant!

blog

i dag fikk eg lest mer enn det eg fikk gjort i går.

Bilete frå fyrste dag

Me starta og avslutta dagen på Infohagen som er ein del av Kunnskapstunet i Aurland.


'Appelsinleiken' og den obligatoriske 'ringpraten' gjorde oss betre kjend.



Ein litteraturkritikar tilpassar seg eit kvart miljø.




26 juni 2006

Vel Littkrit er på bane

Vel Littkrit er eit nytt konsept og inneheld Nynorsk litteratur 8)

Første dag til ende

Etter å ha testa ut ’appelsinleiken’ – en leik eg lærte frå ein elev på KAOSPILOT-skulen i Danmark blei LITTKRIT’arane satt på si første felles oppgåve. Korleis få ei appelsin til å vera innom alle sine hender på kortast mogleg tid? Det byrja med lusne 8 sekunder – ei tid som blei dividert med 10 etter at LK’ane byrja å samarbeide. Åtte tidelar på å sende ein appelsin mellom 24 hender! Men det er jo ikkje appelsinar me skal arbeide mest med denne veka, så etter ei tradisjonell bli-kjend runde er me no i gong me å lesa. Me har byrja på boka ’Tyl’ av Finn Tokvam.
Etter ein del lesing, besøk av Sogn avis, og ein fin debatt om fred i verden og slikt i lunsjen gjekk me ned til ein plenums-dialog om 'kva skal me gjera LITTKRIT til' . Etter dette fekk me ordna alle inn på denna bloggen slik at alle kan publisera det dei måtte ynskje. Eg trøbla i kjent stil med litt av det tekniske, men me kom i mål! No gler eg meg masse til dagane vidare med LITTKRIT-gjengen!

på jobb

hei byrja på jobb klokka 9.00 om morgonen. skulle bli kjent. fikk fem bøker og byrja på ein bok som heiter tyl. tyl er ein grei bok ikke så spendennde bok, men ho er grei å lese, litt tunge ord.

Me er i gang!

Hei. Fint å sjå at bloggen funkar!

Tyl

I den første dagen på den nye "jobben" som litteraturkritikar, har ikkje vore mykje til jobbing idag, mykje sosialt, innføring i arbeidsmetodar og kva me skal gjere seinare i veka. Me hadde bli kjent leik med ei appelsin! Før me gjekk ut og begynte å lesa pa ein av dei 2 bøkene me skal igjennom desse vekene. Tyl av Finn Tokvam er den første boka og me får kanskje eit besøk av Mr Tokvam seinare denna veka. Me fekk besøk av ein journalist og so klart ein eg kjenne, so på onsdag kjem eg i avisa. me har og fått innføring i blogging og som dikka ser gjekk da sånn passe. Her på denna bloggen kjem det kva me har gjort dessa dagane.

Første dag på jobb

Er fremdeles ikke vettaskremt, men jeg jobber med det.

Første arbeidsoppgava i dag var vel det en kan kalle en tøff start. For meg stod det som vanskeleg å skrive mykje om nynorsken, sidan eg har eit ganske distansert forhold til nynorsk, engelsk blir på ein måte litt meir behageleg, og jeg snakker jo bokmål, mer eller mindre. Men men, en må jo gjøre som best en kan og ljuge på resten, eller rett og slett hoppe over steg 2, om en er av den ærlige typen.

Appelsinøvinga er vel et kapittel som kan forbigås i stillhet. Nuvell, over til det faktisk interesange her, bøkene.

Bøkene vi har fått utdelt ser ut til å vere underholdene, på trass av at det er ein del unna dei sjangrane. Samtidsromaner, så vidt jeg kan se. Boka Tyl gjorde jeg kvikk prosess med, så nå kaster jeg meg over Sveve over vatna av Ragnar Hovland. Alt vitner om at dette blir en minneverdig sommerjobb.



Remember, Remember, the Fifth of November

mhm:)

dagen starta klokka ni med møte, før me gjekk opp for å bli betre kjend..
me fekk bøkene me skulle lese, og byrja med "Tyl".
me fekk lese ei lita stund før lunsj, også fekk me vite kven som hadde sponsa prosjektet.. det kom ein frå sogn avis for å prate om prosjektet, og no sit me her for å lære korleis me skal blogge..

Tut og køyr!

No er me i gong med Littkrit:)
Me har fått utdelt fem bøke, og starta med lesingen.
Opplegget virka greitt og moro og me har mykje å lese på:)

no er me i gang!!!

nå er endleg littkrit prosjektet 2006 i gang!!!

dagen byrja med att alle blei kjent med kvarandre.
så blei det utdeling av bøker. Me fekk 5 bøker!
Dei var: Finn Tokvam's Tyl, Ragnar Hovland - sveve over vatn, Olaug Nilssen - få meg på for faen, Atle Hansen - som ein engel, og endå ei Olaug Nilssen bok: Vi har så korte armer.
så blei det ei god lese økt på vel 1 time. Der oppgåva var å byrja å lese Finn Tokvam sin Tyl.
den hadde eg lest så det blei Atle Hansen sin Som ein engel på meg då.

Dagen idag!

Vi begynte dagen med appelsinlek, hadde så litt orientering og gikk over på å lese "Tyl" av Finn Tokvam, en av fem bøker vi fikk utdelt. Det er den boken vi skal jobbe mest med denne første uken. Etter flere runder med lesing og litt lunsj, fikk vi besøk av en journalist, og tiden etter det har blitt brukt til å lære oss å blogge! =)

Hai! No var eg óg klar, du! Første dag...

Ja, kva kan eg seie? Eg var utruleg nervøs tidlegare i dag for å komma på jobb, min første jobb.... Og dette er berre ein sommarjobb for å toppa det heile. Men med ein gong eg sette foten ned framfor døra til biblioteket i Aurland, følte eg ein slags etterlengta ro inni meg. Kanskje det var på grunn av dei levande skarpe fargane på søylene inne på biblioteket, eller kanskje fordi eg kom tjue minuttar for tidleg. Få folk var det iallfall i byrjinga, men så er me berre tolv i alt.

Under dei første timane var alle stille som mus, ein pinleg taushet for leiarane for LittKrit-prosjektet var det sikkert. Men etter kvart som me løyste opp vart det meir livlegt, spesielt medan eg skriver denne første bloggen min. Eg skal innrømma at eg framleis er litt usikker på kva som skal skje dei neste dagane, særleg anngåande skrivinga - men eg er heilt sikker på at alle som har med prosjektet å gjera føler det samme. Ingen har gjort noko slikt før, me er dei første. Det kriblar nesten inni meg berre tanken på det åleine.

Etter berre eit kvarter fann eg ut at eg måtte vera den eldste av søkjarane, og eg veit ikkje heilt kva eg skal seie til det. Eg føler nesten at det vert forventa litt ekstra frå meg kanskje, som ein av dei "erfarne?" Det kan eg berre fundera på, men innsats må me alle gje. Hittil i dag har me vorte meir kjende med kvarandre, først av alt samla me i ein ring for å senda ein appelsin rundt til den som skulle seie namnet sitt. Det vart litt interessant då leiaren Petter fann ut at me måtte senda appelsinen så fort som mogleg, det løyste litt på den tidlegare spenninga.

Etter omvisninga fekk me utdelt fem bøker kvar frå Samlaget, og den første dei fleste byrja på var "Tyl" skriven av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Eg har ikkje komen så langt enno, men eg likar boka veldig mykje allereie. Me har brukt mykje av tida vår på å lesa i dag, nokre vart intervjua av lokalavisa trur eg, og no driver me med den digitale delen av prosjektet. Eg byrjar å føle at dette kan gå greitt for dei involverte under dei neste to vekene.

Fyrstedagen

Det starta med at me vart kjent med kvarandre. Seinare fekk me utdelt bøker og byrja straks å lesa boka av Finn Tokvam, Tyl, som me skal jobbe med denne veka. Etter ei god økt med lesing og matpause, fekk me besøk av ein journalist frå Sogn Avis. Han intervjua litt medan me las vidare i boka. Siste delen av dagen har me brukt til å lære å bruke bloggen.

dag1

no er me i gang. den første boki vaor er TYL av Finn Tokvam. grei nok so langt. pressen var på besøk, og for hopentleg kjem me i avisao. dei spurde om kvifor me søkte og slikt. eg svarde pengane hadde skulda. (og ha noko meiningsfullt å gjera i fritiden) da er i grunn moro og vera med, lett tente peng! men konklusjonen min hitt til er at det er moro og innteressant. vell vell, dagen i dag har godt til å bli kjent, lesa i boka TYL, godt gjenom veke plan og lært og bruke Blogg. med andre ord kjmpe moro! fortsetelse følger i morgen.

jørgen er klar

jau! da kvikna vell til eter kort ska du sjao!

Me er i gong!

Nett no sit 12 vordande litteraturkritikarar att med meg og fyljer ut eit spørjeskjema:
'Kva betyr nynorsk for deg?'
Her verkar det som svara kjem til å variera mellom alt og ingenting! Desse skjemaene skal dei sjølvsagt få svara på ein gong til den siste LITTKRIT-dagen!

23 juni 2006

Kremen av kremforfattarar til Littkrit!

Me sit her lamme av forventning og glede, for veit de kven som kjem til oss dei to neste vekene!? Kvardagsdronninga sjølv, Olaug Nilssen! Vinjeprisvinnar Atle Hansen! Og sist men ikkje minst Ragnar Hovland! I tillegg skal me på Otternes bygdetun og møta Gry Mørk som skriv bok om Nærøyfjorden. Eg kjem tilbake med meir informasjon straks! Snart brakar det laus!!!!!