03 juli 2006

Ny veke, nye mogelegheiter;)

Dagen i dag starta med ein gigantisk jesp!!! Var litt tungt å stå opp etter helga, men det trur eg ikkje det berre var eg som syns. Var ein trøtt gjeng som møtte opp på jobb i dag.
Morgon møtet vart fort avslutta, for her var det berre å settje i gong med arbeidet.
Gruppene vart samla på gruppe romma, der dei hadde eit lite møte. Etterpå sette me i gong med spørsmål til Atle Hansen, som me så klart ikkje brukte alle av ein gong!!!!
Gruppa mi spurde to 2 av 25 spørsmål!!!!!! Men han prata og prata og prata, så det var nesten ingen av oss som klarte å komme fram med alle dei super vanskelege spørsmåla våre:p hehe:)
Me samla oss og rett før lunch, der me hadde ein kort breefing om Atle Hansen, kva dei ulike gruppene hadde funne ut osv.

Då lunchen var over, og Atle Hansen kom gåande med gitaren på ryggen, og munnspelet i lomma, var det berre til å sette seg ned, å høyre på den hunderhaldande mannen:)
Han prata om laust og fast, og me fekk eit godt innblikk i korleis det er å skrive bøker. Atle spelte opp på gitaren, og han fortalte om både barndom, utdanning, musikk, jobb og bøker. Han gav oss og tips om korleis me skal skrive sjølve. Han sa me måtte prøva å setta oss ned å skrive alt så datt inn i hovudet på oss, ikkje tenke rett skriving, komma eller punktum. Det var berre til å dure fram. Alt måtte ut sa han! Me kom alle til å bli overaska over kor mykje rart me kjem til å tenke på. Eit anna tips var at me skulle skrive eit par setningar som kunne vere byrjinga på ei bok, og sidan ta dei fram igjen. Det kan hende at me plutseleg må skrive noko seinare.

Her er mine fem innleiingar:

1. Sola skein, blondt hår flarggra i brisen, bølgjene brusa og eg var forelska.

2. Bilen som kom køyrande var blå, med rust, den skramla av gårde på slitte hjul og dårlege vegar, den kom rett i mot meg, det eine front lyset var knust, front ruta var mørk, så ingen kunne sjå kven som sat bak rattet, eller var det nokon der?

3. BANG!

4. "Kvifor må du alltid vere så jævla teit!!!!!!!"

5. Eg veit ingenting, ingenting veit eg, kven er eg eigentleg, og kven er alle dei andre?

Dagen slutta med lesing, bloggings og evaluering av dagen:)

Ingen kommentarer: