I dag skulle me opp til Otternes for å høyra på eit foredrag (det trur eg at det var iallfall) av Gry Mørk. Når ein ser på etternamnet skulle ein tru at ho var ein dyster person med eit mørkt sinn, men tvert imot! Ho var ein munter, entusiastisk og veldig hyggeleg person å høyra på, og etter mi personlege meining trur eg at ho kjem til å lukkast som forfattar. Prosjektet hennar handlar om Nærøyfjorden, ho vil skriva ei turisthandbok om fjorden som er på UNESCO si lista over verdsarv. Opprinneleg budde ho i Bergen, men ho flytta til Gudvangen etter å ha sett lanskapet som fort falt i smak.
Målet med den planlagde boka er å visa at det finst mykje meir for turistar å utforska enn det dei først kan tru, Nærøyfjorden er meir enn berre fjord og fjell. Det er historie, det er kunst, det er kultur, det er arkitektur - det er tross alt liv her! Og no som Nærøyfjorden er på UNESCO si lista kjem sikkert turistbesøka til å auka, og då er det ganske naturleg at det vert nedskreve bøker til dei. Me vart fortalde at dette var som ei gåve ho ville gje til plassen ho vart så glad i. Mørk brenner verkeleg for dette prosjektet, og difor trur eg at ho kjem til å lukkast med han.
Men sjølv om det var interessant å høyra på Mørk, og at området og utsikten frå Otternes var vidunderleg å få oppleva, så vart stemninga mi øydelagt av allergien min. Eg er utruleg allergisk mot gras og kjem til å reagera ved den minste strå, og her dreiv jo to gutar å klippa graset overalt!! Heilt forferdeleg... Nysinga og kløa kjem sikkert ikkje til å gje seg før eg har sovna i natt.. Jippi.
29 juni 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar