03 juli 2006

mandag i veke 2 av LITTKRIT!!!!

dagen starta med at eg reiste alt for tidleg heima frå slik at eg blei kjøyrande rundt på vangen og opp i Nyheim. Men eg fekk no god tid til å prøve å hugse kva me skulle gjere i dag, men eg greidde ikkje gjere det så eg måtte vente til det trøytte morgon møte.
På morgon møte sa Petter at me skulle få besøk av Atle Hansen, han som blant anna har skreve Som ein engel. Den boka har eg lest 100 sider av, men eg syntest at den var fryktleg kjedli så eg har ikkje gidda å lese meir i den. Eg byrja heller på Få meg på for faen av Olaug Nilsen, det er litt meir futt i den boka men den er heilt rar!? skjønnar ikkje heilt handlinga i boka men det klarnar vel opp etter kvart??

Etter det berømte morgon møte, tok me til å lage spørsmål til Atle Hansen. Noko som viste seg å vere ganske lett. så når me var ferdige med spørsmåla blei det ein halv time med Olaug Nilsen si bok. Så blei det ein vel fortjent lunsj.

Atle Hansen kom. og me var klare for det me trudde skulle bli nokre lange timar med ein dau kjedleg forfattar, men Hansen viste seg å vere ein morosam kar det. Han las litt i boka og fortalde oss om alt mogleg, og her kan eg ramse opp alt frå MacGyver til ja, you name it he said it!!!! så du kan seie at han var ein prate salig kar :P
men eg trur me lærte mykje av han, iallefall gjorde eg det. han lærte oss om korleis han byrja å skrive som ein engel. Der han hadde berre hatt ein "stream of consiousness" og berre skreve ned alt som datt ned i hove hans. og dette skulle han byrje teksten i som ein engel med. (dette visste han ikkje då han gjorde dette men det blei no slik)

Dette har Petter latt seg innspirere av slik at me skal skrive ned 5 "byrjingar på ei bok"

1. HJELP, HJELP!!!!! gaula Anna
2. Klokka tikka og gjekk mot 0!!!
3. Eg elskar jo deg, for faen
4. hallo, HALLO
5. Pass deg no ellers får du deg ein på tryne!!!

Men i morgon skal visst jobbe med boka til Olaug N, så eg satsar på å bli ferdig med den til i morgon.

Men no har eg ikkje meir på hjerte så no trur eg atte eg vil avslutta

Me praikast kara (og dame) :p

Ingen kommentarer: