30 juni 2006

Fyrste veka gjekk som ein draum:)

Då me kom i dag viste me godt kva me skulle. I dag skulle me levera teksten om boka Tyl. Då me starta arbeidet var me komen halveges allereie, fordi me har jobba med denne teksten sidan onsdag. Alt det som var igjen å skrive, har me brukt dei siste dagane å tenka på. Så me berre sette i gang og det gjekk kjempebra. Etter mykje arbeid med teksten var me fornøgde, og då var teksten akkurat slik me ville ha han.

I dag då me har arbeida, har me vert ute i sola. Sidan været var så fint satt me ute, og det var godt å ha frisk luft og sol heile dagen. Etter at me var ferdige med bokmeldinga, las eg i ei bok som heiter ”få meg på, for faen.”

Sluttdelen av dagen så har me vert inne og sett på nokre kortfilmar, og så fekk me muffins, kjeks og kake. Dette var ein god avslutning på dagen.

Veldig god dag, med mykje skrivearbeid som var bra, slik at det ikkje berre blei lesing.

:)

Ingen kommentarer: