29 juni 2006

29. juni

dagen byrja med att Betsemor sendte melding til meg i 7 tida og då vakna eg, noko som var veldi unødvendi då eg ikkje fekk sova meir.
men under det vanlege morgon møte så fekk me beskjed om at me skulle til Otternes og ha eit foredrag med Gry Beate Mørk som skal skrive om nærøyfjorden og turar og slikt der ute. men først måtte me finne litt fakta om Aurland, verdsarv og UNESCO. Me skulle og lage spørsmål til Gry Beate. Etter at me hadde funne ut masse om dei forskjelege tinga og laga mange relativt vetige spørsmål. Så fekk me lese vidare i boka vår før me skulle ta til på ferda inn til Otternes (Aotnes). Når me var fram kommne så blei det ein liten lunsj pause på oss. Så blei det ei kort omvining på område der opp for oss som hadde vore der før så blei ikkje det noko spennade bortsett frå då me fant eit bilde på 50 cm. Men når omvisninga var ferdig så skulle me ha dette foredrage som skulle vare i ca ein halv time til ein time, men det gjekk vel helst 2 timar og 15 min, men hadde det vore tid til meir så kunne ho sikkert ha prat i 1 time til. Så den dama kunne ha målbunde sjølvaste Petter.

Timane krabba av garde og soli steikte på oss, Gry Beate berre jabba vidare om ting som faktisk var litt interesant, noko som overraske meg for di eg faktisk var litt skeptisk til heile greia med ho der dama. Må berre nemne det at eg har sete attmed ho på bussen heim frå Årdal, utan å vite kven ho var... verda er jammen liten!!!!!

Men for å gå litt nærmar inn på det ho sa så kan det jo nemmnast at me hadde ein lang diskusjon om eit tema som ho ville skrive om i boka si, nemleg "dyrkinga" av reine ariske rasar på Stalheim under 2 verdskrig. Ho hadde berre høyrd om det frå ein fyr i Gudvangen og Kristen meinte att han hadde høyrd det same men meinte det berre var lause rykter. Men Kven veit han Hitler var jo ikkje heilt goe stakkar :P

I mårgo så er det avslutting av arbeidet med tyl som står på programmet.

dagen i dag har vore heilt grei kanskje litt langdryge med det der foredrage men ellers veldig grei....

Ingen kommentarer: