06 juli 2006

Bokmelding av ”Få meg på, for faen”

"Få meg på, for faen" er skrive av Olaug Nilssen, som også vert kalla den nye nynorske dronninga. Ho vart utgitt i 2005 av Det Norske Samlaget, og kritikarar har for det meste gitt ho ros og heider til romanen. Men er han verkeleg noko for alle å elska?

Handlinga er det ikkje berre èi av, men hovudsakleg tre forskjellige historier om tre forskjellige personar som blir knytte saman av eit felles mål – å bli sedd. Boka kan vere litt vanskeleg å forstå på grunn av ein annleis tekstoppsett, i det minste tykkjer nokre av oss det. Men etter kvart som du kjem litt ut i han så byrjar ting å bli klårare, då du skjønnar at alle personane har ein ”kopling” saman.

Boka nemner fleire personar der nokre har fått namn, medan andre er namnlause men har til erstatning fått ein enkel tittel til dømes kven han eller ho er i slekt med. Me tenkjer at boka har tre hovudpersonar som er dei viktigaste i boka, men alle dei tre er på ein personleg måte knytte til butikkeigaren og familiefaren Sebjørn. Lesaren går ikkje ofte inn i tankane hans, han er som oftast observert av den som fortel. Dette gjelder nesten alle bikarakterane, men dei er viktige for at historia skal flyte vidare.

Før me får møte den første hovudpersonen, byrjar heile boka med eit sitat frå ein songtekst av de Lillos sin song ”Ut”:
”Eg vil ut! Eg må ut! Eg skal ut og drikke meg full!”

Det er ein grunn til at akkurat denne linja vart vald som innleiing i romanen, men for å forstå betydningen betre skal me først sjå på dei tre personane sin historie.

Me får først møte Maria, eldste dottera til Sebjørn som ikkje bur med familien sin men i Bergen. Der studerar ho sosiologi, men for å kunne klara seg sjølv må ho jobba som vikar hos eit reingjeringsfirma. Men ho er ikkje fornøgd med jobben sin, for ho vert hersa av sjefen sin og sett ned på av andre som er ansette ved høgskulen eller elevane der. Ho er små lat, men kjem seg på jobben likevel og går gjennom ein trasig arbeidsdag der ho ikkje vert verdsett som eit individ, ho følar seg nesten usynleg når andre passerar ho som luft.

Maria har fått ei oppgåve i sosiologifaget, ho skal beskriva korleis hennar dag som reingjerar er i eit føredrag. Kvar dag drøymer ho seg vekk i dagdraumar om at føredraget skal få andre til å forstå korleis ho lir i jobben sin, og føredraget skal skapa så stor merksemd at media stormar etter henne i dei bergenske gatene heile tida, svoltne etter eit intervju med Maria. Men når ho skal byrje å skrive på datamaskina vert ho alltid distrahert av andre tankar – ho har bestemt seg for å ikkje gå ifrå maskina men sit i ro, sjølv om ho ikkje kjem noko lenger av den grunn med arbeidet hennar og i staden gjer tullete ting på tastaturen. Ho tastar med nasa si, ho brukar forskjellege skrifttypar medan ho gjentek setninga ”Ikkje lov å reise seg”, ho lagar ein båt av forskjellige ord, og ho skriv ”Det er hol i bøtta, kjære sjef” og har laga ei bøtte med hol i og som er laga av orda ”hol”.

Den andre hovudpersonen er jenta Alma på 16 år med ei heilt annleis historie. Ho har aldri vore populær, ho opplevar sin verste hormonalder, og vert særleg påverka når Artur er borti henne med pikken sin på ein fest på ungdomshuset, og dette fører til at heile tilveringa hennar vert snudd på hovudet. Ho fortel om denne episoden til den nest yngste dottera til Sebjørn sjølv om Artur benektar hendinga, men ho tru ikkje noko på dette og fortel det vidare til alle veninnene sine, som fører til at Alma vert mobba på skulen og på bussen heile tida. Alma har eigentleg lyst å verta saman med Artur som ein kjærast, men det vil ikkje han. Når ho får sjansen til det drikk ho alkohol som ein slags trøyst eller berre for å tenke på noko anna, sjølv om brennevinet til mora hennar ikkje var godt for henne å smaka.

Hormona tek overhand, og Alma kjenner seg kåt nesten heile tida. Men ho klarar ikkje gjere så mykje for å få underlivet til å roa seg ned, sjølv om ho tek til å eksperimentere på seksualiteten sin ved å prøva å bruka ulike gjenstandar, som til dømes femkronerullar og ein hammar med skaftet påsmurd med olje. Fantasiane hennar varierar, men dei er like erotiske og handlar om henne saman med forskjellige personar som ellers hadde vore utenkjelege for henne å ha sex med. Mora til Alma finn ut at Alma har ringt til sextelefonar, og då må Alma byrja å jobba på Sebjørn sin butikk for å betala rekninga hennar. Dei er begge snille med kvarandre, men når Sebjørn finn ut at Alma har stole eit pornoblad frå butikken hans seier han ifrå til mora hennar, og ho vert bekymra over Alma og lurar på kva i all verda ho skal gjere med åtferda til dottera si. Alma går til og med så langt at ho truar Artur med å beskylda han for valdtekt dersom han ikkje innrømmer at det som hende på festen var sant, men me får ikkje vite kva han kjem til å gjere.

Den siste hovudpersonen me møter er kona til Sebjørn. Me får aldri vite namnet hennar, ho er berre kjend som ”kona til Asbjørn”. Ho kan bli sedd på som ein god gamaldags husmor, ho tek seg av både hus og familie med åtte ungar. Men Sebjørn er på jobb, borna er blitt vaksne nok til å gå på skule alle saman, og ho har ingenting å gjere på heime som gjev ho ein meiningsfull touch på kvardagen. Familien legg ikkje merke til det ho gjer for dei kvar einaste dag, og ho følar at hennar behov vert ignorerte av dei. Ho har lyst til å gjere noko som skapar meining for ho og andre, men ho får ikkje jobba på Skoddeheimen nepefordeling AS.

Etter kvart byrjar ho å snika seg inn på fabrikken som om ho var ein som allereie jobba der, og ein dag får ho vite at salet går dårleg hos dei og at det kanskje førar til at nokre får sparken. Dersom dette held fram kjem heile fabrikken til å verte nedlagt, og dette vekkjer kona til Sebjørn si trong til å handle. Først rådfører ho seg med den radikale dottera hennar som er sjølv interessert i å forandre verda gjennom organisasjonar. Ho fekk ikkje mykje hjelp, men ho har bestemt seg: ho reiser til Oslo og skal demonstrera mot nedlegging av nepefabrikken ved Stortinget, sjølv om den eigentleg ikkje var så trua som ho innbiller seg. Men når ho kjem til Oslo oppdagar ho att det ikkje er så lett å få folk sin merksemd som ho først trudde, folk flest som passerte trudde at ho var galen. (ein av dei forbipasserande var Kristin Halvorsen) Når ting ser som verst ut for ho, vert ho overraska av heile familien som kjem for å hjelpe til med demonstrasjonen – frå no av vert det plutseleg fart på saker, og dei hamnar på nyheitene på TV både på vestlandet og i aust. Nepefabrikken får PR slik at salet ikkje kjem til å søkke på grunn av dette stuntet, Maria får endeleg verta intervjua slik ho hadde dagdrøymt om, berre at ho fortel om moglegheitene ein får med nepestappe og at det skal komma ein nepestappe ”naturell” i butikkane.

Stadane handlingane tek til er i bygda Skoddeheimen, Bergen og til slutt i vår hovudstad Oslo. Skildringane av stadane er ikkje noko nytt og spesielt – no er nokon på den staden, der hender det så og så, og me er ferdige med det. Miljøet er eigentleg ikkje så sentralt i denne romanen, dette er ein situasjon som kunne hendt kvar som helst og ikkje berre i Skoddeheimen og Bergen. Og det er fullstendig greitt det.

Det forfattaren har konsentrert seg meir om er kva personane opplever i kvardagen, ned til den minste trivielle detalj. Mest av alt legg me merke til dette når me les om Maria og når ho vert distrahert av til dømes mjuke rosiner ho hadde i frukostblandinga hennar i fleire minutt før ho må komma seg til jobben hennar. Ho studerar han verkleg i slike stunder av trance tilstand, og tenkjer:
”- Eg har gløymt at eg sjølv finst, eg ser meg ikkje frå utsida. Eg er ikkje Maria lenger, eller, eg er jo det, men det er noko anna, eg veit ikkje. Eg har ikkje ord for å skildre kva som skjer med meg når eg forsvinn i rosinas mjukskap.”

Maria er den som dagdrøymer mest og får difor dei mest tilfeldige tankane når som helst medan me les, men når kona til Sebjørn er heime åleine tenkjer ho også tilfeldig, men me får mest lesa om når ho spør seg sjølv kva det er ho eigentleg driv med her i livet. Men den mest omstridde personen, og den mest diskuterte delen i heile boka, er utan tvil Alma og hennar lyst som ikkje vert tilfredstilt. Hennar del finn stad etter familien Sebjørn demonstrerte utanfor Stortinget, sjølv om me får lesa om henne mykje tidlegare. Når du les om hennar seksuelle fantasiar om den nest eldste dottera til Sebjørn, om Artur, om Sebjørn og til og med om læraren hennar, vert du flau over hennar vegne og tenkjer ”Stakkars jente..”. Når ho gjer kva som helst for å tilfredsstilla seg sjølv, og når det vert så alvorleg at ho onanerar på jobb eller når ho kjenner at ho kunne ha teke heile vasken på badet opp i underlivet hennar, byrjar ein nesten å le over kor komisk noko sånt kan høyrast ut men tykkjer likevel at det er synd på henne samstundes. Alma er fullstendig hemningslaus, og samstundes minnar ho det norske folket på at unge jenter har like mykje trong for å tilfredsstilla lysta si slik som det vert ofte skildra om gutar på same alder.

Me gjentek sitatet som romanen startar med: ”Eg vil ut! Eg må ut! Eg skal ut og drikke meg full!” Denne setninga beskriv akkurat det alle tre ønskjer: dei vil ut av deira keisame liv, og nyta det verda har å tilby deira ønskjer! Alle vil verta teken på alvor, dei har rett til det som ein del av samfunnet, og dei vil ikkje lenger verta ignorert og plaga. Det ligger også noko i valet på boka sin tittel, ”Få meg på, for faen”: Maria vil Vestlandsrevyen, Alma vil kjønnslivet og kona til Sebjørn vil arbeidslivet. Og dei treng det no! Romanen avsluttar med eit dikt om skuggeborn:
”Epilog for skuggeborn”

”Dei fem dansar mykjeseiande på kjellargolvet.
Ein lem blir lukka over hovudet på dei.
Det blir mørkt.”


Det er vanskeleg å stadfesta kva dette skal tyde, men vår teori er at sjølv om diktet verkar dyster så har han ein positiv meining. Skuggeborna symboliserar dei tre hovudpersonane, og korleis dei var som ein skugge i røyndommen. Når dei dansar lever dei sitt vanlege liv, men vert framleis ikkje lagt merke til av andre i samfunnet på måten dei ønskjer. Men når ein lem blir lukka over hovudet deira hender eit avgjerande vendepunkt, og når alt blir mørkt blanda dei seg inn i samfunnet, like mørk som han er no, og dermed oppnår dei det dei vil – dei blir like mykje sedd som andre, dei vert ikkje ignorerte lenger.

Boka er skrive slik at det i byrjinga er tre forskjellige historier som vert knytte saman til ei raud tråd, men dette kan verte litt innvikla for enkelte lesarar som fort vert forvirra. For å hjelpa dei som ikkje har forstått korleis personane heng saman: Sebjørn er faren til Maria, men Alma er ei veninne av døyttrene til Sebjørn. Denne boka passar best til ungdom, aller mest til dei som ikkje vert så lett støytte av dei sterkt erotiske skildringane til Alma. Me trur at det er mest kvinner som kjem til å like boka på grunn av at det har ei handling og oppsett som er litt feministisk, men med tanke på at forfattaren er sjølv ei kvinne var det litt forventa også.
Illustrasjon av Maria med Vestlandsrevyen, laga av Lisbeth Fanebust.
Av og til verkar boka som om ho skildrar skodespelarar som spelar inn ein film, og kan vera ein anna grunn som forvirrar nokre – du veit aldri når noko som er beskrive i romanen er ein del av personen sin fantasi, og når det er noko som vert opplevd på ordentleg. Døme på dette er når ein reporter frå Vestlandsrevyen rundar hjørnet medan Maria er på veg til jobben i røyndommen, eller når sjefen på nepestappefabrikken stussar litt før han seier at dette vart dumt, går ut døra og kapittelet startar ein gong til, akkurat som under filminnspeling der ein takning må gjerast på nytt att. Dette kan vere positivt eller negativt, avhengig av kor oppmerksam lesaren er.

Olaug Nilssen skil seg sterkt ut av andre forfattarar, ho vågar å vere annleis. Ho skriv med ein leikande stil og det verkar som ho har kasta vekk all stereotypiske reglar for skriving. Det var ekstrem stor ueinigskap i vår gruppe om denne boka, få forstod han og framleis likte han. Boka passar ikkje for heile gruppa vår sine forventningar, nokre meinar at han gjekk for langt i leiken. Etter ein langvarig og heit diskusjon kom me fram til at gjennomsnittet av vår dom vart til ein sterk 3, nesten 4. Boka er som sagt noko som ikkje passar absolutt alle, men ikkje lat det stoppa deg til å sjå etter ho.

Skrive og vurdert av:
Lisbeth Fanebust, Kjell Bjørgum, Are Bjørgum og Bjørnar Skaim Halle

Ingen kommentarer: