05 juli 2006

pressedag i dag ja!!!

dagen starta med eit ekstra laannggtttt morgon møte der eg ikkje heilt hugsar kva han petter sa men da va vel ikkje so viktig då.
Der me for det meste diskuterte "få meg på, for faen", noko du kan kalle ein livleg diskusjon. men det var ganske var faktisk veldig moro. og for å ta nokre sitat frå meg sjølv "hadde eg ikkje vore på arbeid så hadde eg heve boka vegg i mellom og ut næraste glas"
men i hvertfall har me arbeid med å finne fakta om Olaug Nilssen og Ragnar Hovland sitt forfattar skap. Me skulle og finne på mange spørsmål til dei 2 forfattarane sidane dei kom på besøk seinar på dagen (kjem tilbake til det seinare). Men i hvertfall så laga me spørsmål og prøvde å grave opp så mykje snusk me berre kunne finne, men beklagleg vis var det ikkje så mykje. (kanskje bra for dei).

Men etter den vel fortente lunsje kom det nokre beøkande som i nynorske sirklar nesten er kjendisar. Dei to heiter noko sånt som Olaug Nilssen og Ragnar Hovland aka "den nye nynorsk dronninga" og " mr. nynorsk". sist nemde blei jo skryt langt over skyene av Atle Hansen, mens me snakkar om Atle Hansen så har eg komme lenger i boka "som ein engel" og den blir berre betre og betre og etter kvar som eg kjem lenger inn i den. ein an ting er at eg las noko som han fortalde at hadde skjedd i live hans, det skjedde i boka og så det var jo berre tøft..

Men tilbake til saken, besøke av "mr. Nynorsk" og "den nye nynorsk dronninga". Ragnar Hovland virka litt nervøs i byrjinga når han skulle lese frå boka og svare på våre veldig gjennom tenkte spørsmål. Men han kom seg. Olaug Nilssen var eg for å seie det mildt sagt skeptisk til i og med at eg har kritisert boka hennar, men når ho byrja å lese litt frå den så blei boka veldig fort morosam. Så anten er ho berre kjempe flink å lese eller så er boka litt god. men eg held meg til ein 3, fordi eg måtte ha lest boka fleire gonger for å synast at den er god.

Boka passar for det mest for kvinnfolk trur eg men kanskje nokre menn kan finne ut at den er god. men visst du ser på navna til dei som har annmeldt boka så er 8/10 av dei som har bedømt av ja du gjetta rett KVINNFOLK...... sier berre det eg.

Men berre slik at det er sagt så er det eg ikkje meint å krenka noken!!!

Folkens di må høyra på nrk sogn og fjordane og lesa avisen for der kjeme me!!!!

no ha me visst ikkje meir tid men eg hadde meir på hjerta

prekast :D

Ingen kommentarer: