07 juli 2006

Vanvittige tiltak og 'turd' kultursatsing

Det er mykje snakk om politikk som er 'villet'. Om LITTKRIT kan ein seie at det ikkje berre er ein villet kulturpolitikk som ligg til grunn, men også ein 'turd'! Me har turd å gjera noko som ingen anna kommune eller institusjon har gjort før oss, og ja - me er stolte. Ikkje berre stolte, forrestan - glade også! Opplegget har vist seg å innehalde långt fleire dimensjonar enn me kunne drøyme om på førehand. Her samlast ungdom frå heile regionen, og endå lengre enn det også, rundt den nynorske samtidslitteraturen, i år representert ved forfatterne Olaug Nilssen, Ragnar Hovland, Atle Hansen og Finn Tokvam og Halvor Folgerø! Ein kan jo mista pusten av mindre! Der fekk eg nemna noko av orsaka til at me er så stolte. Glade er me fordi prosjektet har vorte så inkluderande og befriande positivt. Bånd har vorte knytta mellom ungdommar frå ulike nynorsk-kommunar, impulsar utanfrå skapar rørsle og liv!
Men eg kan ikkje lata meg sjølv stoppa allereie her! LITTKRIT er eit vanvittig tiltak i den forstand at me ikkje visste kva me gjekk til, og ikkje kor me ville i førstninga heller. Kvar me skulle hen var umuleg å seia noko om, det fekk me berre ta som det kom. Sopass sjansevillige må ein vera eit budsjettår i ny og ne. Men eit eller anna kjendes rett. Som biblioteksjef jobbar eg mykje med kultur. Eg er glad i kultur, og ingen ting er meg kjærare enn å kunne servera lesehungrige barn og unge det siste frå fantasy- skrekk eller kjærlighetslitteraturen. Men kvifor stoppa der? Kva med å sjå det utrulege potensialet som ligg i kvar einaste hylleplasserte tekst i biblioteklokalet, hyre inn ungdommar til å brekke laus på noko av det, sjølvsagt ispedd temaer som 'korleis nytta biblioteket på best mogleg måte', 'korleis navigera seg smartast mogleg rundt på netet' og 'kva er kjeldekritikk?'. Alt sjølvsagt bunde saman av eit mål om auka kritisk tilnærming til kulturelle, sosiale og samfunnsmessige aspektar. Og som ein paraply i alle regnbogens fargar, med stripar bølgedalar, ein ulv bak ein stein og raudhette i framsetet- den nynorske litteraturen! Bedre vert det ganske enkelt ikkje! Og det kan verka som at Dn.no, Bergens Tidende, Sogn Avis, Nationen, Samningen, NRK P1, NRK Sogn og Fjordane og fleir delte nokre av dei synspunkta - dette fortener media og folket si merksemd! Dette er smart investering i ungdom, kultur og nærmiljøa deira si framtid! Dette er ein blogg, Bloggen er ein del av arbeidsdagen under LITTKRIT. Til blogging har me berre satt av så og så mykje tid per dag, og eg er i ferd med å ikkje verta ferdig innan fristen. Eg rundar av og vonar alle deltakarar, sponsorar, forfattarar og alle andre eg har gløymt har hatt to fine veker saman med oss. Vil også ynskje alle ein god sommar, og satsar på at me sjåast att neste sommar. Med helsing Petter von krogh, prosjektleiar, LITTKRIT 2006.

Ingen kommentarer: