07 juli 2006

Vanvittige tiltak og 'turd' kultursatsing

Det er mykje snakk om politikk som er 'villet'. Om LITTKRIT kan ein seie at det ikkje berre er ein villet kulturpolitikk som ligg til grunn, men også ein 'turd'! Me har turd å gjera noko som ingen anna kommune eller institusjon har gjort før oss, og ja - me er stolte. Ikkje berre stolte, forrestan - glade også! Opplegget har vist seg å innehalde långt fleire dimensjonar enn me kunne drøyme om på førehand. Her samlast ungdom frå heile regionen, og endå lengre enn det også, rundt den nynorske samtidslitteraturen, i år representert ved forfatterne Olaug Nilssen, Ragnar Hovland, Atle Hansen og Finn Tokvam og Halvor Folgerø! Ein kan jo mista pusten av mindre! Der fekk eg nemna noko av orsaka til at me er så stolte. Glade er me fordi prosjektet har vorte så inkluderande og befriande positivt. Bånd har vorte knytta mellom ungdommar frå ulike nynorsk-kommunar, impulsar utanfrå skapar rørsle og liv!
Men eg kan ikkje lata meg sjølv stoppa allereie her! LITTKRIT er eit vanvittig tiltak i den forstand at me ikkje visste kva me gjekk til, og ikkje kor me ville i førstninga heller. Kvar me skulle hen var umuleg å seia noko om, det fekk me berre ta som det kom. Sopass sjansevillige må ein vera eit budsjettår i ny og ne. Men eit eller anna kjendes rett. Som biblioteksjef jobbar eg mykje med kultur. Eg er glad i kultur, og ingen ting er meg kjærare enn å kunne servera lesehungrige barn og unge det siste frå fantasy- skrekk eller kjærlighetslitteraturen. Men kvifor stoppa der? Kva med å sjå det utrulege potensialet som ligg i kvar einaste hylleplasserte tekst i biblioteklokalet, hyre inn ungdommar til å brekke laus på noko av det, sjølvsagt ispedd temaer som 'korleis nytta biblioteket på best mogleg måte', 'korleis navigera seg smartast mogleg rundt på netet' og 'kva er kjeldekritikk?'. Alt sjølvsagt bunde saman av eit mål om auka kritisk tilnærming til kulturelle, sosiale og samfunnsmessige aspektar. Og som ein paraply i alle regnbogens fargar, med stripar bølgedalar, ein ulv bak ein stein og raudhette i framsetet- den nynorske litteraturen! Bedre vert det ganske enkelt ikkje! Og det kan verka som at Dn.no, Bergens Tidende, Sogn Avis, Nationen, Samningen, NRK P1, NRK Sogn og Fjordane og fleir delte nokre av dei synspunkta - dette fortener media og folket si merksemd! Dette er smart investering i ungdom, kultur og nærmiljøa deira si framtid! Dette er ein blogg, Bloggen er ein del av arbeidsdagen under LITTKRIT. Til blogging har me berre satt av så og så mykje tid per dag, og eg er i ferd med å ikkje verta ferdig innan fristen. Eg rundar av og vonar alle deltakarar, sponsorar, forfattarar og alle andre eg har gløymt har hatt to fine veker saman med oss. Vil også ynskje alle ein god sommar, og satsar på at me sjåast att neste sommar. Med helsing Petter von krogh, prosjektleiar, LITTKRIT 2006.
idag har eg lest ferdig boka ; få meg på for fan. i dag er de siste arbeidsdag, det er bra at me skal ha ferie. har ikkje jobba som mykje i dag. snakka og dikutert med Anita om eit spørjeskjema, evaluering.


ferie jippi !!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Den siste Blogg

Vel då var det den siste bloggen min jaja det har vært to gode veker men ingenting varer evig. Vel Littkrit er eit godt prosjekt som kan lære ungdom meir om nynorsk litteratur, og det er bra at det blir tatt inn folk frå andre fylker eller kommunar. Eg anbefaler Littkrit for andre ungdommar det er ikkje så nerdete som det trur og lønna er god. Vel det var det.....

Kristen Tokvam 8)

Då var Littkrit over.........

Ja no er det då den siste bloggen som eg skriv for Littkrit, viss ikkje eg e så slu at eg slenge inn ein søknad til neste år og da. Mohahahaha:p Me inkje veta:p hehe:p
I dag har EVALUERING vert dagens ord. Merkeleg det der med skjema med masse spårsmål og så får du tre ark til med nesten heilt like spørsmål:s Menne viktig det veitu;) Jajaja!
Littkrit har vert kjempe gøy å vere med på!!!! Eg har blitt kjent med mange nye og kjekke folk, som eg mest sannsynleg ikkje hadde komme til å dumpa borti viss eg ikkje hadde jobba her.
Så det er ganske trist at det er over eigentleg, men det skal blli godt med ferie no og:) Eg håpar det blir laga til fleire slike prosjekt som Littkrit framover, slik at andre ungdomar får sjansen til å vere med å ha det moro på eit slikt fint prosjekt. Det er absolutt å annbefale!!!!!!!
No er eg veldig klar for lunch, der me får kake frå kommunalsjefen:) Og så etter det er eg veldig klar for å reise på ferie til Spania:D

Takk for mykje moro og tull folkens!!!!! Kjem til å hugsa dessa vekene me holdt på å slite oss ut;) hehehe;p Alt har vert tipp topp!! Og til slutt vil eg berre sei: Keep On Rocking In The Free World!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Marthe:)

Siste dag i LITTKRIT

Som vanleg blei det eit felt hastverk på jobb, men rakk det akkurat. I dag var det berre å komme i gong med evaluering av prosjektet. Me fekk utdelt to skjema. Det eine var nytt og det andre fekk me også fyrste dagen, for å sjå om noko hadde forandra seg til no. Etter ei god stund med evaluering, så var alt gjort. Me satt oss ned og snakka med Petter litt om korleis han skal styre det til neste år, så gav me han tips.

Dette har vert ein alle tiders sommarjobb, og eg er svært fornøgd med alt som har skjedd desse 10 dagane. Håper dette kan hjelpa meg vidare i skulesamanheng.

No skal eg ha sommarferie, god sommar:):):)

Blogg før lunsj!!

Den var ny.. Blogga før halve dagen er gått. Men jaja.

I dag fekk me ein ny kopi av eit skjema me har skrive på før - kva nynorsk litteratur og språk er og betyr for deg. Eg trur at eg skreiv litt annleis denne gongen, men er har framleis det samme synet på den saken. Meir nynorsk litteratur på skulen fjernar kanskje den frykten elevar har for han, og ikkje trur at alt er reint Ivar Aasen litteratur frå 1800-talet.

Me har også vurdert om kva me tykkjer om LittKrit og kva dei burde gjere til neste år. Eg var ganske nøgd med oppsettet LittKrit hadde, eg hadde ikkje så mykje klagar. Men med tanke på aldersgruppa LittKrit gjev jobb til, noko mellom 16-19 år, så kanskje det skulle vore ein balanse mellom ungdomslitteratur og vaksenlitteratur? Det er openbart at fleire frå året's LittKrit ikkje var klare for nokre av bøkene me hadde i år. Til dømes "Få meg på, for faen" - Olaug Nilssen si bok var nok den mest omdiskuterte, og mange har vel ikkje tørd å byrja med "Sveva over vatna".. Men eg føler at prosjektleiarne må verkeleg få alle til å forstå at LittKrit er ein JOBB, og ikkje del av ein SKULE - med andre ord, dersom folk ikkje oppførar seg som arbeidstakarar og tek dette seriøst burde dei få merka konsekvensane. Etter mi meining er det det einaste som får folk til å skjønna alvoret. Kanskje litt strengare intervju trengs også.

Men eg veit ikkje heilt kva eg skal seie meir på denne bloggen. Eg har berre tenkt på kor nyttig LittKrit har vore for meg - eg har på ein måte utvida lesehorisonten min når eg las bøker eg ikkje plar leite etter til vanleg.

Siste dag!

Hei og hopp!

I dag er det siste dag for denne sommerjobben. Det har vært noen kjekke uker, men no ser eg fram mot å ta ferie =D Ja, i dag har me evaluert, og evaluert litt meir. Snart er det lunsj, og så skal me avslutta prosjektet.

God sommar! Preeekas! :D

Og det var det

Siste dagen i dag, og sidan det for det meste er avsluttning, har det ikkje skjedd så mykje i dag, noko som igjen betyr ein noko amputert blog. Det som var opplegget i dag var at vi skulle fylle ut nokon skjema om Nynorsk litteratur og om prosjektet generellt. Må seie at mine haldningar til nynorsk litteratur har endra seg noko i løpet av prosjektet, for det meste sidan eg har fått tak på god nynorsk litteratur og ein sjangs til å lesa den. Litt trist at det er slutt med littkritt, men slik er det jo, og det skal no unekteleg bli godt med ei helg for å ta igjen litt søvn, blant anna. Blir ikkje så mykje daudtid, vel å merke, den 13 stikker eg til USA, så det er ikkje lange kviletida eg får. Ja ja, slik er livet, de har no vore morro lell.


V takker for seg

dag sist!

i dag he eg fult ut kjema om korlris eg ha het da her og korleis me kan forandra prokjektet til 2007. og da er vell da!

so me talast vell ein gong.

hadda du!













gassvall ! ! ! ! ! ! ! ! ! ! ! ! ! !

blogger

i dag er det siste dagen men eg skal søke om jobb her neste år også

No va da min site blogg

I går skreiv eg at det var min siste blogg, vel eg tok feil. Men idag er det min siste blogg heil sikkert. Detta ha vore ein fine jobb og eg hadde tatt jobben om igjen vist eg hadde hatt sjansen, vel idag he me ikkje gjort so mykje, snakka om kva mehar gjort og kva me meinar kunne vore bedre med prosjektet.

Etterpå blir kake til alle man so berre ha det så godt:P
BYEBYE

sIsTe DaGeEeN!!

uki.. som de kanskje forstår, er dette siste dagen med littkrit 2006=/ aoff.. jaja..

desse to vekene har eigentleg gått ganske så fort, og det har vore ein ganske ny erfaring:p men har vore kjekt og kosele:)
ehm, blir ein ganske kort blogg dette, sidan det er så tidleg på dagen, liksom.. men, men..

men, me har no faktisk gjort noko sjølv om klokka berre er 11.20.. me har faktisk svart på spørsmål om kva nynorsk litteratur og nynorsk er, og kva desse to tinga betyr for oss, så har me evaluert prosjektet, også har me prata om kva det går an å videreutvikle prosjektet til!! mange gode idèar der ja..

fylkemannen, eller noko slikt, kjem vist og i dag! og då får me vist kake.. hmm.. ja...

mene, då var det meir so siste blogg frå mi side!

ha ein fortsatt fortreffeleg sommar!
speaks\m/ =D

06 juli 2006

min siste blogg!!!

dao va me kommne te min siste dag pao jobben som littkrit. (dei andre har ein dag igjenn)
men for min del er det slutt. Eg har hatte det moro på littkrit og ikkje minst har det vore lærerikt og spannande. men eg har ikkje så mykje å seie om dagen i dag me har berre jobba med boka til Olaug Nilssen. Resultate kan du sjå litt lenger nede her.

men eg har egentleg berre tenkt å takka for meg her på Littkrit.
me har hatt mange gode diskusjonar her. men no har eg ikkje tid til å skriva meir i dag.

SÅ TAKK FOR MEG OG LYKKE TIL, TIL NESTE AOR :P

Den nest siste dagen hos LittKrit

I dag så er det eigentleg ikkje mykje å fortelja om, og eg har eit kvarter på meg på å summera opp dagen.

I dag hadde me iallfall det kortaste morgonmøtet eg kan hugse! Petter fekk vist ein telefon frå NRK om noko, så me sprang til grupperommet med ein gong. Der skreiv me ferdig bokmeldinga om "Få meg på, for faen" i gruppe 2. Eg tykkjer personleg at boka fortener meir enn ein trear i karakter, eg kjem til å anbefale boka på det varmaste. Men fleirtalet vann, antar eg - og hadde eg skrive 5 i bokmeldinga hadde eg vel vorte sett på som ein diktator i gruppa eller noko, sjølv eg har grenser.

Men uannsett - no er han oppe, i dag var det eg som publiserte bokmeldinga, med illustrasjonen eg teikna i går. Ho såg litt søt ut der, hehe. Me vart ferdig tidlegare enn eg hadde forventa, så me brukte tida på å lesa på noko heilt til me skulle blogga. Eg las vidare på "Sveve over vatna" som eg ikkje har hatt så mykje tid med dei siste dagane. Eg har funne ut at for kvar bok eg har lese til meir erotisk vart ho! Whoa!

Men no er bloggestunden over. Time to go home once more!

neste siste dag på denne jobben...og siste blogg

Idag ha me berre jobba med bokanmeldelsen av Få meg på, for faen. Berre for å sei da, eg er ikkje einig i kva som står der, denna boka er ikkje so gode som det står i anmeldelsen men det var gruppa sin samla meinig ikkje min.

Etter me var ferdig me anmeldelsen begynnte me å lesa litt i bøkene, blir nok ikkje ferdig med Som ein engel likavell men les den kanskje seinare ein gong. Er nok desverre nesten ferdig med denna jobben og denna veka,

Detta blir og siste Blogg for min del.
so vil berre helsa til alle so lese denna bloggen:P

Nest siste dag i littkrit

I dag hadde me eit svært kort morgonmøte, så me starta med ei gong å skriva bokmelding. Me var komen kjempegodt i gong sidan me starta i går. Men det viste seg at det var ein del vanskelegare enn sist, sidan me ikkje heilt skjønte alt med boka.

I heile dag har me faktisk jobba med denne. Sidan det blei mykje skriving, måtte me ta nokre pausar, for det var veldig tungt å sitta framfor PC’en. Men til slutt så fekk me det til og me var kjempefornøgde med teksten. Så var det berre ein ting som gjennstod, og det var på legga han ut på bloggen. Dette viste seg å vera mykje vanskelegare enn det eg trudde, det vart veldig mykje problem, men etter ei god stund med bal, så gjekk det.

Den nest siste dagen var ein rein arbeidsdag framfor PC’en, men alikavel ganske grei.

Ser fram til å møta opp siste dag på jobb;)

dag 9!

i dag har me jobba med analysen til boka få meg på for faen. arbeidet har godt bra. dagen i dag har vore grei nokk litt kjedeleg. det er vel det einaste me har hjort. så det er ikkje så mykje meir å sei. eg gledar meg til i morgon for då er det siste dagen.

fortsetelse følger i morgen!
i dag har eg lest i heile dag.boka heiter få meg på for fan, eg byrjar og skjønna meir av handlinga, jo meir du les jo meir skjønner eg. skjønnar i vertfall, litt mer ein før. hatt matpause og lest vidare i boka mi.

Hellevang;)

Jepp, siste harde arbeidsdagen, eller i morgo er det evaluering og kos, så eg rekne ikkje det som hard arbeidsdag;) Det einaste me har gjort i dag eigentleg er å skrive bokmelding.Me har jobba i gruppene og berre skrive og skrive. hadde ein liten lunchpause med mykje tull og tøy og det var alt:) heilt grei og fin dag, med mykje jobbing.

Siste dag i morgo, noko som er litt trist, men etter da e d friiiiiiiiiiiii:D
Siste blogg frå meg kjem i morgo, og den skal bli vakker;)

Bokmelding av ”Få meg på, for faen”

"Få meg på, for faen" er skrive av Olaug Nilssen, som også vert kalla den nye nynorske dronninga. Ho vart utgitt i 2005 av Det Norske Samlaget, og kritikarar har for det meste gitt ho ros og heider til romanen. Men er han verkeleg noko for alle å elska?

Handlinga er det ikkje berre èi av, men hovudsakleg tre forskjellige historier om tre forskjellige personar som blir knytte saman av eit felles mål – å bli sedd. Boka kan vere litt vanskeleg å forstå på grunn av ein annleis tekstoppsett, i det minste tykkjer nokre av oss det. Men etter kvart som du kjem litt ut i han så byrjar ting å bli klårare, då du skjønnar at alle personane har ein ”kopling” saman.

Boka nemner fleire personar der nokre har fått namn, medan andre er namnlause men har til erstatning fått ein enkel tittel til dømes kven han eller ho er i slekt med. Me tenkjer at boka har tre hovudpersonar som er dei viktigaste i boka, men alle dei tre er på ein personleg måte knytte til butikkeigaren og familiefaren Sebjørn. Lesaren går ikkje ofte inn i tankane hans, han er som oftast observert av den som fortel. Dette gjelder nesten alle bikarakterane, men dei er viktige for at historia skal flyte vidare.

Før me får møte den første hovudpersonen, byrjar heile boka med eit sitat frå ein songtekst av de Lillos sin song ”Ut”:
”Eg vil ut! Eg må ut! Eg skal ut og drikke meg full!”

Det er ein grunn til at akkurat denne linja vart vald som innleiing i romanen, men for å forstå betydningen betre skal me først sjå på dei tre personane sin historie.

Me får først møte Maria, eldste dottera til Sebjørn som ikkje bur med familien sin men i Bergen. Der studerar ho sosiologi, men for å kunne klara seg sjølv må ho jobba som vikar hos eit reingjeringsfirma. Men ho er ikkje fornøgd med jobben sin, for ho vert hersa av sjefen sin og sett ned på av andre som er ansette ved høgskulen eller elevane der. Ho er små lat, men kjem seg på jobben likevel og går gjennom ein trasig arbeidsdag der ho ikkje vert verdsett som eit individ, ho følar seg nesten usynleg når andre passerar ho som luft.

Maria har fått ei oppgåve i sosiologifaget, ho skal beskriva korleis hennar dag som reingjerar er i eit føredrag. Kvar dag drøymer ho seg vekk i dagdraumar om at føredraget skal få andre til å forstå korleis ho lir i jobben sin, og føredraget skal skapa så stor merksemd at media stormar etter henne i dei bergenske gatene heile tida, svoltne etter eit intervju med Maria. Men når ho skal byrje å skrive på datamaskina vert ho alltid distrahert av andre tankar – ho har bestemt seg for å ikkje gå ifrå maskina men sit i ro, sjølv om ho ikkje kjem noko lenger av den grunn med arbeidet hennar og i staden gjer tullete ting på tastaturen. Ho tastar med nasa si, ho brukar forskjellege skrifttypar medan ho gjentek setninga ”Ikkje lov å reise seg”, ho lagar ein båt av forskjellige ord, og ho skriv ”Det er hol i bøtta, kjære sjef” og har laga ei bøtte med hol i og som er laga av orda ”hol”.

Den andre hovudpersonen er jenta Alma på 16 år med ei heilt annleis historie. Ho har aldri vore populær, ho opplevar sin verste hormonalder, og vert særleg påverka når Artur er borti henne med pikken sin på ein fest på ungdomshuset, og dette fører til at heile tilveringa hennar vert snudd på hovudet. Ho fortel om denne episoden til den nest yngste dottera til Sebjørn sjølv om Artur benektar hendinga, men ho tru ikkje noko på dette og fortel det vidare til alle veninnene sine, som fører til at Alma vert mobba på skulen og på bussen heile tida. Alma har eigentleg lyst å verta saman med Artur som ein kjærast, men det vil ikkje han. Når ho får sjansen til det drikk ho alkohol som ein slags trøyst eller berre for å tenke på noko anna, sjølv om brennevinet til mora hennar ikkje var godt for henne å smaka.

Hormona tek overhand, og Alma kjenner seg kåt nesten heile tida. Men ho klarar ikkje gjere så mykje for å få underlivet til å roa seg ned, sjølv om ho tek til å eksperimentere på seksualiteten sin ved å prøva å bruka ulike gjenstandar, som til dømes femkronerullar og ein hammar med skaftet påsmurd med olje. Fantasiane hennar varierar, men dei er like erotiske og handlar om henne saman med forskjellige personar som ellers hadde vore utenkjelege for henne å ha sex med. Mora til Alma finn ut at Alma har ringt til sextelefonar, og då må Alma byrja å jobba på Sebjørn sin butikk for å betala rekninga hennar. Dei er begge snille med kvarandre, men når Sebjørn finn ut at Alma har stole eit pornoblad frå butikken hans seier han ifrå til mora hennar, og ho vert bekymra over Alma og lurar på kva i all verda ho skal gjere med åtferda til dottera si. Alma går til og med så langt at ho truar Artur med å beskylda han for valdtekt dersom han ikkje innrømmer at det som hende på festen var sant, men me får ikkje vite kva han kjem til å gjere.

Den siste hovudpersonen me møter er kona til Sebjørn. Me får aldri vite namnet hennar, ho er berre kjend som ”kona til Asbjørn”. Ho kan bli sedd på som ein god gamaldags husmor, ho tek seg av både hus og familie med åtte ungar. Men Sebjørn er på jobb, borna er blitt vaksne nok til å gå på skule alle saman, og ho har ingenting å gjere på heime som gjev ho ein meiningsfull touch på kvardagen. Familien legg ikkje merke til det ho gjer for dei kvar einaste dag, og ho følar at hennar behov vert ignorerte av dei. Ho har lyst til å gjere noko som skapar meining for ho og andre, men ho får ikkje jobba på Skoddeheimen nepefordeling AS.

Etter kvart byrjar ho å snika seg inn på fabrikken som om ho var ein som allereie jobba der, og ein dag får ho vite at salet går dårleg hos dei og at det kanskje førar til at nokre får sparken. Dersom dette held fram kjem heile fabrikken til å verte nedlagt, og dette vekkjer kona til Sebjørn si trong til å handle. Først rådfører ho seg med den radikale dottera hennar som er sjølv interessert i å forandre verda gjennom organisasjonar. Ho fekk ikkje mykje hjelp, men ho har bestemt seg: ho reiser til Oslo og skal demonstrera mot nedlegging av nepefabrikken ved Stortinget, sjølv om den eigentleg ikkje var så trua som ho innbiller seg. Men når ho kjem til Oslo oppdagar ho att det ikkje er så lett å få folk sin merksemd som ho først trudde, folk flest som passerte trudde at ho var galen. (ein av dei forbipasserande var Kristin Halvorsen) Når ting ser som verst ut for ho, vert ho overraska av heile familien som kjem for å hjelpe til med demonstrasjonen – frå no av vert det plutseleg fart på saker, og dei hamnar på nyheitene på TV både på vestlandet og i aust. Nepefabrikken får PR slik at salet ikkje kjem til å søkke på grunn av dette stuntet, Maria får endeleg verta intervjua slik ho hadde dagdrøymt om, berre at ho fortel om moglegheitene ein får med nepestappe og at det skal komma ein nepestappe ”naturell” i butikkane.

Stadane handlingane tek til er i bygda Skoddeheimen, Bergen og til slutt i vår hovudstad Oslo. Skildringane av stadane er ikkje noko nytt og spesielt – no er nokon på den staden, der hender det så og så, og me er ferdige med det. Miljøet er eigentleg ikkje så sentralt i denne romanen, dette er ein situasjon som kunne hendt kvar som helst og ikkje berre i Skoddeheimen og Bergen. Og det er fullstendig greitt det.

Det forfattaren har konsentrert seg meir om er kva personane opplever i kvardagen, ned til den minste trivielle detalj. Mest av alt legg me merke til dette når me les om Maria og når ho vert distrahert av til dømes mjuke rosiner ho hadde i frukostblandinga hennar i fleire minutt før ho må komma seg til jobben hennar. Ho studerar han verkleg i slike stunder av trance tilstand, og tenkjer:
”- Eg har gløymt at eg sjølv finst, eg ser meg ikkje frå utsida. Eg er ikkje Maria lenger, eller, eg er jo det, men det er noko anna, eg veit ikkje. Eg har ikkje ord for å skildre kva som skjer med meg når eg forsvinn i rosinas mjukskap.”

Maria er den som dagdrøymer mest og får difor dei mest tilfeldige tankane når som helst medan me les, men når kona til Sebjørn er heime åleine tenkjer ho også tilfeldig, men me får mest lesa om når ho spør seg sjølv kva det er ho eigentleg driv med her i livet. Men den mest omstridde personen, og den mest diskuterte delen i heile boka, er utan tvil Alma og hennar lyst som ikkje vert tilfredstilt. Hennar del finn stad etter familien Sebjørn demonstrerte utanfor Stortinget, sjølv om me får lesa om henne mykje tidlegare. Når du les om hennar seksuelle fantasiar om den nest eldste dottera til Sebjørn, om Artur, om Sebjørn og til og med om læraren hennar, vert du flau over hennar vegne og tenkjer ”Stakkars jente..”. Når ho gjer kva som helst for å tilfredsstilla seg sjølv, og når det vert så alvorleg at ho onanerar på jobb eller når ho kjenner at ho kunne ha teke heile vasken på badet opp i underlivet hennar, byrjar ein nesten å le over kor komisk noko sånt kan høyrast ut men tykkjer likevel at det er synd på henne samstundes. Alma er fullstendig hemningslaus, og samstundes minnar ho det norske folket på at unge jenter har like mykje trong for å tilfredsstilla lysta si slik som det vert ofte skildra om gutar på same alder.

Me gjentek sitatet som romanen startar med: ”Eg vil ut! Eg må ut! Eg skal ut og drikke meg full!” Denne setninga beskriv akkurat det alle tre ønskjer: dei vil ut av deira keisame liv, og nyta det verda har å tilby deira ønskjer! Alle vil verta teken på alvor, dei har rett til det som ein del av samfunnet, og dei vil ikkje lenger verta ignorert og plaga. Det ligger også noko i valet på boka sin tittel, ”Få meg på, for faen”: Maria vil Vestlandsrevyen, Alma vil kjønnslivet og kona til Sebjørn vil arbeidslivet. Og dei treng det no! Romanen avsluttar med eit dikt om skuggeborn:
”Epilog for skuggeborn”

”Dei fem dansar mykjeseiande på kjellargolvet.
Ein lem blir lukka over hovudet på dei.
Det blir mørkt.”


Det er vanskeleg å stadfesta kva dette skal tyde, men vår teori er at sjølv om diktet verkar dyster så har han ein positiv meining. Skuggeborna symboliserar dei tre hovudpersonane, og korleis dei var som ein skugge i røyndommen. Når dei dansar lever dei sitt vanlege liv, men vert framleis ikkje lagt merke til av andre i samfunnet på måten dei ønskjer. Men når ein lem blir lukka over hovudet deira hender eit avgjerande vendepunkt, og når alt blir mørkt blanda dei seg inn i samfunnet, like mørk som han er no, og dermed oppnår dei det dei vil – dei blir like mykje sedd som andre, dei vert ikkje ignorerte lenger.

Boka er skrive slik at det i byrjinga er tre forskjellige historier som vert knytte saman til ei raud tråd, men dette kan verte litt innvikla for enkelte lesarar som fort vert forvirra. For å hjelpa dei som ikkje har forstått korleis personane heng saman: Sebjørn er faren til Maria, men Alma er ei veninne av døyttrene til Sebjørn. Denne boka passar best til ungdom, aller mest til dei som ikkje vert så lett støytte av dei sterkt erotiske skildringane til Alma. Me trur at det er mest kvinner som kjem til å like boka på grunn av at det har ei handling og oppsett som er litt feministisk, men med tanke på at forfattaren er sjølv ei kvinne var det litt forventa også.
Illustrasjon av Maria med Vestlandsrevyen, laga av Lisbeth Fanebust.
Av og til verkar boka som om ho skildrar skodespelarar som spelar inn ein film, og kan vera ein anna grunn som forvirrar nokre – du veit aldri når noko som er beskrive i romanen er ein del av personen sin fantasi, og når det er noko som vert opplevd på ordentleg. Døme på dette er når ein reporter frå Vestlandsrevyen rundar hjørnet medan Maria er på veg til jobben i røyndommen, eller når sjefen på nepestappefabrikken stussar litt før han seier at dette vart dumt, går ut døra og kapittelet startar ein gong til, akkurat som under filminnspeling der ein takning må gjerast på nytt att. Dette kan vere positivt eller negativt, avhengig av kor oppmerksam lesaren er.

Olaug Nilssen skil seg sterkt ut av andre forfattarar, ho vågar å vere annleis. Ho skriv med ein leikande stil og det verkar som ho har kasta vekk all stereotypiske reglar for skriving. Det var ekstrem stor ueinigskap i vår gruppe om denne boka, få forstod han og framleis likte han. Boka passar ikkje for heile gruppa vår sine forventningar, nokre meinar at han gjekk for langt i leiken. Etter ein langvarig og heit diskusjon kom me fram til at gjennomsnittet av vår dom vart til ein sterk 3, nesten 4. Boka er som sagt noko som ikkje passar absolutt alle, men ikkje lat det stoppa deg til å sjå etter ho.

Skrive og vurdert av:
Lisbeth Fanebust, Kjell Bjørgum, Are Bjørgum og Bjørnar Skaim Halle

Torsdag

I dag har me skrive bokmelding/analyse/tolkning-ting av boka "Få meg på, for faen". Me strevde litt, men Vetle dro oss inn igjen i fokus ;) Etter langt om lenge og lengre enn langt blei me ferdige. Det blei 2,5 side, ikkje så altfor mye, men kvalitet framfor kvantitet! Neida, men vi følte oss ferdige! Ja ... vêret i dag har forresten vore fint, utanom nokre små innslag av skyer.

Ja, ikkje så mykje meir å sei i dag. Roleg og fin dag.

Snaix! <3

blogger

i dag tok vi gruppe bilde og lest hele dagen.
i morgen er det siste dagen det synes eg er kjempe synd.

torsdag.. å ein dag att..

jeje,,
me byrja som vanleg med eit lite morgonmøte, før me sette oss i gruppene for å skrive analyse/kritikk/bokmelding av olaug nilssen si bok "få meg på, for faen"..
me jobba med dette både før, og etter, lunsj..

det gjekk jo eigentleg relativt greitt, me fekk litt over to sider.. to og ei halv kanskje..
det var litt vanskelegare å skrive bokmelding/analyse/kritikk av denne boka enn det var å skrive om "tyl", men det har vel kanskje noko med at dei fleste i gruppa syns boka var forvirrande, og ikkje forsto so mykje av den..

men til tross for at vår bokmelding "kun" har to og ei halv side, er det me har prestert å få fram i bokmeldinga relevant kvalitetsstoff!
må kanskje få fram at det for det meste var vetle som skreiv det me har... så me er heldige som har han på gruppa, sidan han og faktisk forsto boka!

jeuf.. dette vart kanskje litt kort, men det får berre våge seg.. har ikkje meir å skrive no..

speaks!\m/

Vel har gjort ferdig Ta meg på for faen analysen og er fornøgd med den jaja ellers har eg um diskutert med dei andre om kva me skulle skrive og kva som ikkje skulle skrivast. Men det har vært ein grei dag med greitt vær overskya og grei tempratur. Og det er den nest siste dagen 8(.

Kristen Tokvam 8)

Bokmelding nr.2 for gruppe 1



Bokmelding av ”Få meg på, for faen,” skriven av Olaug Nilssen



”Få meg på for fan” er ei bok der ungdomen vert godt skildra. I kvardagen møter ungdomen mange farar og problem, som me tykkjer den boka syner godt. Ho syner korleis ei ung jente blir veldig forvirra og usikker på seg sjølv og korleis andre ungdomar kan ha vanskeleg for å akseptera og respektera andre.

Olaug Nilssen:

Olaug Nilssen (f.1977) debuterte med romanen ”Innestengt i udyr” i 1998 og har sidan skrive ei samling tilstandsrapportar med tittelen ”Vi har så korte armar” (2002). I 2004 kom barneboka Ronnys rumpe og i 2005 essaysamlinga Hybrideleg sjølvgranskinga og romanen ”Få meg på, for faen”. Olaug hentar mykje av inspirasjonen sin frå Eva Jensen og Ragnar Hovland. Ho har blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge norske forfattarane, og ho er garantert mellom ein av dei artigaste og mest allsidige. Nilssen vekslar mellom sakprosa og skjønnlitteratur, og det kan ofte vere vanskeleg å plassere ho i ein av desse kategoriane. I boka ”Få meg på, for fan” skildrar Olaug veldig godt kvinnefantasiar. Olaug blir sett på som ein forfriskande forfattar, ho er uforutsigbar og har mykje opprøyr inne i seg.

Olaug med kjendisbriller;)

Handling:


Denne boka er delt opp i tre. Her får me innsikt i tre personar sitt liv, som kjenner kvarandre, noko me ikkje får vite i byrjinga av boka. Den byrjar med Maria som er student og vikar som vaskehjelp, ho trur og at ho er ein kjendis som refsar Skavlan. Medan ho jobbar førestill ho seg at sjefen hennar står over henne og gir ho meir arbeid, ho bruker fantasien til å gjere livet sitt meir spanande og ho ønskjer seg status og respekt frå andre. Ho er så irritert over at ho får lite respekt av å vere vaskehjelp så ho bestemm seg for å skrive eit føredrag som syner korleis det er å vere vaskehjelp.


Den andre historia er om Artur som kjem borti Alma med pikken, og det fører til at ho blir usikker på sin seksuelle identitet. Til slutt syner det seg at Alma har blitt sex avhengig. Ho onanerer nesten heile tida, og det blir så gale at mora hennar ferskar ho. Dette gjer at mora hennar blir veldig fortvila. Alma er og forelska i Artur, men han bryr seg meir om ryktet sitt enn om Alma. Ho er ikkje kul og vert mobba så Artur vil ikkje bli sett saman med ho. Alma som lider etter episoden med Artur ser for seg alle menn ho møter nakne og i erotiske fantasiar, ho har og sex med dottera til sjefen hennar.


Den tredje historia handlar om mor til Maria som ikkje me får veta namnet på men kunn for ”Kona til Sebjørn”. Ho bestemmer seg for å få arbeid, fordi ho er lei av å være heime og gjere alt der. Ho ordnar opp med alt heime og til slutt får ho seg ein jobb på nepefabrikken.


Skildringar:

Alma:
Alma er ei jente på 15 år som er usikker på sin seksuelle identitet. På skulen er ho ein outsider og vert mobba. Arthur som eigentleg er forelska i Alma, er redd for at folk skal sjå dei saman, så sterkt vert Alma mislikt av andre. Alma må byrje å jobbe i butikken til Sebjørn, på grunn av ein heftig stor sextelefonrekning, som ho må betale sjølv.

Artur:
Artur var lang og smal. Han går alltid med ei raud lua. Artur er feig og er veldig redd for kva andre synest om han. Fyren syner ikkje at han har eigne meinigar.

Maria:
Maria jobbar for eit rengjeringsbyrå. Ho skriv på eit føredrag om korleis det er å vere vaskevikar. Maria vaskar på sosialhøgskulen, og skildrar korleis studentar og tilsette ser ned på ho når ho går med vaskevogna, enno ho studerer sjølv. Maria blandar kvardagen med fantasi journalistar og TV-repporterar blant anna, Halvor Folgerø.

Sebjørn:
Sebjørn står det ikkje så mykje om i boka, men likevel er han ein viktig person. Veldig mykje av handlinga i boka er bygd opp rundt han. Det er Sebjørn som bind saman dei tre hovudpersonane i boka. Sebjørn eig og den lokale butikken der Alma jobbar. Han er gift og har åtte ungar. Sebjørn er litt sær, vil me sei, for har eit ganske gammaldags syn på kvinna sin plass i samfunnet. Kona hans er heimeverande og det tykkjer han er heilt greitt.

Kona til Sebjørn:
Kona til Sebjørn heiter ikkje noko anna enn «kona til Sebjørn». Sebjørn og kona til Sebjørn har heile åtte døttre, og kona er heimeverande. Sebjørn si kone gjer ikkje noko anna enn husarbeid. Ho er heime kvar dag, og vaskar, lagar mat og passar på familien. Sebjørn er ikkje noko stor hjelp for ho, ho må berre gå der og ordne opp i alt familie tullet. Men dette vil ho ha ein slutt på. Ho bestemmer seg for å finne seg ein jobb. Ho vil ut å bli noko stort, syne at ho og kan gjer noko anna enn å vere heime å rydde. Så ho reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegginga av ein fabrikk. I slutten av boka får me vite at fabrikken ikkje blir lagt ned og at kona får seg jobb der.

Miljø:
Miljøet i denne boka er veldig forskjellig. Handlinga går føre seg i Skoddeheimen og i byen Bergen. Me blir sette inn i eit lite lokalmiljø, der alle kjenner alle, og alle veit alt. Boka sett oss og inn i eit studentsamfunn, og i dette tilfellet Bergen. Elles er det mest ungdomsmiljø som vert skildra.

Våre utvalte utdrag:

”- Ein hammar.
- Ein hammar? Kva skal du med den?
- Det er den nest eldste dottera til Sebjørn er på besøk, og no har ho gått.
- Jamen kunne ikkje ho ha henta hammaren, seier mamma, - kor er hammaren, Alma seier ho, ho rotar i verktøysskrinet, ho og, og så begynner ho å tenke på songen” Kor er hammaren, Edvard”, og så vil ho gjerne vere blid og ikkje berre ei kjeftesmelle, så ler ho.
- Hehehe, kor er hammaren, Alma, du trenge han vel no?
- Han er her, seier Alma, for no har ho funne han.
Ho held han fram slik at det svære skaftet skin.
- Kor er hammaren, Edvard, ler mamma – tok du den?”

”Hammar skaftet går ikkje inn. Det er for breitt nedst, og Alma skjelv av raseri og frustrasjon. Ho legg seg ned på dogolvet og gnir skaftet mot fitta medan ho tenker på kor store og fine brysta til Sebjørn si nest eldste dotter ser ut mot treningsjakka. Men det er ikkje nok, det går ikkje, og dessutan går det ikkje an å halde på slik når mamma går i nabo rommet og syng ”kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no? No når døra skal spikkrast igjen”. Og nest eldste dottera til Sebjørn, ho var på sjukebesøk. Ho var på besøk for å få Alma til å sei at det ikkje var sant at Artur hadde tatt på ho med tuppen av pikken sin. Og Alma fekk lyst på ein hammar i seg, og ho reiste seg opp frå senga og streifa kroppen til Sebjørn då ho var på veg ut av senga. Den nest eldste dotter til Sebjørn brølt:
-FYYYYYYYYYY FAAAAAAAAAAN.
Og så gjekk ho.
No er Alma sitt personlege helvete laust.”


”Onsdag morgon klokka 5:40 syng klokkeradioen til Maria:

Dei fengsla Maria, dei steina ho for løgn,
Medan minnet etter seminarleiaren blir feira kvart år.
Ja, herrane blir heltar og folket blir dømt,
og vi veit korleis det eigentleg gjekk til, får vite at vi
har drøymt”.


Konklusjon:


Boka er veldig forvirrande til tider, det er vanskeleg å henge med. Roman si oppbygging er skriven med ei vekselvis skifting mellom røynda og dagdrøymar. Det er eit positivt hjelpemiddel, men i denne boka vert det til tider litt forvirrande. Me vert usikker på kva som er røynd og kva som er dagdrøyming. Temaet i boka er om kvinna sin plass i samfunnet og om seksuell usikkerskap. Boka hadde ikkje noko høgdepunkt, men boka har eit lite vendepunkt, det er at Kona til Sebjørn fekk jobben på nepefabrikken. Me synest boka var grei, men me likte ikkje boka noko særleg. Me syntes boka var forvirrande og spesiell. Det var antydingar til morsomheitar, men me syntes eigentleg det ikkje var så veldig morosamt. Det var ikkje vår type humor. Boka var kanskje litt for vaksen for oss, for me er ikkje så interesserte i akkurat det temaet der.

Ferdig med Få meg på, For Faen

Som det står i tittelen, i dag blei vi ferdig med arbeidet rundt boka Få meg på, for faen. Nesten litt småtrist at det er så lite igjen av prosjektet, eller sommarjobben, om du føretrekk den definisjonen. Dagen i dag har for det meste gått med til gruppearbeid for å få ferdig bokmelding/analysen vår, gruppearbeidet gikk greit, sjølv om det sklei ut ein aldri så liten bit no og då. Boka Skråningen er særs tung å lese, og difor er eg enno ikkje ferdig med ho. Språket gjer ein god jobb med å komme under huda på eit plaga sinn, men det gjer det også litt vanskeleg å følgje med. Historia har ein tendens til å sveipe frå ei hending til ei anna ganske saumlaust, og nokon gonger kan ein lese nokon linjer utan å få med seg at det som no skjer er i ei anna tid, ein annan stad.

Nuvell, no til annmeldelsen.




Få meg på, for faen
Av: Vetle Lidal, Randi Eggereide, Jørgen B. Ryum og Sandra Aalen Hoff

Denne boka fortel tre historier, to av dei føregår i den vesle bygda Skoddeheimen, medan det tredje føregår i Bergen, med ein hovudperson frå Skoddeheimen.

Den første historia går over to deler, og handlar om Maria. Ho bur i Bergen, der ho jobbar som vaskedame. Denne jobben er ho openbart ikkje så alt for fornøgd med, og ho drøymer om å bli ein rikskjendis. Historia skildrar Maria sitt forsøk på å skrive eit føredrag om vaskejobben sin, og kor urettferdig alle rundt ho er. Ein kan trygt gå ut i frå at Maria slit litt med eit martyrkompleks, ein så smått sjukleg trong til å verke som eit offer. Ein ser dette spesielt når ho beskriv dei fleirfaldige prøvelsane som gjer at ho har det mykje verre enn alle andre, dei fleste av dei er ganske trivielle, og dei som ikkje er i større grad sjølvforskyldt.

Denne historia viser slik ein likskap med Tyl, hovudpersonane slit i større grad med restar av barnsleg naiv optimisme rundt vaksenlivet. Problema oppstår når dei ser at livet som vaksen består av å gjere mange ting du ikkje har særleg lyst til, ofte fleire gonger, rutinemessig. Den sentrale forskjellen er at Maria ikkje treng noko hjelp for å innsjå at ho ikkje er fornøgd, mens Ove frå Tyl treng mas frå kameraten Ragnar for å komme til same konklusjon.

I tillegg er Maria mykje tydlegare på kva ho meiner at ho treng for å bli lykkeleg. Ho treng å bli synest synd på, men vel å merke i ein ganske stor skala, ho ønskjer å bli kjent fordi alle har sympati med ho. Dette kan komme av at ho kjem frå ein familie på ti personar, derav 9 jenter, dette finn vi ut seinare i boka. Sidan Maria er den eldste av ungane, kan det ha ført til at ho ikkje fekk så mykje merksemd i barneåra, då det må ha vore ganske tett mellom borna.

Den andre historia handlar om Alma som slit med eit valdsamt uforløyst begjær etter ei hending der Artur er borti ho med pikken. Historia handlar om Almas forsøk på å gjere noko med dette behovet, delvis i ein glansa fantasiverd og delvis i eit samfunn der kvinneleg seksualitet er eit tabubelagt tema. Grensa mellom fantasi og verkelegheit blir vaska ut til det mest umerkelege, og det er snart slik at det er kor usannsynleg det som skjer er for å finne forskjell mellom det som skjer og det som berre er fri fantasi.

Alma er, i tilegg til utruleg frustrert, også heller uheldig når det kjem til vennefronten. Ho er einsam og sett ned på, og heile begjær-eppisoden forsterkar og blir forsterka av denne einsamheita og følinga av å bli utstøytt. Artur er ein ganske så gåtefull figur, du kjem ikkje så mykje under huda på han. Så vist vi kan sjå er han også ganske uforståande til Alma sine problem. Dette er, vel å merke, når alt kjem til alt, ganske forståeleg, sidan han ikkje er tankelesar, og antakeleg ikkje hugsar så mykje frå den natta han var borti Alma med pikken.

Ein annan teori er at han ikkje gjorde det i det heile, og at denne hendinga berre føyer seg inn i ei lang rekke fantasiar som Alma opplever, så vidt vi kan sjå, nesten som verkelegheit. Denne mogelegheita gir litt logikk i situasjonen, men då manglar vi ein utløysande faktor.

Den siste historia handlar om Kona til Sebjørn og korleis ho hanskast med det faktum at ho er det ein godt kan kalle ei superhusmor. Det sler ho at ikkje berre gjer ho alt arbeidet i heimen, men dei ni andre i heimen tar det også for gitt at ho gjer det.

Familien til Sebjørn har også det merkelege trekket at det berre er to i familien som faktisk blir nemnd med namn, faren i huset, Sebjørn og Maria, den eldste dottera. Alle andre blir berre omtala i det forholdet dei har til Sebjørn, ”Kona til Sebjørn”, ”Den nest eldste dottera til Sebjørn,” ”Den radikale dottera til Sebjørn,” etc.

Dette, saman med replikken ”Og kvifor heiter eg liksom berre ”Kona til Sebjørn?” forsterkar lesaren sitt inntrykk av at det er det dei faktisk heiter. Dette kan ein tolke som ein kommentar til synet på individuell identitet på små plassar i Noreg. Det er freistande å kalle dette ein variant av situasjonen i Ein flyktning kryssar sitt spor, og ein slags avart av den berømte Jantelova. Denne sereigne måten å omtale medlemane i familien Sebjørn kan også ha bidrege med sitt til Maria sitt tidlegare nemnde mest sjukelege behov for merksemd og sympati.

Ironisk nok er familieoverhovudet i familien til Sebjørn, Sebjørn sjølv, ikkje så sentral i boka. Han har riktig nok ein ganske viktig birolle i den tredje historia, samt ein mindre rolle i historia om Alma. Sebjørn gir inntrykk av å vere ein person som er sterkt prega av å vere einaste mann i huset. Han er særs lite tolerang når det kjem til frustrasjonane til kona si, delvis fordi han føler ein viss frustrasjon sjølv. Spørsmålet, eller kanskje problemstillinga, som kjem opp no er om kva som er den verste lagnaden, å jobbe og slite for å brødfø ein familie som har særs dårlege føresetnadar for å forstå deg, eller å lage mat, vaske og liknande for tidlegare nemnde familie, og i tilegg vere diplomat, psykolog og tankelesar for å greie ut problema til døyttrene i familien.

Eit anna trekk det er verdt å merke seg er at det er særs få viktige mannlige figurar i denne boka, det er ikkje fleire enn Artur, Sjefen på nepefabrikken og Sebjørn. Desse har ein relativt liten rolle, men dei har det til felles at dei er, på ein eller annan måte, rota til problema til hovudpersonane. Bortsett frå denne noko usympatiske rolla er dei heller sjeldan med i boka. Unntaket er Sebjørn, som saman med resten av familien blir litt av ein reddande engel for Kona til Sebjørn.

Denne boka handlar i stor grad om kvinnas plass i samfunnet, og dei problema som er knytta til det. Problema til dei forskjellige hovudpersonane handlar i stor grad om å bli sett, annerkjente som personar.

Denne boka bør ikkje lesast som ein ”rett fram”-roman, sidan du mest sannsynleg kjem til å bli irritert sidan du ikkje vil forstå handlinga, sidan historiene i boka ikkje er satt i kronologisk rekkefølgje. I tillegg slit nokon av kapitela litt med det faktum at det er vanskeleg å skilje draum frå verkelegheit, spesielt når det gjeld kapitela med Maria og Alma. Så denne boka er ikkje til å anbefale vis ikkje du ikkje er van med å lese bøker der draum og verkelegheit går om ein annan utan noko spesielt førevarsel. Me vil difor anbefale at du byrjar med ei lettare bok før du les denne.

Språket i denne boka er eigentleg ganske friskt, og banninga er moderat. I kapitelet om Alma og Artur derimot, blir det litt prat om masturbering, sleiking, og puling. Kapitelet om Alma og Artur er vel å merke litt ”grovt”, og det er berre i denne delen av boka det faktisk er prat om sex.

Boka kan virke litt forvirrande, men har du lest bøker som er bygd opp på denne måten før, og du går inn for å forstå boka og går meir eller mindre heilt inn i den, så skulle det ikkje vere eitt problem å forstå kva som faktisk skjer i boka, og ein kan og finne ein moral, eller ein meining, med innhaldet. Det er ei bok som fungerar best for å få innsikt i temaet, eller problemstillinga, som me har definert som kvinna sin plass i samfunnet, og problem og fordommar som høyrer til nettopp dette.

Me vil anbefale denne boka for personar som har eit ope sinn. Trongsynte personar vil nok ha eit problem med å finne ei meining med boka, og vil ikkje skjønne moralen. Det er vanskeleg å setje ein aldersbegrensing på boka, men det er ein fordel om du ikkje er for gamal eller for ung i sinnet.

Me vil også anbefala Kona til Sebjørn ein tur til folkeregisteret.



V

05 juli 2006

dag 8!

i dag har me hatt besøk av olaug nilssen og ragnar hovland. men fyrst måtte me laga spyrsmål. men kl.12,30 kom forfaterane og ein buns av RP folk. etter at forfatarane vat ferdige med sit vart me intervjua. det var greit nok. dagen i dag har vore heilt grei. men da e no so da.

blogger

i dag fikk vi besøav Ragnar Hovland og Oløug Nillsen og nrk og BA.
de signererte bøkkene våre og vi ble interjvua.

Pressebesøk og forfattarbesøk

Sto opp eit kvarter før jobb og slengte meg ut døra. Rakk akkurat jobben. I dag hadde me eit langt morgonmøte for å få full kontroll over alt som skulle skje. Som sagt i bloggen i går, så hadde me besøk av forfattarane Olaug Nilssen og Ragnar Hovland i dag. I tillegg hadde me pressebesøk, besøk av ordføraren og bankdirektøren.

Fyrste delen av dagen brukte me til å laga spørsmål til forfattarane, og finne ut meir om dei. Dette var ikkje så vanskeleg lenger, for no byrjar me å bli vand me å gjere dette. Såleis kom me godt i gang og fekk arbeide fort gjort.

Midt i lunsjen kom forfattarane, og nokre av journalistane. Så etter at me var ferdige å eta, kom me fort i gong. I byrjinga då forfattarane skulle presentere seg og prøvde å få oss med i samtalen, var det litt pinleg tausheit, men dette kom seg rask etter kvart. Eg synest me fekk ein del ut av det, sjølv om Olaug Nilssen ikkje kunne svare på eit spørsmål som eg undra på. Det var vertfall kjempekjekt å få høyra litt om liva til forfattarar. Eg lærte vertfall ein del nytt.

Etter me hadde såtte å høyrt på forfattarane ei god stund, hadde dei fått sagt sitt. Då var det klart for intervju. Det var ein del stress då alle for rundt å intervjua, og gjekk her og der, men det var vertfall kjekt. Då ting byrja å roa seg, fekk me litt kjeks og saft, dette trur eg fekk oss til å senka skuldrene eit par hakk.

Til slutt i dag var det å sjå alle forfattarane og journalistane reisa, og så skriva blogg. Det var ein hyggeleg dag:)

To dagar igjen, som eg ikkje bekymrar meg for.
Alt er berre kjekt!

Snakkast:)

Forfattarbesøk igjen!

I dag byrja me som vanleg med morgonmøte. Der blei me einige om at me skulle lage spørsmål til Olaug Nilssen og Ragnar Hovland saman på gruppene fram til lunsj. Det gjekk fint, så me tok lunsj, og så fekk me besøk av både forfattarar og masse presse. Folk frå Bergens Tidende, NRK og avisen Hordaland, og kanskje nokon fleire, hugse ikkje heilt.

Olaug Nilssen fortalde litt om seg sjølv, sin karriere, og litt om boka "Få meg på, for faen", som me har lest. Ragnar Hovland fortalde også om seg sjølv, og litt om korleis det er å vera forfattar, og las litt frå nokon av bøkene hans. Det var kjekt!


Jappz <3

Mr Nynorsk var her !!!

Vel Ragnar Hovland (Mr Nynorsk) var her og det var eit stort augeblikk å han leste opp to utdrag av ei/to bøker. Olaug Nilssen var og her, som og leste opp eit utdrag. Eg forsto meir av Olaugs bok Ta meg på for faen på ein positiv måte. Eg vurderer å lese boka til Hovland Svever over vatna for den er visst veldig bra. Det var masse presse der både radio og avise men ikkje tv 8( og ordføraren var der å sa nokre visdoms ord. Så ein kan seie at det har vært ein hektisk dag men men ein kul nok dag.

Kristen Tokvam 8)

Hyllest av Olaug Nillsen og Ragnar Hovland

I dag må eg kanskje ta tilbake litt av det eg skreiv i går, eg var kanskje litt i det strengaste laget med boka til Olaug Nilssen. Men det gjer eg ikkje, sjølv om både Petter og fleire andre hadde eit poeng på morgensmøtet, endrar eg ikkje meining om boka. Men Olaug Nilssen gjorde eit godt inntrykk når me møtte ho seinare på dagen, saman med Ragnar Hovland Mr Nynorsk som mange seier.

Men i dag hadde me eit lang morgensmøte, truleg da lengsta me ha hatt og kjem til å ha, me diskuterte lenge om kva kriteriar me skal bruke når me anmelder bøker. Petter meinte at me ikkje kunne kritisera ei bok vist me ikkje skjønte poenget me boka, noke som er greit nok. Eg innrømmer at eg ikkje skjønte heilt boka frå Olaug Nilssen og korleis boka var bygd opp og hang saman. Men etter at me hadde møtet og eg skjønte meir av boka, blir ikkje boka betre av det. Eg syns boka enda ikkje var noko særlig betre. Men eg innrømmer at eg til vanleg ikkje leser sånne bøker og vist eg ikkje hadde vore på jobb, hadde eg nok kaste boka vegg i mellom som han Kjell sa. Og at andre folk syns boka er bra, har ikkje eg noke imot og eg skjønner at kanskje eg har eit for lite syn på andre sjangrar og bøker.


Nok om da, etter møtet gjekk me saman i gruppene å laga spørsmål til forfattarane, dette er ikkje like utfordrande som før siden me har gjort det noken gonger før.

Olaug Nilssen og Ragnar Hovland kom saman med pressekorps, (BT, NRK, Hordaland?og kanskje noken fleire) ordføraren og bankdirektøren kom og. Forfattarane snakka om litt alt og leste noken utdrag frå bøkene sine. Må innrømme at eine boka til Ragnar Hovland høyrdes særs intressant ut. Så begynnte me å stille spørsmål til forfattarane og eg må seie at dei svarte veldig bra. Så var det tid for intervju fra forskjellige aviser og radio, vart intervjua fleire gonger mens sniken Håvard sneik seg unna utan å bli intervjua ein gong, (skamme seg). Snakka og me ordføraren, han hadde mykje morosamt å seia, tilslutt blogga me. Har hatt ein kjekke dag med ganske mykje avslapping. so i måro blir da jobbing med Få meg på, for faen, reknar med ein bra bokanmeldeldese dar:D

han Petter i humør:
Rogalandsbanken (Bagalandsronken)er da rett?
Petter var tydlegvis letta og i godt humør etter at alt gjekk so bra når pressen var her:P

vi laga spørsmål til Olaug Nilssen og Ragnar Hoveland, om bøkene som heiter; få meg på for fan og svevs over vatne. så kom radio, BT og andre aviser som interjua oss, om korleis det er og jobbe med litkrit 2006. forfattarane signerte bøkene som vi har lest.me blei tatt masse bilder av, dei interjua nokon av dei 12 som jobba her. petter fortelte om littkrit og korleis vi har fått pengar til arbeide vårt. Ordføraren var har og snakka om arbeidet vi gjer og om littkrit .

forfattarbesøk og presse..

aokai..
idag gjorde me det me eigentleg skulle gjere igår på byrjinga av dagen.. me skreiv spørsmål til olaug nilssen og ragnar hovland, og fann ut litt info om dei.. grunn: ragnar hovland og olaug nilssen skulle komme etter lunsj.. altso klokka halv eitt! i tillegg kom bt mens me sat med lunsjen, og journalisten spurde om ho kunne stille randi og meg nokre spørsmål.. jada..

etter lunsj då, klokka halv eitt, kom ragnar hovland og olaug nilssen som planlagd, og me gjekk opp i arbeidsstova for å høyre dei fortelje litt om bøkene sine, og stille nokre av spørsmåla me hadde laga..

det var olaug nilssen som byrja snakke, og ho klarerte ein del ting når det gjaldt boka "få meg på, for faen".. dette gjorde ting litt lettare å forstå! tykkjer eg.. ho leste litt frå boka, men holdt seg unda alma og artur delen:p
etter det var det ragnar hovland sin tur! han verka eigentleg litt nervøs, noko som er underleg sidan han underviser.. men nervøsiteten såg ut til å forsvinne når han byrja lese litt frå eine boka si:) var faktisk ganske så interessant å høyre på dei!:)

i tillegg til desse to, var ordførar olav ellingsen, banksjef jon bekkedal, ei frå fylkesbiblioteket (som eg desverre ikkje kan namnet på), nrk, hordaland og (som nemnt) bt..
så dette har vore ein veldig givande dag ja.. mhm..

до свидания=D... sneiks\m/:)

pressedag i dag ja!!!

dagen starta med eit ekstra laannggtttt morgon møte der eg ikkje heilt hugsar kva han petter sa men da va vel ikkje so viktig då.
Der me for det meste diskuterte "få meg på, for faen", noko du kan kalle ein livleg diskusjon. men det var ganske var faktisk veldig moro. og for å ta nokre sitat frå meg sjølv "hadde eg ikkje vore på arbeid så hadde eg heve boka vegg i mellom og ut næraste glas"
men i hvertfall har me arbeid med å finne fakta om Olaug Nilssen og Ragnar Hovland sitt forfattar skap. Me skulle og finne på mange spørsmål til dei 2 forfattarane sidane dei kom på besøk seinar på dagen (kjem tilbake til det seinare). Men i hvertfall så laga me spørsmål og prøvde å grave opp så mykje snusk me berre kunne finne, men beklagleg vis var det ikkje så mykje. (kanskje bra for dei).

Men etter den vel fortente lunsje kom det nokre beøkande som i nynorske sirklar nesten er kjendisar. Dei to heiter noko sånt som Olaug Nilssen og Ragnar Hovland aka "den nye nynorsk dronninga" og " mr. nynorsk". sist nemde blei jo skryt langt over skyene av Atle Hansen, mens me snakkar om Atle Hansen så har eg komme lenger i boka "som ein engel" og den blir berre betre og betre og etter kvar som eg kjem lenger inn i den. ein an ting er at eg las noko som han fortalde at hadde skjedd i live hans, det skjedde i boka og så det var jo berre tøft..

Men tilbake til saken, besøke av "mr. Nynorsk" og "den nye nynorsk dronninga". Ragnar Hovland virka litt nervøs i byrjinga når han skulle lese frå boka og svare på våre veldig gjennom tenkte spørsmål. Men han kom seg. Olaug Nilssen var eg for å seie det mildt sagt skeptisk til i og med at eg har kritisert boka hennar, men når ho byrja å lese litt frå den så blei boka veldig fort morosam. Så anten er ho berre kjempe flink å lese eller så er boka litt god. men eg held meg til ein 3, fordi eg måtte ha lest boka fleire gonger for å synast at den er god.

Boka passar for det mest for kvinnfolk trur eg men kanskje nokre menn kan finne ut at den er god. men visst du ser på navna til dei som har annmeldt boka så er 8/10 av dei som har bedømt av ja du gjetta rett KVINNFOLK...... sier berre det eg.

Men berre slik at det er sagt så er det eg ikkje meint å krenka noken!!!

Folkens di må høyra på nrk sogn og fjordane og lesa avisen for der kjeme me!!!!

no ha me visst ikkje meir tid men eg hadde meir på hjerta

prekast :D

No kjem me på nyheitene i avisane!

Med andre ord, i dag var det pressedagen for LittKrit, når media kjem på besøk. Men viktigare var det at to forfattarar møtte opp, Olaug Nilssen og Ragnar Hovland. (ein av dei stod bak meg no medan eg skreiv den setninga, no skulle dei visst reisa att) Som forbereding på besøket skulle me finna ut litt fun facts om Olaug og Ragnar med nokre spørsmål til begge. Eg hadde hatt ansvaret for nedskrivinga av spørsmål og stille dei under dei to siste besøka av Gry Mørk og Atle Hansen, så difor var det rimeleg at Kjell og Are fekk ansvaret for det i dag. Eg trur me fekk ein del til slutt, men eg er ikkje sikker om alle vart stilt då det gjaldt.

Då me hadde matpause og venta på forfattarane så sette eg meg til å teikna i kladdeboka eg alltid har med meg etter eg hadde ete, av ein eller annan grunn får eg inspirasjon i dei underlegaste tidspunkta. Eg fekk lyst til å teikna i realistisk stil denne gongen og teikna eit lite portrett av Olaug med eit bilete av ho i pocketboka si bakside, men etter eg nesten vart ferdig med ho hadde eg ikkje att bly i mech-blyanten. Under pausen hadde første reportaren kome (BT), og det hadde også Olaug - no såg eg kor lik ho var på eine frisøren me har i Samnanger Kate Hege (søstera til typen til søstera mi), og ho er minst like hyggeleg!

Då me byrja inne i andre etasjen, var Olaug den første som prata (me var alle for sjenerte til å seie noko som helst gjennom heile greia, så forfattarane måtte berre bryta stillheten) - ho viste fram andre bøker ho hadde laga, ein av dei var ein samling av essay eller noko sånt med eit ganske morosamt omslag, den skulle vere ein av dei vanskelege å finna der ute. Ho snakka ikkje så mykje om boka alle hadde lest, "Få meg på, for faen", men eg fekk svar på mykje eg og andre hadde lurt på anngåande boka. Og me fekk vite om reaksjonen til nokre personar Olaug hadde møtt etter den omstridte "Alma"- delen som var grovt erotisk, det vart skikkelege reaksjonar etter ho las høgt frå ein del der, oi da... Men til oss las ho i staden høgt om Maria sitt "møte" med Vestlandsrevyen i Bergen ein plass, og ho fortalde til oss seinare at ho hadde møtt same reportar seinare og dei dramatiserte den delen av boka, med Olaug som ein forvirra Maria.

Nestemann var jo sjølvsagt Ragnar Hovland, eller som Petter kalla han, "Mr. Nynorsk". I byrjinga verka han litt nervøs der han sat på pulten, men det er vel forståeleg dersom ein må velge orda med omhu utan heilt å vite kor ein skal byrja. Men etter kvart verka det som han løyste seg opp litt, særleg etter han også las høgt frå si bok. (eg fekk ikkje med heile tittelen, men den hadde noko med alpar å gjere trur eg) Det var morosamt å høyra på utdraget, og særleg dei vaksne høyrte irvig etter det han hadde å seia medan eventuelle som sikkert ikkje følgde med heile vegen konsentrerte seg om Hawaii-skjorta i skarpe fargar han gjekk med. Han fekk ikkje like mykje spørsmål som Olaug fekk, men no har me meir kunnskap om begge i allfall!

I pausen gjekk alle for å få autografen deira eller så vart me intervjua sjølv av nokre aviser. Eg fekk ikkje med meg alle som hadde komen, men det finn du sikkert ut i dei andre sine bloggar. Først fekk eg Ragnar sin, dermed gjekk eg ut for å få Olaug sin for ho sat på benken utanfor med eit par ungdommar rundt seg i tilleg til BT-dama. Eg hadde visst teikningen med meg også sidan eg var nysgjerrig over reaksjonen ho kunne få - det endte med at eg gav han til ho medan me signerte til kvarandre, hahaha! Så morosamt og søtt.. Seinare laga eg ein ny teikning av Maria frå boka hennar basert på utdraget ho las høgt - me får sjå om den kjem opp på denne bloggen før eg avsluttar!

Eg vart også intervjua i dag! Av BT-dama medan eg sat på trappen og åt ein sjokolade. Ho skulle eigentleg berre ha namnet mitt fordi eg kom med på eit bilete ho tok, men det vart til eit lite intervju likevel. Det er underleg kor naturleg ein oppførar seg når du møter ein kjend person eller reportar, men får panikk før og etter. Underleg.

I dag var etter mi meining ein ganske interessant dag, og eg håpar at enkelte meiningar om "Få meg på, for faen" har forandra seg til eit meir positivt syn - for å dømma noko må ein vere ope for alt den har å tilby før ein gjer opp ein kritisk meining.

Pressedag;)

Trallala:) I dag var det pressedag, litt skummelt kanskje? Høgtidleg i alle fall:)
Men me har no hatt ein fin dag for det:) Først på dagen fann me info. om dei ulike
forfattarane og laga spørsmål til dei. Dei fleste av oss er no ferdige med boka til Olaug Nilssen,
men det er ikkje så mange som har lest boka til Ragnar Hovland. Det var vel berre ein, faktisk.

Etter lunch fekk me forfattar besøk. Ragnar og Olaug kom smilandes og hoppandes inn:)
Fortalte litt om bøkene sine, leste litt og så det kjekkast av alt, me stillte spørsmål:) Det var veldig gøy å høyre forfattarane lese opp frå sine eigne bøker. Det blir mykje meir spennande
når det er dei som har skrive boka som les den opp.

Det var jo så klart mange journalistar tilstades og. Dei spurte og grov, knipsa bilete
og intervjua. Ordføraren kom opp og prata litt om prosjektet, banksjefen og ei frå fylkes-
bibloteket var også på besøk. Så I dag var det mykje liv her:) Veldig fin og avslappa dag,
men i morgo venta det harde arbeid att. Då skal det lesast og skrivast!

Jess, jess, det var alt for i dag folkens, snækkes i morgo:p

Pressedag

Hu hei som det går, nesten ikkje trøyt i dag tidleg faktisk, i alle fall ikkje som eg kan hugse. På den andre sida, så hugsar eg sjeldan at eg faktisk ER trøyt, så det kan no henda eg var det. Vel, nok om det, og meir av noko anna. Blei ikkje så mykje lesing i dag, av di vi skulle ha to forfattarbesøk og at diverse presse skulle prate litt med oss. På besøk i dag hadde vi Ragnar Hovland, forfattaren av Sveva over vatna og fleirfaldige andre bøker, og Olaug Nilsen, som har skreve Vi har så korte armar og Få meg på, For faen. Ragnar Hovland var ein anelse låg i røysta, men det kan no ha noko med at eg stillte inn forfattarmøte-høyrselen min etter Atle Hansen i går.

Det vart forøvrig diskutert om Få meg på, for faen var ei god bok eller ikkje. Detta enda, forutsigeleg nok, med mangel på eit eintydig svar. Smak og behag kan ikkje diskuterast, seiast det, men like vel er det sett på som ubehageleg a svømme brystsvømjing gjennom ein kaktus-plantasje. Ja ja, tilbake til saken, eller sakene, kanskje, nuvell. Fekk også signert Få meg på, for faen og Sveva over Vatna av dei respektive forfattarane, og det ser ut til at nok ein dag som litteraturkritikkar tikkar mot slutten.



V

04 juli 2006

Tysdag nr.2!

I dag har me vert i full konsentrasjon heile dagen. Eg fekk lese heile boka til Olaug Nilssen, ”få meg på, for faen”. Dette var ei ganske så innvikla bok. Oppsettet i boka var ganske rotete, som gjorde til at lesinga gjekk litt seinare enn vanlig. Men det blir sikkert litt lettare å forstå boka etter me har fått snakka med Olaug Nilssen som kjem i morgon. Etter at alle på gruppa hadde lest ferdig boka, starta me på ein ny bokmelding. Den kom me ganske godt i gang med, men sidan boka var vanskeleg å forstå, skreiv me berre ned det me var sikre på.

I morgon får me også besøk av Ragnar Hovland, i tillegg til at pressa kjem på besøk. Det blir sikkert ein kjekk dag. Fyrste delen av dagen skal me bruka til å forbereda oss til alt som skal skje etter lunsj. Det blir sikkert ein ganske travel dag. Eg er ganske så nysgjerrig på korleis dagen i morgon blir, håpar me får svar vertfall på dei tinga me lurer på;)
Det blir også mitt fyrste møtet med ein forfattar her, sidan eg var vekke i siste halvdel av dagen i går, då Atle Hansen var her.

I heile dag har eg vert på grupperommet, fordi der var det kjølig og då meinar eg det er lettare å halde konsentrasjonen oppe. Men i morgon kjem me nok til vera litt over alt.

Ferdig med denne dagen, og klar for ny dag i morgon;)

Snakkast:)

tysdag..

dagen starta som vanleg, og me blei sett til å lese med ein gong..
sette meg ut på eit bordtennisbord, sidan det går lett an å slappe av utan å bli forstyrra der.. me skulle lese fram til lunsj, og etter det skulle me jobbe med forfattarskapet til ragnar hovland.. men det vart det ikkje så mykje av, så me fekk fortsette å lese i boka..

sat inne i biblioteket resten av tida, og klarte å bli ferdig med "få meg på for faen", som eg byrja lese på igår.. boka er skriven på ein litt spesiell og tung måte..
boka er delt inn i fire deler, der fyrste del handlar om maria (eldste dottera til sebjørn) som drøymer om å havne på tv, og litt om føredraget ho skal skrive om kor fælt det er å vere reinhaldsmedarbeidar.. den andre delen handlar om alma og artur (denne delen er meir så porno, og kva denne har med noko å gjere er heilt uforståeleg!).. tredje delen er meir eller mindre føredraget maria skriv, og siste delen er om kona til sebjørn som skal demonstrere mot nedlegginga av ein nepefabrikk.. so, mi meining om denne boka er at den ivertfall ikkje har fortent femmarane som har blitt gitt..

men, som sagt, det er det eg syns! ja......

soe, imorgon får me besøk av ragnar hovland og olaug nilssen.. det kan jo bli interessant det.. mhm..

sneiks\m/
eg har lest i boka som heiter få meg på for fan.eg synest at boka er litt innvikla med hopping og litt fram og tilbake .litt vanskelig ord. litt tung å lese men de går bra. etter matt jobba eg med bokka i jen og leste mye.


5 titlar på mine krim bøker


1 kniven


2 osten

3 radioen

4 smurf

5 peanøttsmør

dag 7!

i dag begynte me som vanleg med morgen møtet. so arbeida me med boka "få meg på for faen" eg er kome eit godt styke men eg er ikkje heit ferdig. boka er innvikla og tung å lese, eg hadde ikkje gjit boka meir en ein einar. boka er meiningslaus og idiotisk. eg har ikkje meir å sei om den om dan saken. men men da e no so da. no sitte eg no bere her og blogge. dagen i dag har vore kjedeleg.

  1. før eg slo på lyset.
  2. før eg slo av lyset.
  3. sov eg.
  4. var eg vaken.
  5. for det var gøy.

fortsetelse følger i morgen.

Hey ho

Dagen starta med morgonmøte, så las me heilt fram til lunsj, så las me heilt fram til nå. Altså, har me lest meir eller mindre heile dagen. Det var jo avslappande og fint, det. Har vore kjempefint vêr i dag. Imorgon får me besøk av Ragnar Hovland og Olaug Nilssen, det blir nok kjekt. Det blei ein kort blogg, men det har jo vore ein kort dag, ikkje så mykje anna som hende enn at me kosa oss med lesing.

Snaix<3

Hitachi:p

Tirsdagen min starta med køyretur i Aurland city;) hehe:p
hadde så utruleg god tid i dag tidleg, så da måtte eg jo sjå litt av BYEN;) hehe:p
I dag har me lest og lest og lest og lest og lest og lest og lest og lest og lest, og innimellom der har me hatt noko så me kalla lunch;) Og så har me lest og lest og lest og lest og lest og lest og til slutt så skreiv me litt på bloggen:D Veldig happy og fin day:) See you people;) the Littkrit gang will be back;)

dag 7

Vel har lest Få meg på for faen den var ikkje den beste boka eg har lest ellers har eg skreve på oppgåva for boka og den går framover, men ellers har det vært ein ikkje fult så morosam dag jaja men den var grei nok. Men oppgåva blir nok bra håpa eg 8P, men I morgon får me besøk av to andre forfattarar så då blir det nok ein inspirasjons full dag for nokon. gleda meg til i morgon jaja.

Kristen Tokvam 8)

slakt av Få meg på, for faen

I dag, har me for da mesta lest, eg vart ferdig med Få meg på, for faen. Ei bok eg vil kalla tragisk, denna boka var så usannsynlrg dårleg at det går ikkje an. Hadde forventa meg egentleg ganske mykje av boka siden den hadde fått fleire femarar, men som vanleg er ikkje bokanmeldelsane i verken storavisene eller lokalt fordenslagsskyld noke å stole på. Denna boka hadde ikkje humor, spenning eller noke so helst utannom noke sinnsjuke og idiotiske sex historiar. Egentleg var det den einaste gongen eg trekte på smile båndet når desse "erotiske" historiane kom i boka, dei var so utrulige og idiotiske at eg ikkje trudde det var sant.

Etter mat begynte eg på boka, Som ein engel av Atle Hansen som me hadde besøk av igår. Denna boka er kanskje ikkje så ille som eg først forventa for boka kom seg utover og eg kan kanske bli ferdig med boka denne veka.

I måro blir det besøk av media, Ragnar Hovland og Olaug Nilssen. Og me gleder oss til i morgo

I tillegg til USA sin nasjonal dag..

..så har LittKrit dagen i dag, på sjølvaste tirsdagen, vore som den eg først hadde forventa meg vekene før me i det heile tatt byrja med sommarjobben - ein read books only dag. Me skulle eigentleg jobba om forfattarane Olaug Nilssen og Ragnar Hovland, men Petter skulle til rådhuset eller kva det no var att, han måtte iallfall stikka. Så då kunne me lesa bøker heile dagen medan Anita vart att for å sjå etter oss, slik at me ikkje fant på noko kødd. Eg trur dagen har vore ganske roleg utover dagen, eg er ikkje noko særleg når det gjeld å observera det som skjer rundt meg når eg er oppslukt av ei bok.

Med andre ord, eg fekk lese ut boka "Få meg på, for faen" skrive av Olaug Nilssen og det verkar som at eg er den einaste i gruppa mi som faktisk LIKTE boka! Det er ein litt skummel tanke, boka er litt sær men på ein måte som eg verkeleg hadde moro å lesa om - eller kanskje boka ganske enkelt ikkje passar for gutar, særleg under atten år? Du er liksom nødt til å ha ein "random" (eng. = tilfeldeg) tankegang, til dømes at du vert lett distrahert av enkle ting i kvardagen men kanskje på ein filosofisk måte. Eg veit no at då eg las om den første personen me møter Maria, så var det som om nokon hadde skrive om meg sjølv, tankegong og oppførsel, heile pakka! Kanskje det var eit viktig ledd for min positive meining om romanen? Eg er akkurat som den personen, og det kjennast så spesielt for meg. Eg trur at nokre personar i LittKrit fekk noko anna enn dei hadde forventa og vart dermed uheldige med berekninga deira.

Så, eg las ut boka og skal gruble over bokmeldinga - eg skal gjere mitt for å forsvara han! But in other news, sidan han no er ferdig lese måtte eg byrja med ei anna bok. Eg kunne ikkje vita at me kom til å lesa så mykje i dag så eg hadde ikkje med ei reserve, men eg fekk låna Anita si utgåve av "Sveve over vatna" av Ragnar Hovland. I går skraut Atle Hansen over denne boka, men første augekast hadde skremt vettet av dei fleste her; tjukkaste pocketen me hadde fått utdelt, innhaldslista minnar meg om den Bibelen har av ei eller anna grunn, omslaget var surrealistisk og fekk meg til å lura om innhaldet såg like uforståeleg ut, og det der ut som at teksten er sett opp i skriftstørelse 8! Oi då.. Men eg har rukke å lesa omtrent 1/3 av boka, og min kommentar er "so far so good" - har ikkje fått panikk enda, eg berre byrjar å like boka. Han minnar meg litt om "Tyl" når det gjelder bygdelivet, sjølv om historia er foreløpig meir konsentrert i Bergen by i denne boka. Eg er litt kjend i Bergen (LITT, for å gjera det klart), og eg kan sjå for meg personane i Brygga når me tek eit døme.

Eg trur ikkje at eg rekker å verta ferdig med denne boka innan pressedagen i morgon, men i det minste får eg ein slags ide om korleis skrivestilen til Hovland er. Kreftene mine byrjar å verta oppbrukt snart, i det minste lamslått. Men det tyder berre at eg sikkert gjer ein god jobb ved å verta litt sliten.

blogger

i dag ble eg ferdig med tyl og nå har eg begjynt med få meg på for faen. i morgen får vi besøk av Ragnval og Oløug Nilsen.

4 titler på krim bøkker

1 Rakkett Foskeren som forsvant.

2 rømlingen.

3 Blindpassajeren.

4 Mordet på vangen.

tysadag i dag ja!!!!

I dag har eg lest ferdig boka "få meg på, for faen". For å seie mi meining om boka som var den middels god, maks. Ein slik påstand må vel begrunnast i og med at ho har fått 5-arar på rad og rekke i dei store avisene. Begrunelsen min er at boka var veldig vanskleg å skjønne då ho ikkje virkar å ha ei meining i det heile, iallefall ikkje før me kom til side hundre og eit eller anna.
men då forstod eg mykje meir av heile handlinga, så det blei nesten ein liten triumf.
Men eg meiner at boka ikkje er betre enn ein 3-ar maks.

Men boka blei eg ferdig med nokså tidleg så eg har fortsett på boka "som ein engel" av Atle Hansen (han som var på besøk i går). Eg håpar den er litt meir intresant enn den kjedlige og vanskelege "få meg på for faen"

Men eg har ikkje berre lest i dag nei, eg har og begynt på bokmelding til gruppa vår eg har fått rabla ned ca 1 side men det blir meir i morgon når heile gruppa skal hjelpe til å skrive på den. Eller det vil seie på torsdag, for i morgon får me besøk av Ragnar Hovland og Olaug Nilsen. Noko som kan bli spannande ettersom Håvard og Marthe verkeleg skal grille Olaug på dei mest erotiske delane i boka hennar. Så me andre håpar at dei tør å gjennom føra det dei har planlagt.

Me gledar oss litt til Ragnar Hovland kjem og for etter det han Atle Hansen sa om han så var han visst ein heilt fantastisk forrfattar. Så me gler oss til å høyre kva han har å seie til oss, kanskje lærer me noko også?

I morgon er det også pressedag! så det blir jo berre svære greier. Me håpar jo at tv 2 og NRK kjem, men det er vel lite truleg at dei gidd det men kven veit??
kanskje vg elle dagbladet kjem og? Me kan jo håpa.
Men det blir vel som vanleg Sogn Avis og kanskje noke radio og. Aurlendingen burde vel kanskje dukka opp.

Men i morgon blir det ikkje mykje vetig arbeid så det er jo berre NICE.

snx :D

Dette er ikkje ein vittig tittel

Då hadde vi begge beina godt planta i siste veka på jobb, stå opp om morran, ittno problem, vel nesten ikkje. Dagen i dag gjekk med til lesing, og eg nytta sjansen til å lese ferdig Bikubesong. Ganske bra bok, nesten meir ei novellesamling enn ein roman, men ganske god uansett. Har eigentleg eit litt småtrøblete førehald til novellesamlingar, men det kan jo ha noko med at eg har lest og, til ei viss grad, skreve ein god del dårlege noveller i mi tid. Denne boka, vel å merke, handterer den novelleaktige stilen særs godt. Så klart, nokon kapittel, eller noveller om du heller vil kalle det for det, er meir spennande eller morosame enn andre, men dette varierer nok litt frå person til person, og ingen av kapitela er direkte dårlige, så vidt eg ser.

Etter at eg hadde gjort meg ferdig med Bikubesong byrja eg på ei bok som heit Skråninga, av Carl Frode Tiller. Denne boka har så langt hatt ein veldig unik skrive- og forteljarstil, det blir nesten som eit Essay, og dei valdsame hoppa i tid og stad krevjar at du følgjer med, spesielt sidan det ikkje alltid blir sponsa så mykje som eit linjeskift eller eit punktum for å skilje ein hending frå ein annan. Slik gir boka eit sterkt inntrykk av å vere ein konstant tankestrøm, mykje som det Atle Hansen produserar, med unntak av at setningane er ganske korte. Dette gjer ikkje språket så monotont som ein skulle tru det skulle, men gir heller teksten ein atmosfære av forvirring, at ting ikkje alltid heng så godt saman som ein skulle ønskje. Slik blir vi også gjennom oppbygginga dradd inn i den hittil namnlause hovudpersonen si forvirra og forskremde verd. Skal nok sjå om eg får lest ut denne boka innan eit par dagar også.

Dessutan overraskar det meg at eg ikkje er blitt det minste lei av å lese, men eg trur eg berre skal ta det som eit teikn på at eg trivst i denne jobben.


V

Bilete frå då Atle Hansen var hjå oss!

Forfattar Atle Hansen var hjå oss i går. Han la for dagen imponerande god peiling på film, musikk og ikkje minst litteratur og drama! Me fikk også ein uplugga versjon 'Blå måne' og eit par andre låtar!





03 juli 2006

Straum av bevisthet..

Dagen i dag verka som ein litt små-skummel dag, auga mine svidde så grusomt då eg hadde stått opp men ville ikkje gje seg di lenger utover dagen eg hadde komen, det var som eit varsel på noko grusomt som kom til å skje seinare i dag, og med eitt tenkte eg på jobben eg skulle på, LittKrit som eg hadde likt så godt å vera med på sjølv om det var krevande arbeid å jobba med bøker og kjelder, og eg tenkte på at kanskje møtet med forfattaren me skulle høyra på i dag kom til å verta det grufulle auga mine varsla om, Atle Hansen heitte han visst, og det er han som har skrive "Som ein engel", men det bekymra meg litt når gruppa mi satt på rommet me har fått utdelt av Petter og skulle prøva å komma på gode spørsmål som skulle få Atle Hansen sin journalist-hjerne til å knaka skikkeleg etter eit godt svar, men det verka så umoglegt når lufta var så tett som sluken i dusjen vår heime, det var heilt forferdeleg å tenka på at eg ikkje klarte å komma på noko lurt etter dei første fem minutta, så eg prøvde å pressa nokre tankar ut frå underbevistheten til dei andre gruppemedlemmane men fekk nesten berre spørsmål som det var heilt vanleg å komma på, eg vart så ergeleg over å ikkje vera ein maskin som pøste med spørsmål dersom ein hadde skrive "Atle+Hansen+spørsmål" på ein liten lapp og gav han til meg, men så enkelt var pina deg ikkje verda vår til å kunne tillate noko slikt for ein stakkars ungdom utan originale spørsmål til forfattarar på besøk.

Til slutt gav eg opp og nøyde meg med det me hadde på papiret, gjekk ned på møterommet for å samla alle idea gruppane hadde nedskrive på laptopen deira, berre for å få beskjed om å skriva ti nye spørsmål, deretter fekk eg riktignok panikk for å gå gjennom leksa ein gong til ein time til, eg trygla for ein veldig etterlengta lunsjpause og den friheit som kom til å vara i ein halvtime før møtet med Atle Hansen kom til å byrja, og eg kunne lese "Få meg på, for faen" av Olaug Nilssen, ho som såg så ung og blid ut på baksida av pocketen med langt hår skult under ei stripete lue av kvitt og grønt, ho såg så koseleg ut og eg kunne ikkje venta på å få lesa om tankane hennar reflektert i boka medan eg hadde ein lunka Crispos sjokolade i den andre handa. Det kom til å verta ein deilig pause, og den skulle nytast godt.

Klokka vart halv eitt, og eg grudde meg medan eg gjekk inn for å henta spørsmåla til gruppa, henda sveitta som om dei åleine kunne skapa ei elv som førte til ein foss oppi fjella dersom eg hadde vandra langt der oppe i skauen av ein eller annan grunn, og ryggen min knaka ubehageleg og stivt nett som eit par spørsmål eg hadde skrive ned men håpa at eg slapp spørja om, hjartet slo raskare di nermare eg kom trappa som leda til andre etasjen, etasjen der møtet med Atle Hansen skulle vera, nervøsiteten min plaga vettet av meg men det kunne eg ikkje gjera noko med, eg kunne ikkje vita om forfattaren var seriøs eller stiv eller morosam eller sur, det var jo umogleg å vita på førehand for det stod ikkje noko sånt om han på internett, der stod det berre om antal bøker og CDar og ting du finn i biografien til ein person du kunne hatt på norskpensum på vidaregåande, eg kunne ikkje vita noko. Alt eg kunne var å setja meg ned for å høyra på han, kanskje til og med læra noko var eg heldig nok til det før det heile var over og overstått.

Plutseleg såg eg ein skikkelse som først var kjend, så ukjend sidan eg aldri har møtt han før, men så kjend att for meg for klart eg hadde sett han, kanskje ikkje på ordenteleg men i bokutgava eg hadde, då hadde eg jo sjølvsagt sett han før - berre det at no stirra eg faktisk på han i fullt levande live med ein gitar bakpå ryggen, og då kom eg i hug på at han var jo musikar i tilleg til journalist og forfattar så då var det vel ikkje så rart, men eg vart bekymra over at tenk dersom han hadde dårleg temperament og kom til å denga til ein ungdom med gitaren sin dersom han stilte eit dårlegt spørsmål, men sjølvsagt skjer ikkje sånt i røyndommen, det er berre paranoiden min som flyg ikring att som ein del av nervøsiteten min, og då eg såg kor hyggeleg han også eigentleg såg ut utanfor eit svart/kvitt bilete i ei bok jaga eg vekk idiotiske tankar før eg gjekk for å setja meg. Fleire folk kom inn. Alle såg nervøse ut slik eg også var. Me venta spent på kva som kom til å hende no.

Atle Hansen byrja å snakka til publikum, og eg tenkte på kor hyggeleg stemma var å høyra på og kor mykje dagar han må ha brukt på å solt seg i steika ein eller annan plass i eller utanfor Noreg, men eg høyrde likevel etter det han hadde å seie, i byrjinga hadde han komen heilt uforberedt til oss utan aning på kva som kom til å skje, hen han starta enkelt nok med jau då, han var ein forfattar veit du og jau då, han var ein journalist som jobba for Sunnhordaland-avisa og fortsett med ting han hadde lært av den utdanninga han hadde teke, han delte grueleg mykje interessant med oss di varmare han varti trøya og di meir han prata, det einaste kjedelege med det heile var den tette lufta som var i dette rommet også, heile bygningen mangla vel luft no tenkte eg der eg satt og høyrde om Hollywood-knep han brukte i bøkene sine, og alle lo godt då han immiterte ein cliffhanger-scene han hadde sett på MacGyver ein dag på hotellet, han vakla og skreik, veiva med armar og laga "Help me MacGyver!!" replikkar, men han kom likevel til eit lærerikt poeng då det vesle showet var over, cliffhangerar held mottakaren interessert når til dømes eit kapittel er avslutta, og får lesaren til å lesa vidare til neste kapittel sjølv om han kanskje ikkje burde dersom han må opp tidleg neste dag eller noko, eg hadde nesten gløymt eine spørsmålet eg verkeleg trong eit svar på men då eg kom på det hadde akkurat jenta frå Lærdal fått ordet og spurte kvifor han hadde skrive så ekstremt lange setningar i boka me hadde lese, og då svarte han at tankane hans var så overhvelmande, dei kunne nesten ikkje styrast slik dei kom over deg som ei flodbølge, han pla setja seg ned framfor dataen og starta med ei setning, men han sette ikkje kommateikn eller punktum der fordi tankane berre måtte fortsette å strøyma, så han berre skreiv og skreiv di meir han tenkte på dei tankane, skreiv heilt til han var nødt til å stoppa før skrivekrampa angreip, men då han såg over det han hadde skrive på skjermen såg han så mykje, nesten sjokka over alt han hadde i hovudet, og oppdaga til og med tankar han ikkje var klar over han hadde eingong, det var heilt utruleg å tenka på at kanskje kunne eg sjølv skriva slik og kjende meg att i tankefulle situasjonar eg har så altfor ofte, og skjønte dermed kor genialt det faktisk var av han å berre late det strøyma på. Eg vart heilt andpusten! Like andpusten som bloggen eg skreiv no, det gjer faktisk litt vondt i høgre handleddet mitt. Det er best eg gir meg no og lagrar. Slik vart min dag iallfall!

O.o

Hai kar, denna må du lesa.V2D1 Måndag Littkrit

hey, ei ny veke har begynt sammen med nye utfordringer og oppgåver. I dag begynte me med morgenmøte(Overaskelse!!!) skal inrømme at eg var littegrandetrøytte, men det kom seg utover dagen. Me fekk beskjed at forfattaren, musikaren og journalisten Atle Hansen kom på besøk. Me viste berre fra før at han var ein forfattar siden Petter hadde sagt men med litt undersøkning dei neste timane avslørte at han var ein travel man.

Atle Hansen har gitt ut 2 album,(det siste fekk slagt av BT)han gav ut den kritikarroste cd-en Blå måne og no er han ute med "Mast utan skip".
Han har gitt ut 7 bøker og den 8 er på veg so vidt eg veit, han debuterte med barneboka Sjørøvar Jenny og Einauge Bill, den kjem og ut på tysk no 9 år seinare. Han har fylt opp med fleire barnebøker samt noken for dei eldre.
Han har og fått Vinjeprisen for journalistikken sin i 1996 som kanskje den einaste i Norge som har greid som lokalavis journalist.

Under foredraget som var bra improvisert med både blues og gamle låtar, til ein heil scene i McGyver, men denne scena var det desidert moroaste med heile foredraget og. Han var ein livleg kar som hadde ei svært god hukse.
Men når han begynte å legga ut om korleis dei 7 uovervinnlege var egentleg ein kopi av ein japansk film datt eg litt vekk.

Ellers kan eg seia at detta ikkje var ein særleg bra dag værmessigt, har vore overskya og da enda kanskje med regn.

5 Første setningane.
*I ei bygd lang borte frå all civilasjon.
*Hai kar.
*Han Per var ikkje ein liten kar, musklar som berre nokre få.
*Stor kar frå lita bygd.
*Kom og ta meg fort. (inspirert av boka til Olaug Nilssen)

blogger

i dag fikk vi besøk av Atle Hansen han fortalte om bøkene han har skrevet og om vordan han får inspirasjon han spilte også gitar for oss og han signerte bøkene våre.


1 det er rart det med alle bil tyvrerien som har pågåt de siste ukene sa Joe.

2 åsen kom han seg ut av fengselet uten åbli opdaget saFrank.

3 det er jamen bra å ha en fly plas like inerheten sa joe til sin bror Frank.

4 husker dere den bil tyven dere fanget sa Cjet han har rømt.

Forfattarbesøk!

I dag brukte me tida før lunsj til å forbereda oss til besøket me skulle få av Atle Hansen, forfattaren av ein av bøkene me har fått, nemleg "Som ein engel", eg syns den boka bare blir betre og betre jo lengre eg kjem i ho. Ja, me forberedte altså spørsmål og fann litt ut om bakgrunnshistorien hans før lunsj. Så kom han sprudlande inn i biblioteket med gitar over skuldera rundt halv ett. Då gjekk me opp i andre etasje og fekk høyra på at Atle Hansen fortalde om alt fra pietisme til Rolling Stones, og fekk høyra han synge og spelle. Eg syntes at det var spannande og lærerikt, eit kjekt lite avbrekk frå arbeidet, sjølv om vi var på jobb.

Så har me fått jobben å skriva 5 åpningsetningar kvar i bloggen i dag. Ein idé som hadde sitt utsprang i at Atle Hansen fortalde at han for ein stund tilbake noterte ned nokre setningar han ein gong kanskje skulle få bruk for til å starte ei bok med. Han fekk faktisk også bruk for ei av dessa setningene til å begynne boka "Som ein engel" med.

Så her kjem mine "på-sparket"-åpningsetningar:

- Eg sprang, eg sprang for harde livet.
- Det var ein tydeleg stripe i lakken, ein stripe som ein ikkje kunne unngå å sjå, han kom til å drepe meg
- Sola sto opp mellom fjellene, det var ikkje ein sky å sjå, berre grønt gras og lyseblå himmel, ein perfekt start på dagen.
- Han som alltid hadde vore så trist, så umåteleg trist, var no så umåteleg glad.
- "Eg elskar deg","ikkje"

So long!

dag 6!

i dag var eg for sein til morgen møtet. men eg har ikkje nokon tru på at det var noko viktikt dei hadde for seg. nor eg kom var gruppene i gang med å gå kvar til seit, so eg heiv meg på gruppa mi. i dag skulle me få besøk av forfataren Atle Hansen. so me byrja med å laga spyrsmål til han. eg var veldig trøyt dene morgoen, så eg satt i gruppa og dupa av. men me fekk no laga ein del spyrsmål. kl.12 hadde me pause, og nor den var ferdig skulle Atle holda eit foredrag for oss så eg trur nokre av oss var litt spente.

nor me kom inn der foredrasget skulle vere, satt Atle og spela gitar og mun spell. eg tykte han var god på gitar. etter at sangen var ferdig byrja han og prate. han pratet om mykje forsjeligt som om alle bøkene han ar skreve, alle han hadde spelt musik med o.s.v. nor han var ferdig fekk me anledning til å stila ha spyrsmåla vore. ha signerte bøkene vore. men eg hadde ikkje boka mi med meg.

for me blogga hadde me ein liten pause. bloggingen i dag trur eg gjekk fint. men eg trut petter har høge for ventningar for oss, selv om nokre av oss nok aldri vill nå dei for ventningane.

ja så var det dese opningssetningane dei må vel gjerast dei og.

  1. det var heilt mårkt i romet.
  2. det var lyst i romet.
  3. ein dag det var sol.
  4. ein dag det var regn
  5. den dagen gløymer eg aldri.

fortsetelse følget i morgon!

i dag har med hatt morgonmøte,laga spørsmål til atle hansen. i gruppene etterpå var de mat og pause . møtte forfatteren og snakke om bøkene han har skreve, stilte spørsmål til han om bøkene.boka me skal lese heiter Som ein engel.den er eg byrja lese, den verkar ganske interesan.

5 setningar

1 morde på vange rysta den lille bygda aurland.


2 den døde kvinnen i badekare på hotelet Clark.


3 like på kaien

4 barnet i båten


5 sommer på halvøya

Atle Hansen var her

Her er fem åpningssetnningar som eg ville ha brukt viss eg skreiv ei bok.
1. Vinden drog i skyene mens sola gjekk langsomt opp.
2. Kva hadde han gjort? hadde det virkeleg skjedd.
3. Mørket la seg langsomt over landskapet.
4. Noko stort kom forbi han "Kva var det?"
5. Det var noko i badekaret, det var illeluktande og vatnet hadde ei raud utvatna farge berre ei kvit hand hang utanfor sjølve karet.

Atle Hansen forfattar av Som ein engel kom på besøk, for og snakke om korleis han skreiv bøkene sine. Han snakte og om oppveksten sin å korleis han blei forfattar og kven han smarbeida med. Han har og skreve å spelt musikk til dikt. Fortfattarskapet hans begynte då ein venn av han hadde fått publisert ei bok, og Atle Hansen meinte boka var elendig og at han kunne bedre, men boka hans blei retunert der sjefen for forlaget sa at han kunne bedre.
Hansen`s første vaksen bok er Saragessa, som er basert på korleis foreldra hans måttes. Hansen har og skreve som sagt Som ein Engel, den er ei god bok som viser korleis det var og være ungdom på 60 tallet før data og mobiltelefon. Tida der Stones og Beatles å Elvis regjerte. Han fortalte og om at han skriv det som fell in i hovuded hans og at han kan ikkje forutsei korleis handlinga blir eller slutten før det er skreve. Til hausten kjem det kanskje ei ny vaksen bok frå han som heiter Det Kvite Pulveret, hm kanskje den handler om narkotika?. Hansen meiner og at dei som skriv ungdoms bøker ikkje greier det, sjølv meiner han at ungdom burde lese vaksen bøker og det seier eg meg einig i.

Kristen Tokvam 8)

Ny veke, nye mogelegheiter;)

Dagen i dag starta med ein gigantisk jesp!!! Var litt tungt å stå opp etter helga, men det trur eg ikkje det berre var eg som syns. Var ein trøtt gjeng som møtte opp på jobb i dag.
Morgon møtet vart fort avslutta, for her var det berre å settje i gong med arbeidet.
Gruppene vart samla på gruppe romma, der dei hadde eit lite møte. Etterpå sette me i gong med spørsmål til Atle Hansen, som me så klart ikkje brukte alle av ein gong!!!!
Gruppa mi spurde to 2 av 25 spørsmål!!!!!! Men han prata og prata og prata, så det var nesten ingen av oss som klarte å komme fram med alle dei super vanskelege spørsmåla våre:p hehe:)
Me samla oss og rett før lunch, der me hadde ein kort breefing om Atle Hansen, kva dei ulike gruppene hadde funne ut osv.

Då lunchen var over, og Atle Hansen kom gåande med gitaren på ryggen, og munnspelet i lomma, var det berre til å sette seg ned, å høyre på den hunderhaldande mannen:)
Han prata om laust og fast, og me fekk eit godt innblikk i korleis det er å skrive bøker. Atle spelte opp på gitaren, og han fortalte om både barndom, utdanning, musikk, jobb og bøker. Han gav oss og tips om korleis me skal skrive sjølve. Han sa me måtte prøva å setta oss ned å skrive alt så datt inn i hovudet på oss, ikkje tenke rett skriving, komma eller punktum. Det var berre til å dure fram. Alt måtte ut sa han! Me kom alle til å bli overaska over kor mykje rart me kjem til å tenke på. Eit anna tips var at me skulle skrive eit par setningar som kunne vere byrjinga på ei bok, og sidan ta dei fram igjen. Det kan hende at me plutseleg må skrive noko seinare.

Her er mine fem innleiingar:

1. Sola skein, blondt hår flarggra i brisen, bølgjene brusa og eg var forelska.

2. Bilen som kom køyrande var blå, med rust, den skramla av gårde på slitte hjul og dårlege vegar, den kom rett i mot meg, det eine front lyset var knust, front ruta var mørk, så ingen kunne sjå kven som sat bak rattet, eller var det nokon der?

3. BANG!

4. "Kvifor må du alltid vere så jævla teit!!!!!!!"

5. Eg veit ingenting, ingenting veit eg, kven er eg eigentleg, og kven er alle dei andre?

Dagen slutta med lesing, bloggings og evaluering av dagen:)

mandag i veke 2 av LITTKRIT!!!!

dagen starta med at eg reiste alt for tidleg heima frå slik at eg blei kjøyrande rundt på vangen og opp i Nyheim. Men eg fekk no god tid til å prøve å hugse kva me skulle gjere i dag, men eg greidde ikkje gjere det så eg måtte vente til det trøytte morgon møte.
På morgon møte sa Petter at me skulle få besøk av Atle Hansen, han som blant anna har skreve Som ein engel. Den boka har eg lest 100 sider av, men eg syntest at den var fryktleg kjedli så eg har ikkje gidda å lese meir i den. Eg byrja heller på Få meg på for faen av Olaug Nilsen, det er litt meir futt i den boka men den er heilt rar!? skjønnar ikkje heilt handlinga i boka men det klarnar vel opp etter kvart??

Etter det berømte morgon møte, tok me til å lage spørsmål til Atle Hansen. Noko som viste seg å vere ganske lett. så når me var ferdige med spørsmåla blei det ein halv time med Olaug Nilsen si bok. Så blei det ein vel fortjent lunsj.

Atle Hansen kom. og me var klare for det me trudde skulle bli nokre lange timar med ein dau kjedleg forfattar, men Hansen viste seg å vere ein morosam kar det. Han las litt i boka og fortalde oss om alt mogleg, og her kan eg ramse opp alt frå MacGyver til ja, you name it he said it!!!! så du kan seie at han var ein prate salig kar :P
men eg trur me lærte mykje av han, iallefall gjorde eg det. han lærte oss om korleis han byrja å skrive som ein engel. Der han hadde berre hatt ein "stream of consiousness" og berre skreve ned alt som datt ned i hove hans. og dette skulle han byrje teksten i som ein engel med. (dette visste han ikkje då han gjorde dette men det blei no slik)

Dette har Petter latt seg innspirere av slik at me skal skrive ned 5 "byrjingar på ei bok"

1. HJELP, HJELP!!!!! gaula Anna
2. Klokka tikka og gjekk mot 0!!!
3. Eg elskar jo deg, for faen
4. hallo, HALLO
5. Pass deg no ellers får du deg ein på tryne!!!

Men i morgon skal visst jobbe med boka til Olaug N, så eg satsar på å bli ferdig med den til i morgon.

Men no har eg ikkje meir på hjerte så no trur eg atte eg vil avslutta

Me praikast kara (og dame) :p