30 juni 2006

Avslappande dag <3

I dag har me avslutta me arbeidet med vår analyse, eller tolkning om du vil, av boka "Tyl". Gruppa mi blei ferdig med hoveddelen av teksten relativt tidleg, så me prøvde å få til ei bra avslutning. Det blei så det blei, kanskje litt personleg, men det er jo vel og bra!

Gruppe 3 sin tekst, gruppa mi, er lagt ut av Vetle her på bloggen, vår leiar =P

Det har vore kjempefint vêr, sjølv om me kanskje ikkje har fått nyte det så mykje i og med at vår gruppe satt inne og prøvde å fokusera på å bli ferdig med analysen. Men etter at me blei heilt ferdige med den, så satt me ute og las, til me blei ropt inn for å sjå to kortfilmar. Me så "Gull og grønne skoger" og "Solvorn". Det var jo kjekt. Eit lite avbrekk frå jobbinga mottas oftast med eit smil :)

Alt i alt har det vore ein kjekk dag, monge koselege diskusjonar om "Tyl", og litt andre ting ein sjelden gong, blant anna i lunsjen.

Jappz <3

Ingen kommentarer: