28 juni 2006

Midtvegs i fyrste veka;)

I dag starta me med å ha eit lite gruppemøte, og så satte me i gang med å analysera boka, Tyl, og skriva litt om ulike hendingar som skjedde i boka. Alt dette skal flettast inn i ein bokmelding me skal ha klar til fredag. Eg trur ikkje det blir så vanskeleg å skriva om akkurat denne boka, for den er lettlesen og underhaldande. Tyl var ei bok eg kan sei meg ganske fornøgd med. Etter eg var ferdig å lese denne boka, byrja eg å lese ei ny bok som heiter, som ein engel. Denne boka var eg ikkje så fornøgd med, var litt for kjedlig. Eg trur at eg kjem til å bytte til ei anna bok, som er litt meir slik som eg likar bøker.

Då matpausen var unnagjort, laga gruppa mi spørsmål til forfattaren Finn Tokvam. Dette var ein ganske enkel sak, sidan med hadde mykje som me lurte på. Til slutt i dag har me lært litt om korleis me skal bruke biblioteket og internett. Eg kunne ein del av det frå før, men var også ein del nye ting eg lærte.

Denne dagen har vertfall vert alletiders:)

Ingen kommentarer: