05 juli 2006

Pressedag

Hu hei som det går, nesten ikkje trøyt i dag tidleg faktisk, i alle fall ikkje som eg kan hugse. På den andre sida, så hugsar eg sjeldan at eg faktisk ER trøyt, så det kan no henda eg var det. Vel, nok om det, og meir av noko anna. Blei ikkje så mykje lesing i dag, av di vi skulle ha to forfattarbesøk og at diverse presse skulle prate litt med oss. På besøk i dag hadde vi Ragnar Hovland, forfattaren av Sveva over vatna og fleirfaldige andre bøker, og Olaug Nilsen, som har skreve Vi har så korte armar og Få meg på, For faen. Ragnar Hovland var ein anelse låg i røysta, men det kan no ha noko med at eg stillte inn forfattarmøte-høyrselen min etter Atle Hansen i går.

Det vart forøvrig diskutert om Få meg på, for faen var ei god bok eller ikkje. Detta enda, forutsigeleg nok, med mangel på eit eintydig svar. Smak og behag kan ikkje diskuterast, seiast det, men like vel er det sett på som ubehageleg a svømme brystsvømjing gjennom ein kaktus-plantasje. Ja ja, tilbake til saken, eller sakene, kanskje, nuvell. Fekk også signert Få meg på, for faen og Sveva over Vatna av dei respektive forfattarane, og det ser ut til at nok ein dag som litteraturkritikkar tikkar mot slutten.



V

Ingen kommentarer: