06 juli 2006

Ferdig med Få meg på, For Faen

Som det står i tittelen, i dag blei vi ferdig med arbeidet rundt boka Få meg på, for faen. Nesten litt småtrist at det er så lite igjen av prosjektet, eller sommarjobben, om du føretrekk den definisjonen. Dagen i dag har for det meste gått med til gruppearbeid for å få ferdig bokmelding/analysen vår, gruppearbeidet gikk greit, sjølv om det sklei ut ein aldri så liten bit no og då. Boka Skråningen er særs tung å lese, og difor er eg enno ikkje ferdig med ho. Språket gjer ein god jobb med å komme under huda på eit plaga sinn, men det gjer det også litt vanskeleg å følgje med. Historia har ein tendens til å sveipe frå ei hending til ei anna ganske saumlaust, og nokon gonger kan ein lese nokon linjer utan å få med seg at det som no skjer er i ei anna tid, ein annan stad.

Nuvell, no til annmeldelsen.




Få meg på, for faen
Av: Vetle Lidal, Randi Eggereide, Jørgen B. Ryum og Sandra Aalen Hoff

Denne boka fortel tre historier, to av dei føregår i den vesle bygda Skoddeheimen, medan det tredje føregår i Bergen, med ein hovudperson frå Skoddeheimen.

Den første historia går over to deler, og handlar om Maria. Ho bur i Bergen, der ho jobbar som vaskedame. Denne jobben er ho openbart ikkje så alt for fornøgd med, og ho drøymer om å bli ein rikskjendis. Historia skildrar Maria sitt forsøk på å skrive eit føredrag om vaskejobben sin, og kor urettferdig alle rundt ho er. Ein kan trygt gå ut i frå at Maria slit litt med eit martyrkompleks, ein så smått sjukleg trong til å verke som eit offer. Ein ser dette spesielt når ho beskriv dei fleirfaldige prøvelsane som gjer at ho har det mykje verre enn alle andre, dei fleste av dei er ganske trivielle, og dei som ikkje er i større grad sjølvforskyldt.

Denne historia viser slik ein likskap med Tyl, hovudpersonane slit i større grad med restar av barnsleg naiv optimisme rundt vaksenlivet. Problema oppstår når dei ser at livet som vaksen består av å gjere mange ting du ikkje har særleg lyst til, ofte fleire gonger, rutinemessig. Den sentrale forskjellen er at Maria ikkje treng noko hjelp for å innsjå at ho ikkje er fornøgd, mens Ove frå Tyl treng mas frå kameraten Ragnar for å komme til same konklusjon.

I tillegg er Maria mykje tydlegare på kva ho meiner at ho treng for å bli lykkeleg. Ho treng å bli synest synd på, men vel å merke i ein ganske stor skala, ho ønskjer å bli kjent fordi alle har sympati med ho. Dette kan komme av at ho kjem frå ein familie på ti personar, derav 9 jenter, dette finn vi ut seinare i boka. Sidan Maria er den eldste av ungane, kan det ha ført til at ho ikkje fekk så mykje merksemd i barneåra, då det må ha vore ganske tett mellom borna.

Den andre historia handlar om Alma som slit med eit valdsamt uforløyst begjær etter ei hending der Artur er borti ho med pikken. Historia handlar om Almas forsøk på å gjere noko med dette behovet, delvis i ein glansa fantasiverd og delvis i eit samfunn der kvinneleg seksualitet er eit tabubelagt tema. Grensa mellom fantasi og verkelegheit blir vaska ut til det mest umerkelege, og det er snart slik at det er kor usannsynleg det som skjer er for å finne forskjell mellom det som skjer og det som berre er fri fantasi.

Alma er, i tilegg til utruleg frustrert, også heller uheldig når det kjem til vennefronten. Ho er einsam og sett ned på, og heile begjær-eppisoden forsterkar og blir forsterka av denne einsamheita og følinga av å bli utstøytt. Artur er ein ganske så gåtefull figur, du kjem ikkje så mykje under huda på han. Så vist vi kan sjå er han også ganske uforståande til Alma sine problem. Dette er, vel å merke, når alt kjem til alt, ganske forståeleg, sidan han ikkje er tankelesar, og antakeleg ikkje hugsar så mykje frå den natta han var borti Alma med pikken.

Ein annan teori er at han ikkje gjorde det i det heile, og at denne hendinga berre føyer seg inn i ei lang rekke fantasiar som Alma opplever, så vidt vi kan sjå, nesten som verkelegheit. Denne mogelegheita gir litt logikk i situasjonen, men då manglar vi ein utløysande faktor.

Den siste historia handlar om Kona til Sebjørn og korleis ho hanskast med det faktum at ho er det ein godt kan kalle ei superhusmor. Det sler ho at ikkje berre gjer ho alt arbeidet i heimen, men dei ni andre i heimen tar det også for gitt at ho gjer det.

Familien til Sebjørn har også det merkelege trekket at det berre er to i familien som faktisk blir nemnd med namn, faren i huset, Sebjørn og Maria, den eldste dottera. Alle andre blir berre omtala i det forholdet dei har til Sebjørn, ”Kona til Sebjørn”, ”Den nest eldste dottera til Sebjørn,” ”Den radikale dottera til Sebjørn,” etc.

Dette, saman med replikken ”Og kvifor heiter eg liksom berre ”Kona til Sebjørn?” forsterkar lesaren sitt inntrykk av at det er det dei faktisk heiter. Dette kan ein tolke som ein kommentar til synet på individuell identitet på små plassar i Noreg. Det er freistande å kalle dette ein variant av situasjonen i Ein flyktning kryssar sitt spor, og ein slags avart av den berømte Jantelova. Denne sereigne måten å omtale medlemane i familien Sebjørn kan også ha bidrege med sitt til Maria sitt tidlegare nemnde mest sjukelege behov for merksemd og sympati.

Ironisk nok er familieoverhovudet i familien til Sebjørn, Sebjørn sjølv, ikkje så sentral i boka. Han har riktig nok ein ganske viktig birolle i den tredje historia, samt ein mindre rolle i historia om Alma. Sebjørn gir inntrykk av å vere ein person som er sterkt prega av å vere einaste mann i huset. Han er særs lite tolerang når det kjem til frustrasjonane til kona si, delvis fordi han føler ein viss frustrasjon sjølv. Spørsmålet, eller kanskje problemstillinga, som kjem opp no er om kva som er den verste lagnaden, å jobbe og slite for å brødfø ein familie som har særs dårlege føresetnadar for å forstå deg, eller å lage mat, vaske og liknande for tidlegare nemnde familie, og i tilegg vere diplomat, psykolog og tankelesar for å greie ut problema til døyttrene i familien.

Eit anna trekk det er verdt å merke seg er at det er særs få viktige mannlige figurar i denne boka, det er ikkje fleire enn Artur, Sjefen på nepefabrikken og Sebjørn. Desse har ein relativt liten rolle, men dei har det til felles at dei er, på ein eller annan måte, rota til problema til hovudpersonane. Bortsett frå denne noko usympatiske rolla er dei heller sjeldan med i boka. Unntaket er Sebjørn, som saman med resten av familien blir litt av ein reddande engel for Kona til Sebjørn.

Denne boka handlar i stor grad om kvinnas plass i samfunnet, og dei problema som er knytta til det. Problema til dei forskjellige hovudpersonane handlar i stor grad om å bli sett, annerkjente som personar.

Denne boka bør ikkje lesast som ein ”rett fram”-roman, sidan du mest sannsynleg kjem til å bli irritert sidan du ikkje vil forstå handlinga, sidan historiene i boka ikkje er satt i kronologisk rekkefølgje. I tillegg slit nokon av kapitela litt med det faktum at det er vanskeleg å skilje draum frå verkelegheit, spesielt når det gjeld kapitela med Maria og Alma. Så denne boka er ikkje til å anbefale vis ikkje du ikkje er van med å lese bøker der draum og verkelegheit går om ein annan utan noko spesielt førevarsel. Me vil difor anbefale at du byrjar med ei lettare bok før du les denne.

Språket i denne boka er eigentleg ganske friskt, og banninga er moderat. I kapitelet om Alma og Artur derimot, blir det litt prat om masturbering, sleiking, og puling. Kapitelet om Alma og Artur er vel å merke litt ”grovt”, og det er berre i denne delen av boka det faktisk er prat om sex.

Boka kan virke litt forvirrande, men har du lest bøker som er bygd opp på denne måten før, og du går inn for å forstå boka og går meir eller mindre heilt inn i den, så skulle det ikkje vere eitt problem å forstå kva som faktisk skjer i boka, og ein kan og finne ein moral, eller ein meining, med innhaldet. Det er ei bok som fungerar best for å få innsikt i temaet, eller problemstillinga, som me har definert som kvinna sin plass i samfunnet, og problem og fordommar som høyrer til nettopp dette.

Me vil anbefale denne boka for personar som har eit ope sinn. Trongsynte personar vil nok ha eit problem med å finne ei meining med boka, og vil ikkje skjønne moralen. Det er vanskeleg å setje ein aldersbegrensing på boka, men det er ein fordel om du ikkje er for gamal eller for ung i sinnet.

Me vil også anbefala Kona til Sebjørn ein tur til folkeregisteret.



V

Ingen kommentarer: