05 juli 2006

Pressedag;)

Trallala:) I dag var det pressedag, litt skummelt kanskje? Høgtidleg i alle fall:)
Men me har no hatt ein fin dag for det:) Først på dagen fann me info. om dei ulike
forfattarane og laga spørsmål til dei. Dei fleste av oss er no ferdige med boka til Olaug Nilssen,
men det er ikkje så mange som har lest boka til Ragnar Hovland. Det var vel berre ein, faktisk.

Etter lunch fekk me forfattar besøk. Ragnar og Olaug kom smilandes og hoppandes inn:)
Fortalte litt om bøkene sine, leste litt og så det kjekkast av alt, me stillte spørsmål:) Det var veldig gøy å høyre forfattarane lese opp frå sine eigne bøker. Det blir mykje meir spennande
når det er dei som har skrive boka som les den opp.

Det var jo så klart mange journalistar tilstades og. Dei spurte og grov, knipsa bilete
og intervjua. Ordføraren kom opp og prata litt om prosjektet, banksjefen og ei frå fylkes-
bibloteket var også på besøk. Så I dag var det mykje liv her:) Veldig fin og avslappa dag,
men i morgo venta det harde arbeid att. Då skal det lesast og skrivast!

Jess, jess, det var alt for i dag folkens, snækkes i morgo:p

Ingen kommentarer: