30 juni 2006

Tyl no more

Jau du, då var det Fredag igjen, og eg føler meg overaskande vaken til fredag ettermiddag å vere. Fælt som tida flyr, forresten, sjølv om eg har ein jobb som tek meg cirka 12 timar dagen. Kanskje det er akkurat difor, eg veit ikkje heilt. Skal eigentleg ikkje klage, jobben har svart til forventningane. Sløya meg veg gjennom "Som ein engel" i dag, ganske interesang bok, men favoritten blant dei bøkene eg har lest denne veka er nok Sveva over vatna. Trur eg skal skrive ein anmeldelse av den om eg får noko daudtid neste veke. Når ein først snakkar om bokmeldingar, så har vi no jobba oss ( Vetle Lidal, Jørgen Buene Ryum, Sandra Aalen Hoff og Randi Eggereide) ferdig med boka Tyl, og har skreve ei bokmelding, eller ei slags tolkning er kanskje meir treffande, og her kjem den:


Finn Tokvam, ”Tyl”
Boka ”Tyl”, handlar om ein 30 år gammal ungkar ved namn Ove Ullkvam som jobbar for posten. Han bur i ei lita bygd, drikk tett, og har eitt middelmåtig liv som han er misfornøgd med. Me følgjer hovudpersonen i litt over eitt år, gjennom oppturar og nedturar. I fylla inngår han og bestekompisen Ragnar ein avtale som seier at Ove, aka Den Diffuse Postmannen, skal vere seg sjølv og seie det han meiner. Ove er skeptisk i byrjinga, men ender opp med å følgje avtalane, og får gratis opphald på hotell med badekar under Vossajazzen. På Voss møter han Sara, som han forelskar seg i, og dette blir eitt vendepunkt i livet til Ove.

Hovudpersonen, Ove, er ein dumsnill og sta person som helst ikkje vil gi slepp på fortida. Han bur åleine i eit hus i bygda der han vaks opp, og lev eit ganske så rutineprega liv. Kvar helg reiser han på besøk til kompisen, og dei sit som regel og drikk seg meir eller mindre fulle. Bestekompisen Ragnar er ein laus hobbyalkoholikar med lystløgnardrag. Han er meir enn normalt inspirert av Olav Stedje, og skriv ein antologi dedisert til Olav Stedje. Ragnar blir på ein måte den nødvendige galskapen i vennskapen. Ragnar er den typen du eigentleg er litt flau over å kjenne, men som likevel er god å ha når alt kjem til alt. Denne naudsynte galskapen minnar mykje om figuren Munk i ”Sveve over vatna”, noko tona ned og tilpassa eit mindre urbant miljø, vel å merke.

Eit av hovudpunkta i denne boka er Ragnar sin ”ver deg sjølv” - kur, og den effekten denne kuren har på Ove. Og det me har høyrt om denne kuren er at den forandrar livet til Ove ganske drastisk! Men om det var riktig eller ikkje er jo eit helt anna spørsmål. Det at Ove går med på kontrakten viser at han var misfornøgd med korleis ting var, og at han ikkje likte å prate, eller gjere ting for folk på ruta si. På den andre sida, er det mildt sagt optimistisk å tru at ein kan gå gjennom livet utan å gjere ein heil del ting du ikkje likar noko vidare, gjerne om att og om att. Det er ein av livets harde realitetar som Ove ser ut til å ha innfunne seg med. Du merkar at han har liksom aldri gått gjennom den perioden i livet der dei fleste folk tenkjer; ”drit i deg! Det er eg som er viktig, å eg gjer som eg vil!”. Når det kjem til Ragnar derimot, verkar det som han har vore i den perioden så lenge han har levd.

Dette føyer seg inn i ei lang rekke store kontrastar mellom Ove og Ragnar. Det blir poengtert fleire gonger gjennom boka kor forskjellige dei to er. Både i musikksmak og væremåte er dei, meir eller mindre, som natt og dag. Dette viser at seiinga ”like barn leikar best” ikkje alltid stemmer heilt. Det er ei bieffekt av det å bu i ei lita bygd, skal du bli kjent med nokon, kan du ikkje vere heilt sikker på at du finn nokon med same interesser som deg, og om interessene skulle vere Jazzrelarterte, er sjansane i mange tilfelle enno mindre.

Det er i tilegg til desse to kompanjongane er det eit par ganske viktige personar i denne boka. Vi har faren til Ove verkar til å vere ein streng person som har litt vanskeleg for å gi kompliment til sonen direkte. Dette kan ha vore med på å byggje under på Ove sin mindreverdigleikskjensle. Mora til Ove var veldig personleg og prata mykje med sonen når han var liten. Ettersom han vart eldre, gjekk praten oftare og oftare med å bli typisk norsk tomprat, om veret og liknande. Ho verkar til å vere litt bestemoraktig av seg. Basse er hunden til familien Ullkvam, og kan, så vidt lesarane kan oppfatte det, prate, eller kommunisere med Ove på ein eller annan måte. Dette er ein av dei få surrealistiske trekka i denne boka, saman med to observasjonar av den avdaude Jazzmusikaren Charlie Parker. Vi høyrer vel å merke ikkje at nokon andre av familiemedlemma i familien Ullkvam ser ut til å leggje merke til at hunden i huset pratar, så det er fullt mogeleg at dette skjer i hovudet til Ove. Ein kan seie at Basse er ei slags fornuftas stemme for Ove, og at det er hans måte å fortelje seg sjølv ting han allereie veit, men ikkje synest han burde vite.

I tillegg til familiemedlem og venner blir det også skrive ein del om kjærleikslivet til Ove, dette består i all hovudsak av to jenter. Vi har Cecilie, som er gamlekjærasten til Ove. Vi får høyre om ho når Ove blir fortald at Cecilie nettopp har fått seg unge med ein bergensar. Cecilie og Ove hadde planlagd å reise til Bergen saman for å studere, men Ove blir overtala til å bli heime på grunn av ein jobb han berre ikkje kunne få seg til å seie nei til. Her ser vi at Oves snillistiske haldningar ledar han inn i ulykkja igjen, då Cecilie gjer det slutt på eit helgebesøk, av grunnar lesaren ikkje kan anna enn å undre over. Forholdet til Sara er eit av hovudpoenga i boka, dei møttest på Vossa Jazz gjennom ei rekkje tilfeldigheitar. Forholdet er, frå Ove sitt synspunkt, ganske perfekt, og han forandrar seg ein god del for å bli meir lik den mannen han trur Sara vil ha. Etter alt sannsyn var trur nøkkelordet her, for Sara gjer det slutt etter kvart. Eit fellestrekk ved desse to forholda var at dei begge slutta ganske brått, og at forklaringa på kvifor det var slutt var nesten like forvirrande som ikkje nokon forklaring ville vore. Dette kan kanskje ha noko med at vi blir fortald alt som skjer i førsteperson, gjennom Ove sine auge, det gjer det ikkje akkurat meir oversikteleg, på trass av at ein har mogelegheita til å stoppe opp, gå tilbake og lese ting opp att.

Mot slutten av boka bestemmer Ove seg endeleg for å gjere det han skulle gjort allereie den tida han var saman med Cecilie, nemleg å dra vekk frå bygda for å studere. Slik kan ein seie at dei prøvelsane han har gått igjennom i løpet av boka ikkje har vore forgjeves. På dei siste sidene ser Ove Charlie Parker igjen. Første gong Ove ser han, er det mellom han inngår kontrakten med Ragnar og han dreg til Vossa Jazz, midt mellom to vendepunkt i livet hans. Det er derfor mogeleg å spekulere i om det er eit nytt vendepunkt på veg ein eller annan stad etter boka har slutta, mogeleg vis noko som involverer jenta som står i baren på utestaden der Ragnar skal halde diktopplesing av Olav Stedje-antologien sin.

Vi synest denne boka var særs god, spesielt bruken av humor og tragedie. Det at humøret i boka skiftar frå Feelgood-komedie til Gresk Tragedie på under ei halv side sørgjer for at du er obs gjennom heile boka. Du får deg ikkje heilt til å bli lei, sidan det er eit trist eller morosamt augneblikk i emning nesten til ei kvar tid. Når hovudpersonen er i godt humør, merkar ein at ein blir litt småfornøgd sjølv, og når ting går på dunken, søkk humøret litt hos lesaren. Dette kan vel å merke variere litt frå person til person. Boka er ikkje vidare tunglest, språket er direkte og ikkje så veldig komplisert.

Boka kan alt i alt anbefalast for folk frå 15 år og oppover, og ein treng nødvendig vis ikkje å komme frå bygda for å lese denne boka, men om du gjer det, blir det i tillegg noko gjenkjenningshumor.



V

Ingen kommentarer: