04 juli 2006

I tillegg til USA sin nasjonal dag..

..så har LittKrit dagen i dag, på sjølvaste tirsdagen, vore som den eg først hadde forventa meg vekene før me i det heile tatt byrja med sommarjobben - ein read books only dag. Me skulle eigentleg jobba om forfattarane Olaug Nilssen og Ragnar Hovland, men Petter skulle til rådhuset eller kva det no var att, han måtte iallfall stikka. Så då kunne me lesa bøker heile dagen medan Anita vart att for å sjå etter oss, slik at me ikkje fant på noko kødd. Eg trur dagen har vore ganske roleg utover dagen, eg er ikkje noko særleg når det gjeld å observera det som skjer rundt meg når eg er oppslukt av ei bok.

Med andre ord, eg fekk lese ut boka "Få meg på, for faen" skrive av Olaug Nilssen og det verkar som at eg er den einaste i gruppa mi som faktisk LIKTE boka! Det er ein litt skummel tanke, boka er litt sær men på ein måte som eg verkeleg hadde moro å lesa om - eller kanskje boka ganske enkelt ikkje passar for gutar, særleg under atten år? Du er liksom nødt til å ha ein "random" (eng. = tilfeldeg) tankegang, til dømes at du vert lett distrahert av enkle ting i kvardagen men kanskje på ein filosofisk måte. Eg veit no at då eg las om den første personen me møter Maria, så var det som om nokon hadde skrive om meg sjølv, tankegong og oppførsel, heile pakka! Kanskje det var eit viktig ledd for min positive meining om romanen? Eg er akkurat som den personen, og det kjennast så spesielt for meg. Eg trur at nokre personar i LittKrit fekk noko anna enn dei hadde forventa og vart dermed uheldige med berekninga deira.

Så, eg las ut boka og skal gruble over bokmeldinga - eg skal gjere mitt for å forsvara han! But in other news, sidan han no er ferdig lese måtte eg byrja med ei anna bok. Eg kunne ikkje vita at me kom til å lesa så mykje i dag så eg hadde ikkje med ei reserve, men eg fekk låna Anita si utgåve av "Sveve over vatna" av Ragnar Hovland. I går skraut Atle Hansen over denne boka, men første augekast hadde skremt vettet av dei fleste her; tjukkaste pocketen me hadde fått utdelt, innhaldslista minnar meg om den Bibelen har av ei eller anna grunn, omslaget var surrealistisk og fekk meg til å lura om innhaldet såg like uforståeleg ut, og det der ut som at teksten er sett opp i skriftstørelse 8! Oi då.. Men eg har rukke å lesa omtrent 1/3 av boka, og min kommentar er "so far so good" - har ikkje fått panikk enda, eg berre byrjar å like boka. Han minnar meg litt om "Tyl" når det gjelder bygdelivet, sjølv om historia er foreløpig meir konsentrert i Bergen by i denne boka. Eg er litt kjend i Bergen (LITT, for å gjera det klart), og eg kan sjå for meg personane i Brygga når me tek eit døme.

Eg trur ikkje at eg rekker å verta ferdig med denne boka innan pressedagen i morgon, men i det minste får eg ein slags ide om korleis skrivestilen til Hovland er. Kreftene mine byrjar å verta oppbrukt snart, i det minste lamslått. Men det tyder berre at eg sikkert gjer ein god jobb ved å verta litt sliten.

Ingen kommentarer: