03 juli 2006

Der var den siste veka i gong!

I dag så starta me med morgonmøtet som vanleg, med ei oppsummering av kva som skal skje framover. Etter eit kvarters tid, så reiste me i gruppene for å laga spørsmål til Atle Hansen. Han skal komme på besøk her i dag. Ei av bøkene me fekk utdelt då me starta jobben var, som ein engel, den er skriven av nettopp Atle Hansen, derfor skal han komme hit i dag.
Dessverre får ikkje eg møta han, fordi eg reiser vekk halve dagen. Men all den tida me fekk i formiddag til å finna ut om han hjelpte ein del, og gjorde til at eg fekk mykje innsikt i kven han var.

Siste delen før lunsj brukte me til å vere samla heile gjengen, og fekk samla all den informasjonen me hadde brukt ein og ein halv time på å finna om han og laga spørsmål til han. Eg føler at dette var ein kjempe god metode for å forberede seg til at me får besøk av ein forfattar. Håpar møtet med Atle Hansen blir vellukka:)

Gledar meg til ein ny dag!

Ingen kommentarer: