05 juli 2006

No kjem me på nyheitene i avisane!

Med andre ord, i dag var det pressedagen for LittKrit, når media kjem på besøk. Men viktigare var det at to forfattarar møtte opp, Olaug Nilssen og Ragnar Hovland. (ein av dei stod bak meg no medan eg skreiv den setninga, no skulle dei visst reisa att) Som forbereding på besøket skulle me finna ut litt fun facts om Olaug og Ragnar med nokre spørsmål til begge. Eg hadde hatt ansvaret for nedskrivinga av spørsmål og stille dei under dei to siste besøka av Gry Mørk og Atle Hansen, så difor var det rimeleg at Kjell og Are fekk ansvaret for det i dag. Eg trur me fekk ein del til slutt, men eg er ikkje sikker om alle vart stilt då det gjaldt.

Då me hadde matpause og venta på forfattarane så sette eg meg til å teikna i kladdeboka eg alltid har med meg etter eg hadde ete, av ein eller annan grunn får eg inspirasjon i dei underlegaste tidspunkta. Eg fekk lyst til å teikna i realistisk stil denne gongen og teikna eit lite portrett av Olaug med eit bilete av ho i pocketboka si bakside, men etter eg nesten vart ferdig med ho hadde eg ikkje att bly i mech-blyanten. Under pausen hadde første reportaren kome (BT), og det hadde også Olaug - no såg eg kor lik ho var på eine frisøren me har i Samnanger Kate Hege (søstera til typen til søstera mi), og ho er minst like hyggeleg!

Då me byrja inne i andre etasjen, var Olaug den første som prata (me var alle for sjenerte til å seie noko som helst gjennom heile greia, så forfattarane måtte berre bryta stillheten) - ho viste fram andre bøker ho hadde laga, ein av dei var ein samling av essay eller noko sånt med eit ganske morosamt omslag, den skulle vere ein av dei vanskelege å finna der ute. Ho snakka ikkje så mykje om boka alle hadde lest, "Få meg på, for faen", men eg fekk svar på mykje eg og andre hadde lurt på anngåande boka. Og me fekk vite om reaksjonen til nokre personar Olaug hadde møtt etter den omstridte "Alma"- delen som var grovt erotisk, det vart skikkelege reaksjonar etter ho las høgt frå ein del der, oi da... Men til oss las ho i staden høgt om Maria sitt "møte" med Vestlandsrevyen i Bergen ein plass, og ho fortalde til oss seinare at ho hadde møtt same reportar seinare og dei dramatiserte den delen av boka, med Olaug som ein forvirra Maria.

Nestemann var jo sjølvsagt Ragnar Hovland, eller som Petter kalla han, "Mr. Nynorsk". I byrjinga verka han litt nervøs der han sat på pulten, men det er vel forståeleg dersom ein må velge orda med omhu utan heilt å vite kor ein skal byrja. Men etter kvart verka det som han løyste seg opp litt, særleg etter han også las høgt frå si bok. (eg fekk ikkje med heile tittelen, men den hadde noko med alpar å gjere trur eg) Det var morosamt å høyra på utdraget, og særleg dei vaksne høyrte irvig etter det han hadde å seia medan eventuelle som sikkert ikkje følgde med heile vegen konsentrerte seg om Hawaii-skjorta i skarpe fargar han gjekk med. Han fekk ikkje like mykje spørsmål som Olaug fekk, men no har me meir kunnskap om begge i allfall!

I pausen gjekk alle for å få autografen deira eller så vart me intervjua sjølv av nokre aviser. Eg fekk ikkje med meg alle som hadde komen, men det finn du sikkert ut i dei andre sine bloggar. Først fekk eg Ragnar sin, dermed gjekk eg ut for å få Olaug sin for ho sat på benken utanfor med eit par ungdommar rundt seg i tilleg til BT-dama. Eg hadde visst teikningen med meg også sidan eg var nysgjerrig over reaksjonen ho kunne få - det endte med at eg gav han til ho medan me signerte til kvarandre, hahaha! Så morosamt og søtt.. Seinare laga eg ein ny teikning av Maria frå boka hennar basert på utdraget ho las høgt - me får sjå om den kjem opp på denne bloggen før eg avsluttar!

Eg vart også intervjua i dag! Av BT-dama medan eg sat på trappen og åt ein sjokolade. Ho skulle eigentleg berre ha namnet mitt fordi eg kom med på eit bilete ho tok, men det vart til eit lite intervju likevel. Det er underleg kor naturleg ein oppførar seg når du møter ein kjend person eller reportar, men får panikk før og etter. Underleg.

I dag var etter mi meining ein ganske interessant dag, og eg håpar at enkelte meiningar om "Få meg på, for faen" har forandra seg til eit meir positivt syn - for å dømma noko må ein vere ope for alt den har å tilby før ein gjer opp ein kritisk meining.

Ingen kommentarer: