03 juli 2006

Nok ein mandag

Ja, eg lever enno, og eg har framleis ein ganske så smått konge sommerjobb. Mesteparten av dagen i dag gjekk med på å forberede oss til eit besøk av Atle Hansen, forfattaren av Som ein Engel. Må seie at det var ein inspirerande visitt. For det første var han mildt sagt engasjert, og han hadde ein sans for digresjonar som gjorde det vanskeleg å ikkje bli reven med. Eit ganske godt eksempel på dette var då han under ein bit om ei av bøkene hans hamne ut på ein lengre prat om dramaturgi som slutta med at han gjengav ei sluttscene i ein McGyver-eppisode, som alle rollane plus terreng. Kan ikkje seie at eg blei for overaska når han forklarte korleis han jobba heller, ein kunne sjå på boka at han hadde skreve ned det som poppa inn i hovudet hans der og då heilt til det sa stopp, og etter det var det ikkje meir å skrive.

Fikk signert mitt eksemplar av Som ein engel, og er i fin form. Starta på ei bok som heit Bikubesong etter at eg gjorde ferdig Få meg på, for faen.


V

Ingen kommentarer: