06 juli 2006

Nest siste dag i littkrit

I dag hadde me eit svært kort morgonmøte, så me starta med ei gong å skriva bokmelding. Me var komen kjempegodt i gong sidan me starta i går. Men det viste seg at det var ein del vanskelegare enn sist, sidan me ikkje heilt skjønte alt med boka.

I heile dag har me faktisk jobba med denne. Sidan det blei mykje skriving, måtte me ta nokre pausar, for det var veldig tungt å sitta framfor PC’en. Men til slutt så fekk me det til og me var kjempefornøgde med teksten. Så var det berre ein ting som gjennstod, og det var på legga han ut på bloggen. Dette viste seg å vera mykje vanskelegare enn det eg trudde, det vart veldig mykje problem, men etter ei god stund med bal, så gjekk det.

Den nest siste dagen var ein rein arbeidsdag framfor PC’en, men alikavel ganske grei.

Ser fram til å møta opp siste dag på jobb;)

Ingen kommentarer: