Hmm, første tingen me gjorde i dag var å dela opp alle i LittKrit til tre grupper. Eg hamna i gruppe #2, i lag med tre gutar med namn Kjell, Are og Bjørnar med det grøne håret. Det første som skjedde var at eg vart vald (nesten forlanga) til gruppeleiaren. Whoaaa, litt uvand der... Men eg antar at det er like greitt. Håpar berre at gruppa ikkje sliter noko inni granskauen dei neste dagane, for då er eg den ansvarlege.
Men i dag har det gått ganske greitt i gruppa: to av oss (eg og Kjell, sekretæren/dataduden) vart ferdig med boka "Tyl" i dag, men dei to andre les framleis. Men etter som dagen har passert og me har alle lese i timasvis så har eg tru på at dei også vert fort ferdige slik at me kan byrja med bokmeldinga. Eg har diskutert med gruppa om kva som kan vera lurt å ta med i ei bokmelding, og dermed kjem Bjørnar og Are forhåpentlegvis til å sjå etter viktige trekk dess meir dei les. (om den generelle handlinga, om dei viktigaste personane, miljø, kven boka er berekna på osv) Kjell og eg har ført inn ei slags oversikt over gruppa vår sin timeplan denne veka, på den måten skal me prøva å halda oss til den slik at me rekker å bli ferdig til fredagen kjem, for det er siste frist.
Sidan eg vart ferdig med "Tyl" byrja eg med den samme boka som Kjell les på no, "Som ein engel" skrive av Atle Hansen. Den var litt vanskeleg å fordøye i byrjinga fordi eg ikkje var heilt vant med skrivestilen til Hansen, men no byrjar eg å forstå teksten lettare. Er foreløpig komen halvveis i boka, men han er litt spanande skal eg innrømma (om morningen var eg litt for trøytt den første timen, nesten mirakel at eg er komen så langt..) Eg vurderar å skriva ei bokmelding om både "Tyl" og "Som ein engel" når eg kjem heim att, og kanskje laga ein illustrasjon til "Tyr" fordi eg vart så inspirert. Kanskje eg burde spørja om det er greitt først. Me få sjå om det vert noko av.
27 juni 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar