I dag har me vert i full konsentrasjon heile dagen. Eg fekk lese heile boka til Olaug Nilssen, ”få meg på, for faen”. Dette var ei ganske så innvikla bok. Oppsettet i boka var ganske rotete, som gjorde til at lesinga gjekk litt seinare enn vanlig. Men det blir sikkert litt lettare å forstå boka etter me har fått snakka med Olaug Nilssen som kjem i morgon. Etter at alle på gruppa hadde lest ferdig boka, starta me på ein ny bokmelding. Den kom me ganske godt i gang med, men sidan boka var vanskeleg å forstå, skreiv me berre ned det me var sikre på.
I morgon får me også besøk av Ragnar Hovland, i tillegg til at pressa kjem på besøk. Det blir sikkert ein kjekk dag. Fyrste delen av dagen skal me bruka til å forbereda oss til alt som skal skje etter lunsj. Det blir sikkert ein ganske travel dag. Eg er ganske så nysgjerrig på korleis dagen i morgon blir, håpar me får svar vertfall på dei tinga me lurer på;)
Det blir også mitt fyrste møtet med ein forfattar her, sidan eg var vekke i siste halvdel av dagen i går, då Atle Hansen var her.
I heile dag har eg vert på grupperommet, fordi der var det kjølig og då meinar eg det er lettare å halde konsentrasjonen oppe. Men i morgon kjem me nok til vera litt over alt.
Ferdig med denne dagen, og klar for ny dag i morgon;)
Snakkast:)
04 juli 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar