07 juli 2006

Blogg før lunsj!!

Den var ny.. Blogga før halve dagen er gått. Men jaja.

I dag fekk me ein ny kopi av eit skjema me har skrive på før - kva nynorsk litteratur og språk er og betyr for deg. Eg trur at eg skreiv litt annleis denne gongen, men er har framleis det samme synet på den saken. Meir nynorsk litteratur på skulen fjernar kanskje den frykten elevar har for han, og ikkje trur at alt er reint Ivar Aasen litteratur frå 1800-talet.

Me har også vurdert om kva me tykkjer om LittKrit og kva dei burde gjere til neste år. Eg var ganske nøgd med oppsettet LittKrit hadde, eg hadde ikkje så mykje klagar. Men med tanke på aldersgruppa LittKrit gjev jobb til, noko mellom 16-19 år, så kanskje det skulle vore ein balanse mellom ungdomslitteratur og vaksenlitteratur? Det er openbart at fleire frå året's LittKrit ikkje var klare for nokre av bøkene me hadde i år. Til dømes "Få meg på, for faen" - Olaug Nilssen si bok var nok den mest omdiskuterte, og mange har vel ikkje tørd å byrja med "Sveva over vatna".. Men eg føler at prosjektleiarne må verkeleg få alle til å forstå at LittKrit er ein JOBB, og ikkje del av ein SKULE - med andre ord, dersom folk ikkje oppførar seg som arbeidstakarar og tek dette seriøst burde dei få merka konsekvensane. Etter mi meining er det det einaste som får folk til å skjønna alvoret. Kanskje litt strengare intervju trengs også.

Men eg veit ikkje heilt kva eg skal seie meir på denne bloggen. Eg har berre tenkt på kor nyttig LittKrit har vore for meg - eg har på ein måte utvida lesehorisonten min når eg las bøker eg ikkje plar leite etter til vanleg.

Ingen kommentarer: