30 juni 2006

Supergrønt

Når eg no skriv "i dag," meiner eg sjølvsagt "i går," sidan eg ikkje fekk tid til å blogge før no på morgonkvisten.

Husker ikke helt om jeg stod opp i dag, men eg er jo ganske sikker på at det blei gjort, slik rundt i fem-tida om morgonen. Er kanskje ikkje så rart at eg ikkje hugsar så mykje, for eg var nok temmeleg trøyt.

Nuvel, blei ikkje så mykje lesing i dag, for det meste fordi vi konsentrerte oss om ein litan tur i dag. Vi dro opp til fjells, eller i alle fall til ein plass som etter mine definisjonar var fjellet. Der fekk vi høyre på Gry Mørk som fortalde om boka ho skulle skrive om Nærøyfjorden. Var ikkje så gale, interesangt å høyre på, men dei spørsmåla eg hadde førebudt blei besvart under foredraget. Så eg blei no sittande der som ei litt over gjenomsnittet hårete bokstøtte. Ja ja, eg hadde no i alle fall ikkje allergi, og det er eg bra glad for, spesielt sidan graset var nyslege.

På bokfronten er det ikkje mykje nytt, snart ferdig med "Som ein engel" no, og den har jo vore ganske bra så langt, eg mistenkjer at denne slutten kjem til å vere litt vag, den óg, men eg har no fått det for meg at dette er eit sjangertrekk, så eg går ut i frå at det berre er å gjere det beste ut av det.

I morgon er nok ein dag, ikkje berre det, det er ein fredag.


V

Ingen kommentarer: