03 juli 2006

Straum av bevisthet..

Dagen i dag verka som ein litt små-skummel dag, auga mine svidde så grusomt då eg hadde stått opp men ville ikkje gje seg di lenger utover dagen eg hadde komen, det var som eit varsel på noko grusomt som kom til å skje seinare i dag, og med eitt tenkte eg på jobben eg skulle på, LittKrit som eg hadde likt så godt å vera med på sjølv om det var krevande arbeid å jobba med bøker og kjelder, og eg tenkte på at kanskje møtet med forfattaren me skulle høyra på i dag kom til å verta det grufulle auga mine varsla om, Atle Hansen heitte han visst, og det er han som har skrive "Som ein engel", men det bekymra meg litt når gruppa mi satt på rommet me har fått utdelt av Petter og skulle prøva å komma på gode spørsmål som skulle få Atle Hansen sin journalist-hjerne til å knaka skikkeleg etter eit godt svar, men det verka så umoglegt når lufta var så tett som sluken i dusjen vår heime, det var heilt forferdeleg å tenka på at eg ikkje klarte å komma på noko lurt etter dei første fem minutta, så eg prøvde å pressa nokre tankar ut frå underbevistheten til dei andre gruppemedlemmane men fekk nesten berre spørsmål som det var heilt vanleg å komma på, eg vart så ergeleg over å ikkje vera ein maskin som pøste med spørsmål dersom ein hadde skrive "Atle+Hansen+spørsmål" på ein liten lapp og gav han til meg, men så enkelt var pina deg ikkje verda vår til å kunne tillate noko slikt for ein stakkars ungdom utan originale spørsmål til forfattarar på besøk.

Til slutt gav eg opp og nøyde meg med det me hadde på papiret, gjekk ned på møterommet for å samla alle idea gruppane hadde nedskrive på laptopen deira, berre for å få beskjed om å skriva ti nye spørsmål, deretter fekk eg riktignok panikk for å gå gjennom leksa ein gong til ein time til, eg trygla for ein veldig etterlengta lunsjpause og den friheit som kom til å vara i ein halvtime før møtet med Atle Hansen kom til å byrja, og eg kunne lese "Få meg på, for faen" av Olaug Nilssen, ho som såg så ung og blid ut på baksida av pocketen med langt hår skult under ei stripete lue av kvitt og grønt, ho såg så koseleg ut og eg kunne ikkje venta på å få lesa om tankane hennar reflektert i boka medan eg hadde ein lunka Crispos sjokolade i den andre handa. Det kom til å verta ein deilig pause, og den skulle nytast godt.

Klokka vart halv eitt, og eg grudde meg medan eg gjekk inn for å henta spørsmåla til gruppa, henda sveitta som om dei åleine kunne skapa ei elv som førte til ein foss oppi fjella dersom eg hadde vandra langt der oppe i skauen av ein eller annan grunn, og ryggen min knaka ubehageleg og stivt nett som eit par spørsmål eg hadde skrive ned men håpa at eg slapp spørja om, hjartet slo raskare di nermare eg kom trappa som leda til andre etasjen, etasjen der møtet med Atle Hansen skulle vera, nervøsiteten min plaga vettet av meg men det kunne eg ikkje gjera noko med, eg kunne ikkje vita om forfattaren var seriøs eller stiv eller morosam eller sur, det var jo umogleg å vita på førehand for det stod ikkje noko sånt om han på internett, der stod det berre om antal bøker og CDar og ting du finn i biografien til ein person du kunne hatt på norskpensum på vidaregåande, eg kunne ikkje vita noko. Alt eg kunne var å setja meg ned for å høyra på han, kanskje til og med læra noko var eg heldig nok til det før det heile var over og overstått.

Plutseleg såg eg ein skikkelse som først var kjend, så ukjend sidan eg aldri har møtt han før, men så kjend att for meg for klart eg hadde sett han, kanskje ikkje på ordenteleg men i bokutgava eg hadde, då hadde eg jo sjølvsagt sett han før - berre det at no stirra eg faktisk på han i fullt levande live med ein gitar bakpå ryggen, og då kom eg i hug på at han var jo musikar i tilleg til journalist og forfattar så då var det vel ikkje så rart, men eg vart bekymra over at tenk dersom han hadde dårleg temperament og kom til å denga til ein ungdom med gitaren sin dersom han stilte eit dårlegt spørsmål, men sjølvsagt skjer ikkje sånt i røyndommen, det er berre paranoiden min som flyg ikring att som ein del av nervøsiteten min, og då eg såg kor hyggeleg han også eigentleg såg ut utanfor eit svart/kvitt bilete i ei bok jaga eg vekk idiotiske tankar før eg gjekk for å setja meg. Fleire folk kom inn. Alle såg nervøse ut slik eg også var. Me venta spent på kva som kom til å hende no.

Atle Hansen byrja å snakka til publikum, og eg tenkte på kor hyggeleg stemma var å høyra på og kor mykje dagar han må ha brukt på å solt seg i steika ein eller annan plass i eller utanfor Noreg, men eg høyrde likevel etter det han hadde å seie, i byrjinga hadde han komen heilt uforberedt til oss utan aning på kva som kom til å skje, hen han starta enkelt nok med jau då, han var ein forfattar veit du og jau då, han var ein journalist som jobba for Sunnhordaland-avisa og fortsett med ting han hadde lært av den utdanninga han hadde teke, han delte grueleg mykje interessant med oss di varmare han varti trøya og di meir han prata, det einaste kjedelege med det heile var den tette lufta som var i dette rommet også, heile bygningen mangla vel luft no tenkte eg der eg satt og høyrde om Hollywood-knep han brukte i bøkene sine, og alle lo godt då han immiterte ein cliffhanger-scene han hadde sett på MacGyver ein dag på hotellet, han vakla og skreik, veiva med armar og laga "Help me MacGyver!!" replikkar, men han kom likevel til eit lærerikt poeng då det vesle showet var over, cliffhangerar held mottakaren interessert når til dømes eit kapittel er avslutta, og får lesaren til å lesa vidare til neste kapittel sjølv om han kanskje ikkje burde dersom han må opp tidleg neste dag eller noko, eg hadde nesten gløymt eine spørsmålet eg verkeleg trong eit svar på men då eg kom på det hadde akkurat jenta frå Lærdal fått ordet og spurte kvifor han hadde skrive så ekstremt lange setningar i boka me hadde lese, og då svarte han at tankane hans var så overhvelmande, dei kunne nesten ikkje styrast slik dei kom over deg som ei flodbølge, han pla setja seg ned framfor dataen og starta med ei setning, men han sette ikkje kommateikn eller punktum der fordi tankane berre måtte fortsette å strøyma, så han berre skreiv og skreiv di meir han tenkte på dei tankane, skreiv heilt til han var nødt til å stoppa før skrivekrampa angreip, men då han såg over det han hadde skrive på skjermen såg han så mykje, nesten sjokka over alt han hadde i hovudet, og oppdaga til og med tankar han ikkje var klar over han hadde eingong, det var heilt utruleg å tenka på at kanskje kunne eg sjølv skriva slik og kjende meg att i tankefulle situasjonar eg har så altfor ofte, og skjønte dermed kor genialt det faktisk var av han å berre late det strøyma på. Eg vart heilt andpusten! Like andpusten som bloggen eg skreiv no, det gjer faktisk litt vondt i høgre handleddet mitt. Det er best eg gir meg no og lagrar. Slik vart min dag iallfall!

O.o

Ingen kommentarer: