30 juni 2006

Femte dag, og me har resultatar!

Der var hardt arbeid å halda tritt med alt som foregjekk denne veka, og ekstra vrient var det å laga ei bokmelding som faktisk var langt! Men det gjekk - no kan de lesa vår bokmelding om "Tyl", eg trur at det var Are som skulle publisera han på nett. Me har grubmla og lest, sitert og vurdert, og det vart fire gode sider om Ove Ullkvam og resten av folka og slikt. Det skal verta godt å få tilbake pusten att.

Men i andre nyhende, så vart eg ferdig med "Som ein engel" skrive av Atle Hansen - han handla om ei jente som vart funne død i vatnet nær brygga, det er hovudpersonane Tore og Tommi på 16 år som finn ho, og gjennom forteljinga prøvar dei å oppklara mordmysteriet. Den boka er meir vanskeleg å lesa enn "Tyl" var på grunn av måten teksten var bygd opp på. Setningane vart sinnsjukt lange, eg har fått med meg at det kan gå heilt til ei side langt setning! Da betyr at det må ha vore godt over tjue kommateikn i den setningen.. I byrjinga var ikkje dette positivt, men etter kvart vert ein vant med det og ser på det som ein metode å skapa eit heseblesande effekt, til dømes når det går rundt i hovudet for hovudpersonen Tore. Eit godt døme på ein slik situasjon er når Tore ser tilbake i fortida, då han vart lokka av den avdøde Brit.

Boka vert fort forvirrande dersom ein ikkje følgjer med, så han egnar seg best for folk som ikkje er så redde for å møta på veggar med setningar (eller setningen, kanskje?). Boka har innslag av erotikk mellom ungdommar, men det gjer ikkje så mykje - dei delane var godt beskrivne, ikkje for tullete men med kjensler.

Dette vart ikkje ein fullstendig bokmelding for "Som ein engel" fordi det vart ikkje nok tid under blogginga. Men målet var no å uttrykka mi meining, så det gjer vel ikkje så mykje.

Seinare i dag skal eg ringa til lokalavisa frå mi eiga bygd, avisa heiter Samningen (bur i Samnanger att med Bergen) - eg vart vist kontakta på mobilen av dei i dag for dei ønskte å intervjua meg over telefonlinja, men eg er ikkje ein person som tullar med mobilen når eg er på jobb!! Hehe.... Dei er vel irriterte av å venta på svar no.

Oh well, no tek eg fatt i ei velfortjent helg! Det er gøy å jobba med LittKrit, men det er gøy å få slappa av også. :3 Ciao!

Ingen kommentarer: