30 juni 2006

Bokmelding av gruppe 1


Bokmelding av boka Tyl, skriven av Finn Tokvam!

Bygdeglasnost
I ei lita bygd som eg bur i
Veit alle alt
Dei ikkje skal vita

Men viss eg spør om dei veit
Det dei veit
Som dei ikkje skal vita

Veit dei ikkje det

Og seinare veit alle
At eg spurde om dei visste
Det dei veit
Som dei ikkje skal vita
Men som dei veit

Dette dikte er innleiinga av boka TYL. Diktet fortel eigentleg ganske mykje om det som er skrive i boka. Fortel om korleis det er å bu i eit lite bygdesamfunn, og alt sladderte som er der. Dikte syner korleis ei fjør kan bli til fem høns.

Handling:
Handlinga byrjar med at Ove Ullkvam er på Logen bar med bestekompisen Ragnar Mårtensson. Då han sitte på baren med Ragnar så byrjar han å sjå tilbake på livet sitt.

Ove tenker heilt tilbake til Gymnaset. Der hadde han vore kjærast med den vakraste av alle jentene, nemleg Cecilie. Ho hadde sett Ove, den sjenerte og nervøse som var kjempe forelska i ho. Dei hadde vore saman lenge, og hadde mange planar for livet. Dei skulle saman flytte til Bergen for å studere, men då den tid kom, reiste ikkje Ove med Cecilie. Han blei verande for å jobbe på nærbutikken i den vesle heimbygda.

Tida gjekk fort og snart vart det slutt på knulling under plommetrea og båtturar. Ove hadde slutta å jobbe i nærbutikken og blei ein svært nervøs og usikker postmann. Dette bestemte Ragnar kameraten til Ove seg for å forandre på. Så i fylla skriv Ove og Ragnar ein avtale som forandrar alt. Ein avtale som skal hjelpa Ove til å finna seg sjølv. Men Ove finn også mykje anna. Blant anna den store kjærleiken.

Avtalen lyder:
Avtale mellom Ove Ullkvam (frå no av kalla Den Diffuse Postmann) og Ragnar Mårtensson (frå no av kalla Den Direkte Sakføraren). Dei neste fjorten dagane skal Den Diffuse Postmannen i størst mogleg grad vera seg sjølv. Han skal seie det han meiner, sjølv om dette ikkje alltid kjennest så himla lurt. Den Diffuse Postmannen skal gjera det han har lyst til. Han skal slutte med dill og dall i omgang med personar han møter på ruta si og elles i desse dagane. Møter han for eksempel nokon han meiner er eit svin, seier han det til dei, så dei slepp å leva i uvissa. Han skal ikkje gå i vegen for ein god krangel, og stå på krava i det lengste. Den Diffuse Postmann treng ikkje vera usakleg og ufin i utrengsmål. Men skal til ei kvar tid stille seg spørsmål: kva vil eg? Den Direkte Sakføraren skal føra sitt liv som vanleg. Då dette på alle vis alt held mål i massevis. Dei to skal i samrøre avgjera om punkta i avtalen er oppfylgde etter desse fjorten dagane. Er dei det, vankar det heider og gratis hotellrom på vossajazz (med badekar) for Den Diffuse Postmann. Bryt Den Diffuse Postmannen avtalen, lyt han betala bar rekninga til Den Direkte Sakføraren (Max 70 alkoholeinigar). Denne avtalen gjeld same kva dei to partane seinare måtte hevda i edru tilstand.

Ove Ullkvam

Ragnar Mårtensson

Seinare i boka handlar det mykje om korleis Ove skal leva livet sitt. Han reiste på vossajazz med Ragnar, og der møtte han ei jente som heitte Sara. Ho kom frå Oslo og var sjukepleiar. Han var som vanleg veldig redd og nervøs. Dermed tok det litt tid før han fekk kontakt med ho. Då han fyst fekk kontakt, slo det gnistar mellom dei med ein gong. Ove tok Sara med på hotellrommet, og der utvikla vinen seg til sex.

Ove inviterte ho heim til heimbygda si og i månadane framover møttes dei kvar helg. Då Sara kom var dei ofte hjå Ragnar og drakk, gjekk turar og hadde utfluktar. Ho møtte foreldra til Ove, men Ove møtte aldri foreldra til Sara. Lenge var forholdet som ein draum, men plutseleg forandra Sara meining. Så det blir slutt mellom Ove og Sara, noko som Ove tar veldig tungt, men etterkvart kjem han seg over tapet og bestemmer seg for å klare seg vidare.

Romanen strekkjer seg over eit tidsrom på om lag eitt og eit halvt år. Der Ove Følgjer opp avtalen som han og Ragnar skreiv i fylla. I byrjinga har han ikkje lyst til å følgja avtalen, men då han først er i gong og kjenner kjensla av korleis det er å vere sikker og bestemt, oppnår han resultat. Så han og Ragnar reiser på Vossajazz. Boka syner korleis Ove lever meir og meir opp til avtalen, og blir til slutt ein så sikker mann, at den forandrar heile livet hans. Det endar med at med at Ove innser at han burde gjort det han helst ville for lenge sidan. Det var å reise til Bergen for å studere. Han seier opp jobben sin og flyttar til Bergen.

Forfattarar
Halvor Folgerø og Finn Tokvam debuterer med denne sorgmuntre og humoristiske forteljinga om vennskap, kjærleik, sakn, Charlie Parker og Olav Stedje.

Halvor Folgerø
Halvor Folgerø (f. 1967), oppvaksen på Stord, bur i Bergen, der han arbeider som journalist i NRK, m.a. har han vore programleiar for "Mediemenerne". Han har arbeidd med humor i programposten "Radio Røynda". Jobbar ved sida av som musikar, m.a. som bassist i gruppa Aftenlandet, og fagottist i populærorkesteret Finn-Erix.

Halvor Folgerø.

Finn Tokvam (f. 1972) kjem frå Flåm. Busett i Bergen. Arbeider som journalist i NRK. Har også arbeidd med humor i programposten "Radio Røynda" og som spaltist i Bergens Tidende. Han er vokalist i populærorkesteret Finn Erix.

Finn Tokvam.

Skildringar :

Ove: Ove Ullkvam bur i ei lita byd på Vestlandet. Han er lei av det rutineprega livet sitt som postmann, og fyller dagane med musikken til Charlie Parker. Han er tretti år, ikkje serleg sterk eller vakker og litt rund i kantane. Han er lettpåverkeleg og har dårleg dametekke. Ove er nervøs og har ingen ryggrad. Men etter kvart fekk Ove meir ryggrad seinare.

Ragnar: Ragnar er kompisen til Ove. Han er meir enn normalt inspirert av artisten Olav Stedje. Han er meir frampå og slaskete, litt ”harry” og har godt dametekke. Han er kynisk, men har inga medkjensle. Ragnar likar Olav Stedje så godt at han til og med lagar dikt om han. Her er nokre av dikta frå Olav Stedje antologien:

Olav Stedje får ein god ide på julebordet til sunnhordalandsforfattarane
Eg tek
Den fyrste song
Ein gong til

Olav Stedje konkluderer
Jenter
Er
Godt påkome

Olav Stedje på badet
Det er
Tjuetredje
Oktober
Nittensyttisju
Det er
Golvkaldt
Viss eg ikkje
Barberer meg no
Får eg bart
Det vert nok verre
Å eta hamburgar med dressing
Men damene vil koma
An mass
Det er
Tjuetredje
Oktober
Nittensyttisju
Det er
Golv kaldt
Eg får bart

Olav Stedje gjer seg tankar i 1985
No har det
Gått bra
Ei stund

Sara: Er Ove sin kjærast, ho er omtenksam og sjarmerande, men ein kan få mistanke om at ho pånsker på noko. Ho er sjukepleiar og bur i Oslo.

Miljø: Handlinga går føre seg i ei lita bygd. Me blir sett inn i eit bygdesamfunn, der alle kjenner alle, og alle veit alt om alle. Dei har i alle fall lyst til å vite alt om alle! I eit bygde samfunn er det alltid noko klassiske personar, og i boka Tyl tykkjer me at skildringa av desse personane fram. Hjørdis, Paulsen, foreldra til Ove, den synske hunden til Ove og Kåre og Konrad, er nokre døme på klassiske personar som er i eit bygdesamfunn.

Våre morosame utdrag frå boka:

”Ragnar var ein tyl og ein intelligent tosk.”

”Malla Hoff var enke. Den einaste kontakta ho hadde med omverda var legen og meg. Og eg fungerte som ufrivillig støttekontakt. Ho var alltid sjuk. Og det handla ofte om urin. Blod i urinen, sukker i urinen, urinvegsinfeksjon og blærekatarr. Det var difor eg gav ho kallenamnet Mige-Malla. I tillegg til å måtte høyra på sytinga hennar var det blitt min jobb å frakte urinprøvane hennar inn til legekontoret. Små lunkne flasker med piss. Ho hadde ingen andre. Ingen som kunne køyra ho. Malla stod klar med nye prøvar. Og eg plasserte dei forsiktig i framsetet og køyrde vidare. Eg måtte alltid sjå kva slags flasketype Mige-Malla brukte. Lenge hadde ho levert prøvane på små brune apotekflasker. Så hadde ho byrja å variera. Det kom tomatpuré og syltetøy glas. Ein dag låg ein HA-PÅ-boks i posen. Smekkfull med piss. Boksen var ikkje skikkeleg reingjord. Brune, små flak flaut ikring i den gule væska. Eg rista boksen, og då løyste partiklane seg opp. Prøven fekk ein mørkare farge. Ei anna gong hadde ho sendt med ei vademecumflaske. ”

”Onkel Odd elska korpsmusikk. Han retta sitt innetter Korpshalvtimen. På med radioen kvar laurdag. Korps og kaffi, heilt til sist sekund. Han blei funnen i skogen bak huset sitt, med den vesle raude radioen på fullt. Hjartet hans stoppa under eit program om prøyssarmarsjar. Taktfast hadde han marsjert ut av livet til tonar frå eit prislønt engelsk hornorkester.

”- Kvifor heiter katten din Stalin? Sa eg.
- Fordi han er ein god helvet, sa Konrad.”

Konklusjon:
Boka inneheld morosame vitsar og ironiske kommentarar som gjer boka underhaldande og ein vil lese meir. Det som øydeleg boka er hunden til Ove som kan ”prate”, og det drar ned kvaliteten. Det er fine skildringar av personane og eit lite lokalmiljø, som gir gode bilete. Alle på gruppa likte boka, men det var visse ting som trakk ned. Me tykkjer det kunne ha vore ein spenningskurve, med til dømes eit eller fleire høgdepunkt. Det er ikkje noko klimaks. Det var litt lite som skjedde, boka var litt rett fram, men på grunn av morsomheitane vert boka kjekk å lese.

Skriven av Kristen Tokvam, Marthe Selås Olsen, Kent Andre Hagan Sagerud og Håvard Andresen.

Ingen kommentarer: