28 juni 2006

Tredje dagen på LittKrit.....


I dag vart dagen litt meir utfordrande. Gruppene skulle jobba med bokmeldinga i dag, og eg fekk nesten sjokk då eg fekk høyre at sidetalet skulle liggje mellom 3-10! Whoa!! Ikkje akkurat blåbær, men eg antar at det er logisk når det er ei gruppa si bokmelding og ikkje berre ein person. Men me skal nok klara det! Berre til å følgja planen me sette i går og tenka på kva me kan ta med heile tida. Det vansklege vert nok å få med alle sine synspunkt i bokmeldinga, men eg skal nok finna på noko som motiverar..

Så ja, dagen i dag var nok den mest slitsomme hittil, eg fekk verkeleg merka byrdene ein leiar kan ha.. Håpar berre at det ikkje skjærer seg seinare. Me noterte ned stikkord og har allereie skrive ei side av bokmeldinga, og når me skulle finna på spørsmål som me skal stilla Finn Tokvam har me foreløpig komen fram til 13 spørsmål. Men det er jo ikkje umogleg å komma på noko lurt å spørja han seinare i dag eller seinare.. Det er nesten skummelt at eg ikkje har rukke å lesa vidare i "Som ein engel"... Eg innrømmer at å lesa boka vart meir som ei fritid for meg enn ein jobb, det var jo så kjekt!

No pustar eg ut medan eg slår fingertuppane raskt på tastaturet på laptopen. Det har alltid vore ein behageleg del av kvardagen å skriva litt ope på internet.

Men uansett:
Eg nemnte at eg kanskje kom til å laga ein illustrasjon til "Tyl" i går, og det har eg gjort! Biletet ovanfor illustrerar Ove Ullkvam medan han sit på ein cafe (mest sannsynleg med bestevennen Ragnar) og grublar over forskjellige saker som har hendt i livet hans. Atmosfæren skal verka tankefult og kanskje fjernt, fordi ein grublande person ser ofte litt fjern ut medan han utforskar sine eigne tankar. Dette bitetet var først berekna å vere berre i svart og kvitt, men for å peika til det vestnorske miljøet som "Tyl" foregår i brukte eg grøne fargar også (tenk fjordar og fjell).

Håpar publikum likar han, og ser kor inspirert og interessant "Tyl" var for ein rastlaus ungdom som meg. :3

Ingen kommentarer: