28 juni 2006

Og på den tredje dagen

Var ikkje så ille å stå opp i dag, forsov meg litt, men ikkje nokon krise, rakk bussen. Fikk tid til å lese ferdig Sveve over vatna og"Vi har så korte armar -Tilstandsrapportar". Må seie eg er litt smålei no, ikkje av jobben, sjølvsagt, men heller slutten på bøkene. Ikkje for det, eg er ikkje ein happy ending-avhenging, kanskje tvert i mot, eg likar når ting går berre ein anelse rett åt skauen. Tyl og Sveva over vatna har det til felles at dei har veldig vage sluttar, og at det ein faktisk ventar på ikkje kjem. Nei, gi meg heller ein standard Film Noir-slutt, der ein skadeskoten Hombre Fatale går døden i møte, vel vitande at hans elskade, som han i dei fleste tilfelle døyde for, vil leve i evig sølibat i respekt for has minne. Eller kanskje ein litt heldigare hovudperson som pakkar saman sakene sine, sparka frå jobben, skilt frå kona og kanskje til og med eit kulehol eller fem for å minne han på at det ikkje har vore hans dag. Og så, når han høyrer ei kjend stemme, snur han seg med eit skeivt smil og stirrar inn i augo på ein ny kvinneleg kompanjong, ein gammal bekjent, eller flamme, som viser seg å vera langt penare og meir sympatisk enn den tidlegare livsledsagaren.

Men no har eg begge beina planta ganske godt i salaten utanfor temaet her. Det er med bøker som det er med livet, har det først kome til slutten, kan ein ikkje anna gjere enn å gjere det beste ut av det. Hadde eg stoppa på eit anna punkt i boka hadde det no vore litt rart, litt dumt nesten, men nok om det. Har no begynt med boka Som ein Engel og joda, lovar ikkje så ille den, sjølv om setningane ofte er så lange at sjølv eg, den inskotne setningas ubestridte monark, blir litt svett. Vonar på ein litt tydlegare slutt denne gongen, men det er no ikkje anna å gjere enn å ta den slutten ein får, med mindre ein føler seg i slag til å dikte opp ein eigen ein, men i mange tilfelle blir det som å hoppe etter Wircola, med vasski. I morgon er nok ein dag, og då skal eg ikkje forsove meg, trur eg då.



V

Ingen kommentarer: