06 juli 2006

Den nest siste dagen hos LittKrit

I dag så er det eigentleg ikkje mykje å fortelja om, og eg har eit kvarter på meg på å summera opp dagen.

I dag hadde me iallfall det kortaste morgonmøtet eg kan hugse! Petter fekk vist ein telefon frå NRK om noko, så me sprang til grupperommet med ein gong. Der skreiv me ferdig bokmeldinga om "Få meg på, for faen" i gruppe 2. Eg tykkjer personleg at boka fortener meir enn ein trear i karakter, eg kjem til å anbefale boka på det varmaste. Men fleirtalet vann, antar eg - og hadde eg skrive 5 i bokmeldinga hadde eg vel vorte sett på som ein diktator i gruppa eller noko, sjølv eg har grenser.

Men uannsett - no er han oppe, i dag var det eg som publiserte bokmeldinga, med illustrasjonen eg teikna i går. Ho såg litt søt ut der, hehe. Me vart ferdig tidlegare enn eg hadde forventa, så me brukte tida på å lesa på noko heilt til me skulle blogga. Eg las vidare på "Sveve over vatna" som eg ikkje har hatt så mykje tid med dei siste dagane. Eg har funne ut at for kvar bok eg har lese til meir erotisk vart ho! Whoa!

Men no er bloggestunden over. Time to go home once more!

Ingen kommentarer: