04 juli 2006

Dette er ikkje ein vittig tittel

Då hadde vi begge beina godt planta i siste veka på jobb, stå opp om morran, ittno problem, vel nesten ikkje. Dagen i dag gjekk med til lesing, og eg nytta sjansen til å lese ferdig Bikubesong. Ganske bra bok, nesten meir ei novellesamling enn ein roman, men ganske god uansett. Har eigentleg eit litt småtrøblete førehald til novellesamlingar, men det kan jo ha noko med at eg har lest og, til ei viss grad, skreve ein god del dårlege noveller i mi tid. Denne boka, vel å merke, handterer den novelleaktige stilen særs godt. Så klart, nokon kapittel, eller noveller om du heller vil kalle det for det, er meir spennande eller morosame enn andre, men dette varierer nok litt frå person til person, og ingen av kapitela er direkte dårlige, så vidt eg ser.

Etter at eg hadde gjort meg ferdig med Bikubesong byrja eg på ei bok som heit Skråninga, av Carl Frode Tiller. Denne boka har så langt hatt ein veldig unik skrive- og forteljarstil, det blir nesten som eit Essay, og dei valdsame hoppa i tid og stad krevjar at du følgjer med, spesielt sidan det ikkje alltid blir sponsa så mykje som eit linjeskift eller eit punktum for å skilje ein hending frå ein annan. Slik gir boka eit sterkt inntrykk av å vere ein konstant tankestrøm, mykje som det Atle Hansen produserar, med unntak av at setningane er ganske korte. Dette gjer ikkje språket så monotont som ein skulle tru det skulle, men gir heller teksten ein atmosfære av forvirring, at ting ikkje alltid heng så godt saman som ein skulle ønskje. Slik blir vi også gjennom oppbygginga dradd inn i den hittil namnlause hovudpersonen si forvirra og forskremde verd. Skal nok sjå om eg får lest ut denne boka innan eit par dagar også.

Dessutan overraskar det meg at eg ikkje er blitt det minste lei av å lese, men eg trur eg berre skal ta det som eit teikn på at eg trivst i denne jobben.


V

Ingen kommentarer: