07 juli 2006

Og det var det

Siste dagen i dag, og sidan det for det meste er avsluttning, har det ikkje skjedd så mykje i dag, noko som igjen betyr ein noko amputert blog. Det som var opplegget i dag var at vi skulle fylle ut nokon skjema om Nynorsk litteratur og om prosjektet generellt. Må seie at mine haldningar til nynorsk litteratur har endra seg noko i løpet av prosjektet, for det meste sidan eg har fått tak på god nynorsk litteratur og ein sjangs til å lesa den. Litt trist at det er slutt med littkritt, men slik er det jo, og det skal no unekteleg bli godt med ei helg for å ta igjen litt søvn, blant anna. Blir ikkje så mykje daudtid, vel å merke, den 13 stikker eg til USA, så det er ikkje lange kviletida eg får. Ja ja, slik er livet, de har no vore morro lell.


V takker for seg

Ingen kommentarer: