03 juli 2006

Forfattarbesøk!

I dag brukte me tida før lunsj til å forbereda oss til besøket me skulle få av Atle Hansen, forfattaren av ein av bøkene me har fått, nemleg "Som ein engel", eg syns den boka bare blir betre og betre jo lengre eg kjem i ho. Ja, me forberedte altså spørsmål og fann litt ut om bakgrunnshistorien hans før lunsj. Så kom han sprudlande inn i biblioteket med gitar over skuldera rundt halv ett. Då gjekk me opp i andre etasje og fekk høyra på at Atle Hansen fortalde om alt fra pietisme til Rolling Stones, og fekk høyra han synge og spelle. Eg syntes at det var spannande og lærerikt, eit kjekt lite avbrekk frå arbeidet, sjølv om vi var på jobb.

Så har me fått jobben å skriva 5 åpningsetningar kvar i bloggen i dag. Ein idé som hadde sitt utsprang i at Atle Hansen fortalde at han for ein stund tilbake noterte ned nokre setningar han ein gong kanskje skulle få bruk for til å starte ei bok med. Han fekk faktisk også bruk for ei av dessa setningene til å begynne boka "Som ein engel" med.

Så her kjem mine "på-sparket"-åpningsetningar:

- Eg sprang, eg sprang for harde livet.
- Det var ein tydeleg stripe i lakken, ein stripe som ein ikkje kunne unngå å sjå, han kom til å drepe meg
- Sola sto opp mellom fjellene, det var ikkje ein sky å sjå, berre grønt gras og lyseblå himmel, ein perfekt start på dagen.
- Han som alltid hadde vore så trist, så umåteleg trist, var no så umåteleg glad.
- "Eg elskar deg","ikkje"

So long!

Ingen kommentarer: