05 juli 2006

Forfattarbesøk igjen!

I dag byrja me som vanleg med morgonmøte. Der blei me einige om at me skulle lage spørsmål til Olaug Nilssen og Ragnar Hovland saman på gruppene fram til lunsj. Det gjekk fint, så me tok lunsj, og så fekk me besøk av både forfattarar og masse presse. Folk frå Bergens Tidende, NRK og avisen Hordaland, og kanskje nokon fleire, hugse ikkje heilt.

Olaug Nilssen fortalde litt om seg sjølv, sin karriere, og litt om boka "Få meg på, for faen", som me har lest. Ragnar Hovland fortalde også om seg sjølv, og litt om korleis det er å vera forfattar, og las litt frå nokon av bøkene hans. Det var kjekt!


Jappz <3

Ingen kommentarer: