04 juli 2006

tysdag..

dagen starta som vanleg, og me blei sett til å lese med ein gong..
sette meg ut på eit bordtennisbord, sidan det går lett an å slappe av utan å bli forstyrra der.. me skulle lese fram til lunsj, og etter det skulle me jobbe med forfattarskapet til ragnar hovland.. men det vart det ikkje så mykje av, så me fekk fortsette å lese i boka..

sat inne i biblioteket resten av tida, og klarte å bli ferdig med "få meg på for faen", som eg byrja lese på igår.. boka er skriven på ein litt spesiell og tung måte..
boka er delt inn i fire deler, der fyrste del handlar om maria (eldste dottera til sebjørn) som drøymer om å havne på tv, og litt om føredraget ho skal skrive om kor fælt det er å vere reinhaldsmedarbeidar.. den andre delen handlar om alma og artur (denne delen er meir så porno, og kva denne har med noko å gjere er heilt uforståeleg!).. tredje delen er meir eller mindre føredraget maria skriv, og siste delen er om kona til sebjørn som skal demonstrere mot nedlegginga av ein nepefabrikk.. so, mi meining om denne boka er at den ivertfall ikkje har fortent femmarane som har blitt gitt..

men, som sagt, det er det eg syns! ja......

soe, imorgon får me besøk av ragnar hovland og olaug nilssen.. det kan jo bli interessant det.. mhm..

sneiks\m/

Ingen kommentarer: