04 juli 2006

tysadag i dag ja!!!!

I dag har eg lest ferdig boka "få meg på, for faen". For å seie mi meining om boka som var den middels god, maks. Ein slik påstand må vel begrunnast i og med at ho har fått 5-arar på rad og rekke i dei store avisene. Begrunelsen min er at boka var veldig vanskleg å skjønne då ho ikkje virkar å ha ei meining i det heile, iallefall ikkje før me kom til side hundre og eit eller anna.
men då forstod eg mykje meir av heile handlinga, så det blei nesten ein liten triumf.
Men eg meiner at boka ikkje er betre enn ein 3-ar maks.

Men boka blei eg ferdig med nokså tidleg så eg har fortsett på boka "som ein engel" av Atle Hansen (han som var på besøk i går). Eg håpar den er litt meir intresant enn den kjedlige og vanskelege "få meg på for faen"

Men eg har ikkje berre lest i dag nei, eg har og begynt på bokmelding til gruppa vår eg har fått rabla ned ca 1 side men det blir meir i morgon når heile gruppa skal hjelpe til å skrive på den. Eller det vil seie på torsdag, for i morgon får me besøk av Ragnar Hovland og Olaug Nilsen. Noko som kan bli spannande ettersom Håvard og Marthe verkeleg skal grille Olaug på dei mest erotiske delane i boka hennar. Så me andre håpar at dei tør å gjennom føra det dei har planlagt.

Me gledar oss litt til Ragnar Hovland kjem og for etter det han Atle Hansen sa om han så var han visst ein heilt fantastisk forrfattar. Så me gler oss til å høyre kva han har å seie til oss, kanskje lærer me noko også?

I morgon er det også pressedag! så det blir jo berre svære greier. Me håpar jo at tv 2 og NRK kjem, men det er vel lite truleg at dei gidd det men kven veit??
kanskje vg elle dagbladet kjem og? Me kan jo håpa.
Men det blir vel som vanleg Sogn Avis og kanskje noke radio og. Aurlendingen burde vel kanskje dukka opp.

Men i morgon blir det ikkje mykje vetig arbeid så det er jo berre NICE.

snx :D

Ingen kommentarer: