05 juli 2006

Hyllest av Olaug Nillsen og Ragnar Hovland

I dag må eg kanskje ta tilbake litt av det eg skreiv i går, eg var kanskje litt i det strengaste laget med boka til Olaug Nilssen. Men det gjer eg ikkje, sjølv om både Petter og fleire andre hadde eit poeng på morgensmøtet, endrar eg ikkje meining om boka. Men Olaug Nilssen gjorde eit godt inntrykk når me møtte ho seinare på dagen, saman med Ragnar Hovland Mr Nynorsk som mange seier.

Men i dag hadde me eit lang morgensmøte, truleg da lengsta me ha hatt og kjem til å ha, me diskuterte lenge om kva kriteriar me skal bruke når me anmelder bøker. Petter meinte at me ikkje kunne kritisera ei bok vist me ikkje skjønte poenget me boka, noke som er greit nok. Eg innrømmer at eg ikkje skjønte heilt boka frå Olaug Nilssen og korleis boka var bygd opp og hang saman. Men etter at me hadde møtet og eg skjønte meir av boka, blir ikkje boka betre av det. Eg syns boka enda ikkje var noko særlig betre. Men eg innrømmer at eg til vanleg ikkje leser sånne bøker og vist eg ikkje hadde vore på jobb, hadde eg nok kaste boka vegg i mellom som han Kjell sa. Og at andre folk syns boka er bra, har ikkje eg noke imot og eg skjønner at kanskje eg har eit for lite syn på andre sjangrar og bøker.


Nok om da, etter møtet gjekk me saman i gruppene å laga spørsmål til forfattarane, dette er ikkje like utfordrande som før siden me har gjort det noken gonger før.

Olaug Nilssen og Ragnar Hovland kom saman med pressekorps, (BT, NRK, Hordaland?og kanskje noken fleire) ordføraren og bankdirektøren kom og. Forfattarane snakka om litt alt og leste noken utdrag frå bøkene sine. Må innrømme at eine boka til Ragnar Hovland høyrdes særs intressant ut. Så begynnte me å stille spørsmål til forfattarane og eg må seie at dei svarte veldig bra. Så var det tid for intervju fra forskjellige aviser og radio, vart intervjua fleire gonger mens sniken Håvard sneik seg unna utan å bli intervjua ein gong, (skamme seg). Snakka og me ordføraren, han hadde mykje morosamt å seia, tilslutt blogga me. Har hatt ein kjekke dag med ganske mykje avslapping. so i måro blir da jobbing med Få meg på, for faen, reknar med ein bra bokanmeldeldese dar:D

han Petter i humør:
Rogalandsbanken (Bagalandsronken)er da rett?
Petter var tydlegvis letta og i godt humør etter at alt gjekk so bra når pressen var her:P

Ingen kommentarer: