03 juli 2006

Atle Hansen var her

Her er fem åpningssetnningar som eg ville ha brukt viss eg skreiv ei bok.
1. Vinden drog i skyene mens sola gjekk langsomt opp.
2. Kva hadde han gjort? hadde det virkeleg skjedd.
3. Mørket la seg langsomt over landskapet.
4. Noko stort kom forbi han "Kva var det?"
5. Det var noko i badekaret, det var illeluktande og vatnet hadde ei raud utvatna farge berre ei kvit hand hang utanfor sjølve karet.

Atle Hansen forfattar av Som ein engel kom på besøk, for og snakke om korleis han skreiv bøkene sine. Han snakte og om oppveksten sin å korleis han blei forfattar og kven han smarbeida med. Han har og skreve å spelt musikk til dikt. Fortfattarskapet hans begynte då ein venn av han hadde fått publisert ei bok, og Atle Hansen meinte boka var elendig og at han kunne bedre, men boka hans blei retunert der sjefen for forlaget sa at han kunne bedre.
Hansen`s første vaksen bok er Saragessa, som er basert på korleis foreldra hans måttes. Hansen har og skreve som sagt Som ein Engel, den er ei god bok som viser korleis det var og være ungdom på 60 tallet før data og mobiltelefon. Tida der Stones og Beatles å Elvis regjerte. Han fortalte og om at han skriv det som fell in i hovuded hans og at han kan ikkje forutsei korleis handlinga blir eller slutten før det er skreve. Til hausten kjem det kanskje ei ny vaksen bok frå han som heiter Det Kvite Pulveret, hm kanskje den handler om narkotika?. Hansen meiner og at dei som skriv ungdoms bøker ikkje greier det, sjølv meiner han at ungdom burde lese vaksen bøker og det seier eg meg einig i.

Kristen Tokvam 8)

Ingen kommentarer: