Dag to
Å stå opp klokka fem var ikkje så vanskeleg som frykta, men det skal seiast at det ikkje var så lett som eg håpa heller. Kom, som planlagt en time før all andre, og oppdaga at det er ganske kaldt om morgonen, også når det er sommar. Slapp ikkje heilt taket heller, den kulda, ut over dagen gikk eg rundt og småhutra. Nå skal det nå seiast at jeg har mange frostbogar i familien, det forklarer kanskje litt, men det VAR kaldt.
Men nok om det, over til bøkene. I dag kom eg ganske langt i Sveve over vatna. Det må vere lov å seie at starten på den boka er foruroligande lik situasjonen i Tyl, men det tar seg litt opp etter kvart. Forteljarstilen i Sveve over vatna er litt merkeleg, men ikkje verre enn at det blir ein både leveleg og etter kvart interesangt å lese. Tror jeg blir ferdig med boka i dag om jeg får ånden over meg, men innan lunsj i morra er den nok ganske garantert utlest. Lurer vel å merke på korleis Hovland kan holde på spenninga, eller interessa, dei knappe 100 sidene som er igjen. Eg mistenkjer vel å merke at det kommer en liten joker, eit vendepunkt eller noko slikt når som helst nå.
V
27 juni 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar