29 juni 2006

Forfattarbesøk på Otternes

Møtte opp som vanleg på biblioteket kl.09.00. Etter det fekk me beskjed om å gå i gruppene, og starta med å laga spørsmål til Gry Beate Mørk, som skal skrive bok om Nærøyfjorden. Då me var ferdige med den arbeidsøkta, hadde me ein heil del sprøsmål klare. Den boka Gry Beate Mørk skal skrive er ei fagbok.

Sidan boka hennas skal handla om Nærøyfjorden, fekk me også ei oppgåve der me skulle finne ut litt informasjon om Nærøyfjorden. Då gjorde eg nåke som eg ikkje er så vandt til, fordi eg brukte biblioteket i staden for internett til å finna ut om fjorden. Dette viste seg å fungera svært bra:)

Då alt arbeide var klart, hadde gruppa litt tid til overs, og den brukte me sjølvsagt til å lesa bøker. I dag så starta eg på ei heilt ny bok.

Bussen kom kvart på tolv, og då reiste me med ein gong til Otternes, som ligg inn mot Flåm. Sidan været var så fint satt me ute og åt matpakka våres då me kom fram. Før Gry Beate Mørk skulle holda eit føredrag til oss, fekk me ein omvisning på Otternes. Sidan me har hatt skuleprosjekt der før har me fått den omvisningen før, men det var kjekt å få friska opp i hukommelsen.
Etter omvisningen snakka Gry Beate Mørk ei god stund om ein del ulike emner. Me satt å lytta på og vart med på ei oppgåve som ho gav oss. Det var interessant å få høyra tankane til ein forfattar før boka blir skriven;)

Til slutt i dag så tok me bussen tilbake til biblioteket og skreiv blogg, slik som me gjer kvar dag.

Kjempefin dag, med mykje sol og frisk luft:)

Ingen kommentarer: