30 juni 2006

Ei veke til ende

Så er den fyrste veka av LITTKRIT-prosjektet til ende. Det har jaggu vore ei intens veke - heile tida noko som skjer eller skal skje eller burde skje kan ein seie. I dag har me hatt medarbeidersamtalar - eit nyttig reiskap for oss som leiar prosjektet. Pionér-ungdommane har mykje på hjartet som vert retningsgivande for prosjektet vidare, både i år og neste år. Me har lenge forsøkt å få skaffa ei episode av Radio Røynda frå NRK, men byråkrati=tid, så me heiv oss på to kortfilmar med perifer og direkte tilknytning til regionen: 'Gull og grønne skoger' av Harald Zwart og 'Solvorn' av legendariske Anja Breien. Me tilét oss litt visuell input før helga - ei vanvittig spennande veke ventar oss!

Ingen kommentarer: