05 juli 2006

Pressebesøk og forfattarbesøk

Sto opp eit kvarter før jobb og slengte meg ut døra. Rakk akkurat jobben. I dag hadde me eit langt morgonmøte for å få full kontroll over alt som skulle skje. Som sagt i bloggen i går, så hadde me besøk av forfattarane Olaug Nilssen og Ragnar Hovland i dag. I tillegg hadde me pressebesøk, besøk av ordføraren og bankdirektøren.

Fyrste delen av dagen brukte me til å laga spørsmål til forfattarane, og finne ut meir om dei. Dette var ikkje så vanskeleg lenger, for no byrjar me å bli vand me å gjere dette. Såleis kom me godt i gang og fekk arbeide fort gjort.

Midt i lunsjen kom forfattarane, og nokre av journalistane. Så etter at me var ferdige å eta, kom me fort i gong. I byrjinga då forfattarane skulle presentere seg og prøvde å få oss med i samtalen, var det litt pinleg tausheit, men dette kom seg rask etter kvart. Eg synest me fekk ein del ut av det, sjølv om Olaug Nilssen ikkje kunne svare på eit spørsmål som eg undra på. Det var vertfall kjempekjekt å få høyra litt om liva til forfattarar. Eg lærte vertfall ein del nytt.

Etter me hadde såtte å høyrt på forfattarane ei god stund, hadde dei fått sagt sitt. Då var det klart for intervju. Det var ein del stress då alle for rundt å intervjua, og gjekk her og der, men det var vertfall kjekt. Då ting byrja å roa seg, fekk me litt kjeks og saft, dette trur eg fekk oss til å senka skuldrene eit par hakk.

Til slutt i dag var det å sjå alle forfattarane og journalistane reisa, og så skriva blogg. Det var ein hyggeleg dag:)

To dagar igjen, som eg ikkje bekymrar meg for.
Alt er berre kjekt!

Snakkast:)

Ingen kommentarer: