06 juli 2006

Bokmelding nr.2 for gruppe 1



Bokmelding av ”Få meg på, for faen,” skriven av Olaug Nilssen



”Få meg på for fan” er ei bok der ungdomen vert godt skildra. I kvardagen møter ungdomen mange farar og problem, som me tykkjer den boka syner godt. Ho syner korleis ei ung jente blir veldig forvirra og usikker på seg sjølv og korleis andre ungdomar kan ha vanskeleg for å akseptera og respektera andre.

Olaug Nilssen:

Olaug Nilssen (f.1977) debuterte med romanen ”Innestengt i udyr” i 1998 og har sidan skrive ei samling tilstandsrapportar med tittelen ”Vi har så korte armar” (2002). I 2004 kom barneboka Ronnys rumpe og i 2005 essaysamlinga Hybrideleg sjølvgranskinga og romanen ”Få meg på, for faen”. Olaug hentar mykje av inspirasjonen sin frå Eva Jensen og Ragnar Hovland. Ho har blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge norske forfattarane, og ho er garantert mellom ein av dei artigaste og mest allsidige. Nilssen vekslar mellom sakprosa og skjønnlitteratur, og det kan ofte vere vanskeleg å plassere ho i ein av desse kategoriane. I boka ”Få meg på, for fan” skildrar Olaug veldig godt kvinnefantasiar. Olaug blir sett på som ein forfriskande forfattar, ho er uforutsigbar og har mykje opprøyr inne i seg.

Olaug med kjendisbriller;)

Handling:


Denne boka er delt opp i tre. Her får me innsikt i tre personar sitt liv, som kjenner kvarandre, noko me ikkje får vite i byrjinga av boka. Den byrjar med Maria som er student og vikar som vaskehjelp, ho trur og at ho er ein kjendis som refsar Skavlan. Medan ho jobbar førestill ho seg at sjefen hennar står over henne og gir ho meir arbeid, ho bruker fantasien til å gjere livet sitt meir spanande og ho ønskjer seg status og respekt frå andre. Ho er så irritert over at ho får lite respekt av å vere vaskehjelp så ho bestemm seg for å skrive eit føredrag som syner korleis det er å vere vaskehjelp.


Den andre historia er om Artur som kjem borti Alma med pikken, og det fører til at ho blir usikker på sin seksuelle identitet. Til slutt syner det seg at Alma har blitt sex avhengig. Ho onanerer nesten heile tida, og det blir så gale at mora hennar ferskar ho. Dette gjer at mora hennar blir veldig fortvila. Alma er og forelska i Artur, men han bryr seg meir om ryktet sitt enn om Alma. Ho er ikkje kul og vert mobba så Artur vil ikkje bli sett saman med ho. Alma som lider etter episoden med Artur ser for seg alle menn ho møter nakne og i erotiske fantasiar, ho har og sex med dottera til sjefen hennar.


Den tredje historia handlar om mor til Maria som ikkje me får veta namnet på men kunn for ”Kona til Sebjørn”. Ho bestemmer seg for å få arbeid, fordi ho er lei av å være heime og gjere alt der. Ho ordnar opp med alt heime og til slutt får ho seg ein jobb på nepefabrikken.


Skildringar:

Alma:
Alma er ei jente på 15 år som er usikker på sin seksuelle identitet. På skulen er ho ein outsider og vert mobba. Arthur som eigentleg er forelska i Alma, er redd for at folk skal sjå dei saman, så sterkt vert Alma mislikt av andre. Alma må byrje å jobbe i butikken til Sebjørn, på grunn av ein heftig stor sextelefonrekning, som ho må betale sjølv.

Artur:
Artur var lang og smal. Han går alltid med ei raud lua. Artur er feig og er veldig redd for kva andre synest om han. Fyren syner ikkje at han har eigne meinigar.

Maria:
Maria jobbar for eit rengjeringsbyrå. Ho skriv på eit føredrag om korleis det er å vere vaskevikar. Maria vaskar på sosialhøgskulen, og skildrar korleis studentar og tilsette ser ned på ho når ho går med vaskevogna, enno ho studerer sjølv. Maria blandar kvardagen med fantasi journalistar og TV-repporterar blant anna, Halvor Folgerø.

Sebjørn:
Sebjørn står det ikkje så mykje om i boka, men likevel er han ein viktig person. Veldig mykje av handlinga i boka er bygd opp rundt han. Det er Sebjørn som bind saman dei tre hovudpersonane i boka. Sebjørn eig og den lokale butikken der Alma jobbar. Han er gift og har åtte ungar. Sebjørn er litt sær, vil me sei, for har eit ganske gammaldags syn på kvinna sin plass i samfunnet. Kona hans er heimeverande og det tykkjer han er heilt greitt.

Kona til Sebjørn:
Kona til Sebjørn heiter ikkje noko anna enn «kona til Sebjørn». Sebjørn og kona til Sebjørn har heile åtte døttre, og kona er heimeverande. Sebjørn si kone gjer ikkje noko anna enn husarbeid. Ho er heime kvar dag, og vaskar, lagar mat og passar på familien. Sebjørn er ikkje noko stor hjelp for ho, ho må berre gå der og ordne opp i alt familie tullet. Men dette vil ho ha ein slutt på. Ho bestemmer seg for å finne seg ein jobb. Ho vil ut å bli noko stort, syne at ho og kan gjer noko anna enn å vere heime å rydde. Så ho reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegginga av ein fabrikk. I slutten av boka får me vite at fabrikken ikkje blir lagt ned og at kona får seg jobb der.

Miljø:
Miljøet i denne boka er veldig forskjellig. Handlinga går føre seg i Skoddeheimen og i byen Bergen. Me blir sette inn i eit lite lokalmiljø, der alle kjenner alle, og alle veit alt. Boka sett oss og inn i eit studentsamfunn, og i dette tilfellet Bergen. Elles er det mest ungdomsmiljø som vert skildra.

Våre utvalte utdrag:

”- Ein hammar.
- Ein hammar? Kva skal du med den?
- Det er den nest eldste dottera til Sebjørn er på besøk, og no har ho gått.
- Jamen kunne ikkje ho ha henta hammaren, seier mamma, - kor er hammaren, Alma seier ho, ho rotar i verktøysskrinet, ho og, og så begynner ho å tenke på songen” Kor er hammaren, Edvard”, og så vil ho gjerne vere blid og ikkje berre ei kjeftesmelle, så ler ho.
- Hehehe, kor er hammaren, Alma, du trenge han vel no?
- Han er her, seier Alma, for no har ho funne han.
Ho held han fram slik at det svære skaftet skin.
- Kor er hammaren, Edvard, ler mamma – tok du den?”

”Hammar skaftet går ikkje inn. Det er for breitt nedst, og Alma skjelv av raseri og frustrasjon. Ho legg seg ned på dogolvet og gnir skaftet mot fitta medan ho tenker på kor store og fine brysta til Sebjørn si nest eldste dotter ser ut mot treningsjakka. Men det er ikkje nok, det går ikkje, og dessutan går det ikkje an å halde på slik når mamma går i nabo rommet og syng ”kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no? No når døra skal spikkrast igjen”. Og nest eldste dottera til Sebjørn, ho var på sjukebesøk. Ho var på besøk for å få Alma til å sei at det ikkje var sant at Artur hadde tatt på ho med tuppen av pikken sin. Og Alma fekk lyst på ein hammar i seg, og ho reiste seg opp frå senga og streifa kroppen til Sebjørn då ho var på veg ut av senga. Den nest eldste dotter til Sebjørn brølt:
-FYYYYYYYYYY FAAAAAAAAAAN.
Og så gjekk ho.
No er Alma sitt personlege helvete laust.”


”Onsdag morgon klokka 5:40 syng klokkeradioen til Maria:

Dei fengsla Maria, dei steina ho for løgn,
Medan minnet etter seminarleiaren blir feira kvart år.
Ja, herrane blir heltar og folket blir dømt,
og vi veit korleis det eigentleg gjekk til, får vite at vi
har drøymt”.


Konklusjon:


Boka er veldig forvirrande til tider, det er vanskeleg å henge med. Roman si oppbygging er skriven med ei vekselvis skifting mellom røynda og dagdrøymar. Det er eit positivt hjelpemiddel, men i denne boka vert det til tider litt forvirrande. Me vert usikker på kva som er røynd og kva som er dagdrøyming. Temaet i boka er om kvinna sin plass i samfunnet og om seksuell usikkerskap. Boka hadde ikkje noko høgdepunkt, men boka har eit lite vendepunkt, det er at Kona til Sebjørn fekk jobben på nepefabrikken. Me synest boka var grei, men me likte ikkje boka noko særleg. Me syntes boka var forvirrande og spesiell. Det var antydingar til morsomheitar, men me syntes eigentleg det ikkje var så veldig morosamt. Det var ikkje vår type humor. Boka var kanskje litt for vaksen for oss, for me er ikkje så interesserte i akkurat det temaet der.

Ingen kommentarer: